Flyprat


Go Back   Flyprat > TripReports
Register Cookies FAQ Community Calendar Today's Posts Search

Notices

Reply
 
Thread Tools Display Modes
Old 07-08-2011, 01:45   #1
AndersE
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
SAS Til Chicago med Optiontown

Dette er nok ei reise ganske mange her på forumet har tatt, men eg skreiv ein TR likevel.

Ein jobbtur gjorde at eg skulle til Chicago i juni, og saman med ein kollega vart det bestilt billettar i economy extra via København. Eg har aldri før prøvd Optiontown, men etter å ha lest mykje god info om det her på forumet, prøvde eg og kollegaen oss. Etter ein månad med notorisk sjekking på Expertflyer (og stadig nye femdagers prøveperiodar med stadig meir kreative brukarnamn og mailadresser) kom mailen som gratulerte oss med oppgradering på utreisa tre dagar før avreise. Lukka var stor, og no skulle reisa nytast til det fulle.

17. Juni
OSL-CPH, SK1467, LN-TUL, 737-700, sete 1F
CPH-ORD, SK943, LN-RKG, 340-300, sete 1A

Vi møtte opp to timar før avreise på OSL, og fekk levert alt. Riktignok spurte ho i skranken om fyrste overnattingsadresse, men etter å ha påpeika at eg hadde oppgitt den to gongar per telefon allereie, fann ho den til slutt i det "o store systemet".

Fast track har nok aldri hatt mindre kø (sidan den var ikkje-eksisterande), og etter å ha hamstra snus bar det opp i Scandinavian Lounge. Deilig med litt mat og øl, sjølv om det verkar som enkelte tykkjer det er hyggjeleg å snakke høgt og støyande i telefon der inne.

Vi bevegde oss etterkvart vidare, og boarda frå gate 46. Det verka som flyet var heilt fullt. Push back blei ti minutt etter oppsett tid, utan at vi fekk hetetokter av den grunn. Ein begredeleg pasta- og roastbiffsalat vart server. Ei øl og ein kaffi vart høgdepunktet på denne turen. Det var noko antydning til risting på veg opp, men turen gjekk nedover langs svenskekysten i 30 000 fot I fin stil. Etter det eg forstod, landa vi frå nord, på ei rullebane eg ikkje ein gong er i nærleiken av å lunne identifisere.



Det vart remote parking i CPH på D4, og vi kom oss ganske kjapt til Scandinavian Lounge også her.



Dette var mitt fyrste besøk her, og det var absolutt gledeleg. Ganske mykje folk der ein fredags ettermiddag, men vi sat oss ved vinduet som vendar mot avgangshallen. Mat-, øl- og Gammel Dansk-utvalet var meget tilfredsstillande. Det samme var 340-modellen som er utstilt, den skal byttast ut med sofaen i stova heime, om kona går med på dét.



Passkontrollen var vi redde kom til å bli krevjande, men det viste seg at køa besto av asiatar som nok skulle med Tokyo-flighten som gjekk samstundes som vår. Vi gjekk igjennom EEA-linja på to minutt, og var klare ved gate C28 i god tid.



Vi blei gratulert av den eine gaterepresentanten, som var imponert over visumet vårt - som visst vara i fem år. Det burde vere nok for vårt vekesopphald, tenkte vi, og sat oss rett ved brua. Dei priveligerte, som vi var etter Optiontown-Jesus si hjelp, fekk gå ombord fyrst, og vi fann 1 A og B.







Der fekk vi heldigvis champagne, men inga hjelp med jakkene, og ei heller tiltale ved namn. Men men, det overlever eg.



Business var heilt full, sjølv om det på Expertflyer tre dagar før såg ut til å vere veldig tomt. Det er kanskje slik det skal vere? Ein tur bakover i kabinen indikerte også stappfullt fly. Vi pusha 20 minutt etter tid, på grunn av ein laste-lift-som hadde sagt takk for seg og måtte bli skifta med ein ny. Avgangen var mot sør, og etter ei lita runde gjekk det over Jylland, sør for Kristiansand og cirka over Stavanger.






Maten kom så, med ein stilig meny og enda stiligare SAS-kokkar. Eg valde lam til hovudrett, og hadde store forhåpningar. Forretten kom, grundig plastinnpakka, med ein daud salat og eit slags kjøt eg ikkje forsto poenget med. Så kom lammet med couscous, og det var ikkje så veldig interessant det heller. Mykje feitt og lite smak er vel opsummeringa. Pinot Noiren som følgde med var hovedattraksjonen. Desserten var ei heilt ok kake, og kaffi og konjakk runda av det heile.










Eg meinar matserveringa til SAS var veldig mediocer, i alle fall sammanligna med mitt (noko spinkle) samanlikningsgrunnlag, som er fire flightar med Thai i business.

Etter litt TR-skriving gjekk eg over til å sjå film og leske ganen. Utvalet syns eg er bra, men skjermane (i alle fall på fyrste rad) er, som mange andre her har påpeika, langt under standard. Det vart også spanande å teste headsettet til SAS, sidan det sat ein amerikanar på 1D som snokra som eit drag race (han greidde også å sovne før take off, så han var proff).



Turen gjekk fort over Island, tuppen av Grønland og Canada. Frukost vart servert, eit smørbrd som eg hadde gleda meg til. Eg vart dessverre skuffa, men det kan ha hatt noko med tida på døgnet å gjere. Den siste tida gjekk med til å følgje med på skjerm og vindu, før vi landa veldig greit på O’Hare, og taksa ein veldig kort tur.



Vi kom oss godt fram I køa til immigration, og det vanskelegaste spørsmålet eg fekk der, var om eg hadde ein eller annan allergi. Årsaken var snusleppa, som officeren tydelegvis ikkje var van med.

Bagasjen kom kjapt og greit, og vi tok ein taxi inn til South Loop Hotel, som låg litt sør for dei mest hektiske gatene i byen.

Bilder frå Chicago








Last edited by AndersE; 08-08-2011 at 10:03.
AndersE is offline   Reply With Quote
Old 07-08-2011, 01:46   #2
AndersE
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
Default Re: Til Chicago med Optiontown

Del 2

Retur
ORD-ARN, SE-REE A330, sete 6A
ARN-OSL, Ukjent reg (MD-81/82), sete 1A

Etter ei veke med jobb og moro i Chicago, var det greit å starte på heimturen. Optiontown-oppgraderinga gjekk igjennom på nytt, og denne gong hadde eg endå mindre tru på at det skulle gå. Men vi takka og bukka – og pakka.

Med avgang 1625 var det heilt perfekt å reise ut til verdas tredje største flyplass 3,5 time før avgang. Vi reiste frå South Loop Hotel med ein vanleg taxi. Med litt kø på motorvegen tok det 45 minutt frå start til mål. Innsjekkingsområdet var heilt tom, så eg vart litt vonbroten fordi eg verken fekk bruke businessbilletten eller gullkortet akkurat her.





Terminalen var elles litt skuffande. Liten og innestengt var den, med ei massiv kø for security. Vi stilte oss i køa kor militære som skulle sendast skulle stå i, men ei dame frå taxfrebutikken kom og sa vi måtte få noko frå flyselskapet til å føre oss til Fast Track. Vi gjekk tilbake til SAS-skranken og ba om dette, men det nekta vedkommande, så vi gjekk og stilte oss i køa utan nokon vennleg hjelpar. Det viste seg kjapt at det ikkje hadde noko å bety. Linjene ved sidan av oss i FAST track gjekk like raskt, og etter den innleiande sjekken vart alle likestilte i det same håplause systemet. At verdas tredje største flyplass berre har fem-seks screeningmaskiner, er mildt sagt overraskande, syns eg.

Vi kom oss til slutt igjennom, og fann den vesle SAS-loungen. Den var heilt fin, og med rimeleg god utsikt, heilt til ein United 747 kom heilt opp i trynet på oss. Vi boarda litt etter at dei åpna dørene, og fann oss godt til rette på 6 A og B.









Den obligatoriske innleiiande prosedyra gjekk fint, og denne gongen vart jakka mi henta av ein av steward’ane. Vi pusha nokolune på tid, men vart holdt tilbake i rundt 20 minutt. Det gjorde meg ingenting, for her var det spanande trafikk å sjå på. Vi kom oss etterkvart fint opp og av garde, og ”showet” kunne starte.







Dette var same kveld som midtsommarsafton (trur eg), så serveringa var litt inspirert av dette. Til forrett var det svenske-sild, om gjekk fint ned, sjølv om eg ikkje er nokon stor fan av slaget. Litt akevitt (trur eg), hjalp imidlertid til. Etterkvart kom hovudretten, som var ein god biff. Desserten var jordbær, så dermed konkluderte eg med at måltidet var veldig bra.







Turen gjekk veldig smooth føre seg, og eg registrerte at det var fire-fem ledige seter i business på denne flighten. Eg var ikkje så interessert i å sove, så eg valde å sjå tv-seriar på PC’en framfor PTV’en. Til slutt sovna eg, og frukosten sov eg igjennom.





Vi landa etter det eg hugsar på tid i Stockholm, og fekk samtidig beskjed om at alle som skulle til Oslo måtte oppsøke transfer-desken. Vi tykte det var merkjeleg, men gjorde som vi fekk beskjed om. Det viste seg at flighten vi skulle ta hadde skifta maskin, og at fleire måtte vente på neste. Vi tok det som menn, med ein voucher på 250 euro som motivasjon. Det var berre snakk om ein time ekstra. Det gjekk eg i loungen og feira med litt sprudlevatn.

Då det nærma seg avgang for siste leg, gjekk vi nærmast bevisste mot gate og sat oss på fyrste rad. Eg sovna rett etter avgang, og vakna ikkje før etter landing i Oslo. Men alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

Kofferten min kom med ei skikkeleg flenge, så eg gjekk innom SAS (SGS?) og fekk ein ny opp i handa. Veldig grei ordning. Flybussen inn til byen, og rett i seng.

Alt i alt, veldig kjekt å prøve SAS’ business, men eg syns Thai var betre. Og det freistar sjølvsagt å prøve andre selskap!
AndersE is offline   Reply With Quote
Old 07-08-2011, 02:42   #3
AirbusTrond
ScanFlyer Mile High Club
 
AirbusTrond's Avatar
 
Join Date: May 2006
Location: Gamlebyen, Oslo
Posts: 7,512
Default Re: Til Chicago med Optiontown

Takk, begynner å bli en del av disse rapportene nå, men stadig er det interssant. Ikke minst maten! Lammet på utreise så direkte tragisk ut :-( Sild virker veldig dristig, men desto tøffere, og biffen så bra ut! Artig for oss lesere med både oppturer og nedturer. :-D
AirbusTrond is offline   Reply With Quote
Old 07-08-2011, 03:21   #4
Bizflyer
FinalCall.travel/no
 
Bizflyer's Avatar
 
Join Date: Sep 2004
Location: Kristiansand
Posts: 11,309
Default Re: Til Chicago med Optiontown

Dette var ein framifrå rapport frå deg!
Menyen var ikkje mykje å skryte av, det må eg seie meg samde i. Men nå er ikkje Thai sine meny særleg mykje meir å rope hurra-meg-rundt for. Eg meinar at uansett er hovudrettane for vesle. Det er ikkje nok mat for ein vaksen mann. Biffen så god ut, men med berre ei potet er det ikkje særleg svær porsjon. Og sjølve om maten er oppvarma i veslebylgjeomnen, blir det aldrig heilt toppers. Menyen på utreisa var dog under ein kvar kritikk. Kvifor forstend ikkje flygselskapa at biff alltid er ein slagar! Tilapia, lam med fett og unghøne med ris gjer ikkje alle nøgde. Sild på returen hadde fått meg til å ta ein ekstra akevitt i staden for å eta den ekle fisken!
Smørbrødet med reker og egg så jo godt ut. Du kallar det frukost, men det er vel heller et ettermiddagsmåltid ettersom flighten landar vel om kvelden og ikkje om morgonen?

Men ein fin rapport. Morosamt å se at opiniontown virkar ei gang i mellom. Kor mykje måtte de betale for upgraderinga?

BF
__________________
Siden 010106

There is only one way of flying! In Businessclass Åff kårs!

Last edited by Bizflyer; 07-08-2011 at 03:24.
Bizflyer is offline   Reply With Quote
Old 07-08-2011, 03:30   #5
Hpkris
Front section flyer
 
Hpkris's Avatar
 
Join Date: Nov 2009
Location: Pattaya/Sarpsborg
Posts: 2,463
Default Re: Til Chicago med Optiontown

Fin rapport
Men skjønner her at det er veldig varierende kvalitet på maten til SK på IC.
Blir jo iallefall fristet av alle disse tr'ene som blir lagt ut her
Hpkris is offline   Reply With Quote
Old 07-08-2011, 09:24   #6
Someone
ScanFlyer Inventory

Global Moderator
 
Someone's Avatar
 
Join Date: Jan 2006
Location: Hvalstad
Posts: 67,435
Default Re: Til Chicago med Optiontown

Flott rapport.

Enig at det lammet så noe stusselig ut. Selv er jeg svært glad i lam, men føler det ikke gjør seg i luften og blir lett tørt og seigt dessverre
__________________
Upcoming flights - JUN: OSL-TRD-OSL (SK) JUL: OSL-ZRH (SK) SEP: OSL-BGY (DY) OCT: MXP-OSL (SK)
Since 1/1/2006
Someone is online now   Reply With Quote
Old 07-08-2011, 10:40   #7
PH-BXA
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Mar 2009
Location: Litt overalt
Posts: 143
Default Re: Til Chicago med Optiontown

FANTASTISK med en rapport på nynorsk!
PH-BXA is offline   Reply With Quote
Old 07-08-2011, 15:18   #8
Discus
ScanFlyer Inventory

Galley Slave
Global Moderator
 
Discus's Avatar
 
Join Date: Apr 2008
Posts: 26,725
Default Re: Til Chicago med Optiontown

Takk for en flott rapport. Selv om det er andre rapporter med SAS i diverse klasser er det aldri feil med en til for å forbedre statistikken.
__________________

________________________________________
An airport runway is the most important Main Street in any town. (Norman Crabtree, Former Director, Ohio Department of Transportation)
Discus is offline   Reply With Quote
Old 07-08-2011, 15:21   #9
HS-TLD
ScanFlyer Silver
 
HS-TLD's Avatar
 
Join Date: Jul 2009
Location: Røyken, Buskerud
Posts: 670
Default Re: Til Chicago med Optiontown

Takk for fin rapport Enig med de fleste i at det lammet ikke så helt bra ut...
__________________


Upcoming: OSL-FRA, LH C FRA-DEL, LH F DEL-BKK, TG C BKK-HND, TG F HND-FRA, LH F FRA-OSL, LH C
HS-TLD is offline   Reply With Quote
Old 07-08-2011, 15:43   #10
pgaa
ScanFlyer Molded
 
Join Date: Sep 2007
Location: Oslo
Posts: 2,540
Default Re: Til Chicago med Optiontown

Fin rapport dette
__________________
Hjemme bra - borte best / You'll Never Walk Alone
pgaa is offline   Reply With Quote
Old 08-08-2011, 06:57   #11
MountainDew
ScanFlyer Rusty
 
MountainDew's Avatar
 
Join Date: Sep 2004
Posts: 5,934
Default Re: Til Chicago med Optiontown

Takk for rapporten

Tror de har alltid lastet en del ekstra mat, så er man ikke fornøyd er det lov å spørre om noe annet (tenkte da på lammet)
Har selv gjort det på United (business & economy) og fått et annet alternativ.
MountainDew is offline   Reply With Quote
Old 08-08-2011, 10:05   #12
AndersE
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
Default Re: Til Chicago med Optiontown

Takk for tilbakemeldingane!


Quote:
Originally Posted by Bizflyer View Post
Men ein fin rapport. Morosamt å se at opiniontown virkar ei gang i mellom. Kor mykje måtte de betale for upgraderinga?

BF
Vi betalte 150 euro per mann per leg. Syns det er verdt det på alle måtar!
AndersE is offline   Reply With Quote
Old 08-08-2011, 10:35   #13
Flybird
ScanFlyer Blue
 
Flybird's Avatar
 
Join Date: Aug 2009
Location: Oslo
Posts: 118
Default Re: Til Chicago med Optiontown

Flott rapport dette her! Biffen på returen såg slett ikkje værst ut
__________________
Flybird is offline   Reply With Quote
Old 13-09-2011, 11:08   #14
LNv22
ScanFlyer Gold
 
LNv22's Avatar
 
Join Date: Feb 2009
Location: Oslo, Homansbyen
Posts: 1,930
Default Re: Til Chicago med Optiontown

Takk for en flott rapport!

Lammet så, som andre også sier, tragisk ut. Deler din erfaring om at maten i TG C klasse er noen hakk over dette.

Og, herlig med nynorsk! Takk for det
__________________
Next up:
Mye moro!
-
Star Alliance Gold / One World Sapphire
LNv22 is offline   Reply With Quote
Reply


Posting Rules
You may not post new threads
You may not post replies
You may not post attachments
You may not edit your posts

BB code is On
Smilies are On
[IMG] code is On
HTML code is Off

Forum Jump

Similar Threads
Thread Thread Starter Forum Replies Last Post
Finnair med sommerute til Chicago Someone Flyforum 1 13-11-2014 10:48
Trenger litt hjelp her med Blue1 og poengopptjening med Optiontown Hpkris Reiseforum 6 10-06-2011 11:18
optiontown og upgrade med SAS til Newark hellbilly Reiseforum 8 25-11-2010 14:21
Oppgrader til Business Class med Optiontown FlightDeck Reiseforum 0 29-01-2010 17:05
Supertilbud med Eurobonus til Chicago Someone Reiseforum 26 08-12-2009 08:14


All times are GMT +2. The time now is 21:36.


Feedback Buttons provided by Advanced Post Thanks / Like (Lite) - vBulletin Mods & Addons Copyright © 2025 DragonByte Technologies Ltd.
Copyright Foreningen Flyprat, Scanair og bidragsytere. Enkelte ikoner fra Famfamfam CC-BY.