Flyprat


Go Back   Flyprat > TripReports
Register Cookies FAQ Community Calendar Today's Posts Search

Notices

 
 
Thread Tools Display Modes
Prev Previous Post   Next Post Next
Old 26-12-2010, 17:53   #1
zico77
Developer
 
zico77's Avatar
 
Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,954
Default Trondheim-Oslo-Lisboa-Rio De Janeiro-Fortaleza-Lisboa-Oslo-Trondheim

Etter omsider å ha fått tid til å håndtere bilder og tekst etter ferien vår, har eg også fått snekra ein turrapport til dere

TRD-OSL-LIS-GIG-FOR-LIS-OSL-TRD

16/11-2010
Det starta kl 0730, med frokost og fullføring av bagasjepakkinga. Taxisjåføren overtalte meg lett til å ta drosjen heile veien til TRD, istaden for til flybussen. Godt valg, god start. Fekk sjekka inn våre 2 kolli like fram til GIG. Takker *alliansen for der :-) Då var det å kose seg med ein kopp kaffi før avgang på gate.



Tilslutt ankom LN-RPM som skulle ta oss til OSL.



Og dessverre hadde eg ikkje lært - eg valgte sete 7AB, kor det er eit halvt vindu. Det blei DN og Dagbladet på den turen istadenfor utsikt -dog ein av få flighter på denne turen som besto knyttnevetesten.....



-også for reisepartneren min -som forøvrig sjelden har plassproblemer


Me fekk undersøkt innholdet i alle butikkane på innland OSL, og gjekk over på utland etter å ha møtte resten av reisefølget som ankom frå BGO. Ettersom den møtande hadde tukla med den organiserte pre-seatinga, fekk eg først ein 15 minutt ventetur hos SK som dessverre ikkje kunne hjelpa, men fekk ordna det på gate etterkvart. Så kom CS-TNI, A320, som skulle ta oss til LIS.



TAP skulle visa seg å vera rett så bra. Tok litt tid før serveringa kom i reidarklassen, men maten var god. Spicey chicken, pastasalat og krydderkake -og eg fekk utlevert pils når eg ville, men eg måtte spør etter.



LIS møtte oss med obligatorisk immigrasjon samt security før transfer. Vel oppe i terminalens shoppingarena, fann me oss plass å sitte. Det blei 1 guiness og god kaffi på meg frå "Cockpit", samt nokre kule Hugosko og ei matchande t-skjorte frå Gant. På tur ut til gate var det gjennom ny immigrasjon, og der gjekk me like forbi heile "all"-køen i eu-køen, og bort til den ventande CS-TOO, A330. Eg hadde håpa på ein rask servering slik at eg kunne få sove så lenge som råd på denne 9.5 timar flighten, men roen lot seg vente på. Personlig utstyr var vel sånn passe i vår klasse, men greit nok for ein soveflight. Dog setene var harde!



Det gjekk vel nærare 3 timar før lyset blei slukka, etter servering og salg.



Blir vel slik når ein reiser på økonomiklasse. Middagen var ikkje så verst, men eg gjorde det kjapt unna -ikkje noko gourmet med andre ord. Etter å ha forsøkt nokre timar med soving, gav eg opp ei lita stund før frokost. Å sove i reidarklasse er skikkelig ubehagelig! Etter å ha slumra ei stund, var kroppen så nummen at eg ikkje kunne sitteligga lengre, så då måtte eg spasera. Lett å gi opp når det var slik. Frokosten var av det tørre slaget, og ingen vinner i konkurransen. Bildet blei sensurert... ;-) (evt. gløymt).

Det nærma seg Rio De Janeiro ankomst, og der.... nei der! startar Rio ...



Me landa omsider, faktisk på rute, etter 20 min forseinking ut frå LIS. Først fekk buisnessklasse sleppe ut, dernest oss øvrige. Etter ein runde med venting i immigrasjonskøen, var det ny kø for bagasje. Me fekk tilslutt bagasjen vår, og "på eigenhånd" i ein by som Rio, kan by på både den eine og den andre utfordringa. Etter å ha undersøkt transportmoglegheitane, enda me opp på ein aldeles sliten buss, som brukte i nærheten av 2 timar til hotellet vårt på Copacabana-stranda.



Lokal kunst like ved hotellet.....


utsikt frå hotellrommet (Copacabana)


ustikt frå takterrassen på hotellet (Ipanema-stranda skjuler seg lengst framme)


Eitt av våre 2 rom var klare så tidleg, så me tok inn der, tok ein rask dusj, og kom oss på tur. Planen var å komme seg til Jesus-statuen, men lågt skydekke satte ein stoppar for det, men alternativet, Den botaniske hagen var også ei flott oppleving.

Dyreliv....


Planteliv.....



-kan vel påstå det er noko større dimensjonar i slike tropiske områder enn i den norske skogheimen....

Statuen blei re-skedulert til laurdagen.

Tilbake på hotellet fekk me oss ein tidleg middag, og slokna fort etterpå, pga det store underskuddet på søvn frå reisa. Torsdagen brukte me på det nasjonalhistoriske museet, og ellers bare ingenting.

Gammeldags transportmiddel i Brasil


Fredag starta med ikkje mindre enn 5 timars "juleshopping" på Riosul. Kjøpesenter med 400 butikker Før kvelden blei avslutta med grilling -me var sikre på det skulle foregå på "Sugar loaf" (Sukkertoppen -forøvrig avbilda på bildet med Copacabana, lengst til venstre), men i ein større skuffelse skjønte me at det ikkje stemte -men maten var god.
__________________
Håvard
Mine bilder på Airpics

zico77 is offline   Reply With Quote
 


Posting Rules
You may not post new threads
You may not post replies
You may not post attachments
You may not edit your posts

BB code is On
Smilies are On
[IMG] code is On
HTML code is Off

Forum Jump

Similar Threads
Thread Thread Starter Forum Replies Last Post
Norwegian Lisboa-Oslo. Hvorfor du aldri må finne på å fly fra terminal 2 i Lisboa.. OttoL TripReports 12 09-06-2015 07:29
Trondheim-Frankfurt-Barcelona-Alicante-Madrid-København-Oslo-Trondheim Novair TripReports 19 07-02-2012 21:02
Oslo-Lisboa-Frankfurt-Oslo FlightDeck TripReports 20 23-03-2011 17:33
Oslo - Lisboa AirbusTrond TripReports 10 11-07-2006 16:02
Lisboa - Oslo AirbusTrond TripReports 4 11-07-2006 08:23


All times are GMT +2. The time now is 16:31.


Feedback Buttons provided by Advanced Post Thanks / Like (Lite) - vBulletin Mods & Addons Copyright © 2025 DragonByte Technologies Ltd.
Copyright Foreningen Flyprat, Scanair og bidragsytere. Enkelte ikoner fra Famfamfam CC-BY.