Flyprat


Go Back   Flyprat > TripReports
Register Cookies FAQ Community Calendar Today's Posts Search

Notices

Reply
 
Thread Tools Display Modes
Old 27-08-2010, 20:11   #1
AndersE
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
Lufthansa Til Afrika med LH, SAA og ET

Eg hadde nyleg ein jobbtur til Malawis hovudstad Lilongwe, og fikk lyst å skrive ein rapport. Sidan dette var mine fyrste long-haul turar, fyrste med 747 og 340, tenkte eg det kunne vere greitt å skrive min fyrste tripreport også!

Mitt flytekniske nivå er ikkje spesielt høgt, men det får gå! Bilda er dessutan frå kamera og mobil, og dermed av varierande kvalitet.

Reiseruta var slik: OSL-FRA-JNB-LLW. Returen gjekk slik: LLW-ADD-FRA-OSL

OSL-FRA, 7. august, 18.55, Lufthansa 320-200, D-AIQC "Zwickau"

Eg kom til OSL eit par timar før avgang, og møtte dei to andre i reisefølget. Vi valde å sjekke inn i skranken, og fekk etter tre minutt i kø sendt bagasjen heile vegen. Imidlertid fekk beskjed om at vi måtte få våre boardingpass i Johannesburg for siste strekning.

Eg tenkte ikkje vidare over det. Vi kom gjennom tryggleikskontrollen på fem minutt, fylte opp med snus i taxfree og tok eit par pils på Kon-Tiki, eller ”Economy-lounge”.


Fint fly, som verka heilt nytt.

Boarding starta i god tid, og vi vart pusha eit par minutt etter oppsett tid. Take off sørover, og ei fin stiging til marsjhøgde. Der vart det servert eit berre delvis spanande smørdbrød, snack og heldigvis Warsteiner på flaske.


Ølet var best!

Eg fekk etter eit lite bytte ein tresetar for meg sjølv, og naut utsikta over Danmark, havvindmøller og det er trur var Øresund-brua. Flyet såg heilt strøkent ut, sjølv om det var ein 1991-modell. Beinplasen var også eit greit stykke over "knyttneve-nivå".


God plass, eg er rundt 190.

Etter eit par svingar gjekk vi inn for landing, nokre minutt før tid. Eg antar flyet var 60-70 prosent fullt (i motsetnad til nokre nordmenn som skulle til Shanghai, dei var 100 prosent fulle). Det vart ein busstur inn til transfer, og vi sette kursen mot C-gatane.


Dette er nok Danmark, men eg veit ikkje kor.


Her nede er det ei bru, som kanskje er Øresund-brua?


Rett før landing i Frankfurt.


Mykje å sjå i Frankfurt.

Då oppdaga ein i reisefølgjet at han ikkje fann passet og boardingkortet. Full alarm vart sett inn, og han fór avgarde med flyplasstilsette som skulle hjelpe han. Eg og den tredje i reisefølgjet gjekk til passkontrollen og venta der. Tida gjekk og dei fann ikkje noko pass. Heilt til tredjeperson romsterte litt i veska si, og fann ut at der var to pass. Saken var løyst, og tida byrja å bli knapp.Vi hadde 1 t 40 min på å nå neste flight i utgangspunktet, så vi tålte ikkje noko meir krøll.

I kontrollen der pass/boardingpass blir sjekka fekk dei to andre (som reiste på same bestilling) beskjed om at dei måtte få nytt boardingpass ved gate, noko som gjekk greitt. Årsaka var styret med pass/boardingkort, der Lufthansa visstnok hadde "tatt dei av" flyet. Dei to andre i reisefølget merka seg at dei då vart sjekka inn heilt til Lilongwe, noko som skulle vise seg betydningsfullt seinare i reisa.

Men vi kom oss til gate.

FRA-JNB, 7. august, 22.35, LH572, 747-400 D-ABVO "Muehlheim an der Ruhr"


Min fyrste jumbo.

Eg hadde fått meg eit vindaugssete, 40A, for å få sett så mykje som mogleg av min fyrste 747-tur. Eit tysk par var på samme treseter, og dei og eg holdt oss for oss sjølve. Vi pusha nokre få minutt etter tid, og taksa eit godt stykke i mørket. Mykje spanande å sjå likevel, sjølv om bilda ikkje vart presentable.

Avgangen gjekk unda på mektig vis, og klarvêret ga god utsikt over byområder eg ikkje kunne identifisere. Etter kvart kom det snack, drikke, middag, drikke, drikke... Raudvinen var meget god, og eg forsynte meg godt. Heldigvis fekk eg vatn samtidig, så det vart ikkje så gale.


Beinplassen var ikkje knyttneve-standard.

Det er jo ikkje personlege skjermar i desse flya, og det vart litt langdrygt å myse mot skjermen langt der framme, så eg la meg til å sove. Eg fekk vel tre-fire timar før lysa kom på og frukosten vart rulla ut. Måltidsmessig var det ikkje mykje å skrive heim om.

Etterkvart vart innflyginga mot Johannseburg starta, og eg fekk sett godt på Johannesburg sine ulike bydelar. Landinga var etter mine begrep fin, og touchown var ti minutt før oppsett tid.


Få minutt før landing.




Ikkje shuttlebussen, men spesialbagasje (!)


Swiss kom rett etter oss.

Vi vart bussa inn til terminalen, forbi ei rekkke 340 frå SAA og mange andre europeiske og asiatiske tungvektarar. På vegen mot transferområdet måtte vi vente 5 minutt i ein passkontroll, og til slutt kom vi fram i kjempekøa foran Soth African sine skrankar cirka 09.10. Flyet gjekk vidare 10 blank.


Då starta trøbbelet. Vi hadde 1 t og 10 min på å nå vårt fly vidare til Lilongwe. Sidan eg ikkje hadde fått boardingpass (og sikkert ikkje var sjekka inn) måtte eg få det. Dei to andre hadde etter det vi kunne sjå sine papir i orden. Køa gjekk ufatteleg seint og bemanninga varierte frå minutt til minutt, og mellom 0 og 4 personar.

Vi spurte personalet som gjekk rundt i køa to gongar om vi kunne få komme lenger fram i køa, men fekk til svar at vi berre måtte stå og at det ikkje var behov for å sende oss lenger fram. Når vi til slutt kom fram, var det ”no chance”, og dei sa at innsjekk hadde stengt 9.15, og at dei hadde ropt etter passasjerar so skulle med dette flyet. Det var før vi kom til køa, og vi vart rimeleg forbanna.

Reiseselskapet hadde lagt inn knapt med tid, men det skulle ha gått greitt å få oss med det flyet med litt serviceorientert betjening. Utifrå det vi såg denne timen ga SAAs folk eit ubetinga negativt uttrykk, med sure miner, mykje roping, respektlaus behandling av passasjerar med åpenbart spesielle behov og null engasjement for passasjerane sine. Etter at vi kravde å få hjelp der og då, sjekka ”betjenten” muligheita for få oss med eit fly til ein annan by i Malawi med Air Malawi. Dette var imidlertid overbooka med 28 passasjerar, så vi tok heller plassar på SAA sin flight kl 10 dagen etter.

Dermed vart det å gå tilbake og gjennom ny passkontroll og ut i bagasjeavdelinga. Våre koffertar var der sjølvsagt ikkje, og SAA sine representantar var like ”hjelpsomme” som i transferavdelinga. ”Om dei ikkje står her, veit vi ikkje” var svaret dei ga mens dei peika mot noko bagasje som stod att. Vi fekk tak i ein kar som jobba i eit handlingselskap, og han skulle leite for oss og ringe oss om 1 time. Vi gjekk då ut av terminalen og tok inn på Intercontinental Hotell, 20 meter bortafor. Det var absolutt eit bra hotell!

Etter lunsj prøvde vi å ringe vår kontakt, utan å få svar. Vi gjekk då til terminalen og vart eskortert inn bakvegen av ein vektar. Der prøvde vi SAA igjen, og no fann dei koffertane som var lagt i ”buret” for avgangen neste dag. Det ville ta rundt ein time å få ut koffertane, og SAA-representanten spurte om vi ”verkeleg trengde dei”. Det gjorde vi, og etter ein knapp time fekk vi dei endeleg.

JNB-LLW, 10.10, South African Airways, 737-800 ZS-SJB

Vi møtte opp to timar før avgang neste dag, og gjekk til innsjekken. Ho som booka oss om dagen før sa ho hadde skrive ein beskjed i systemet som forklarte kvifor vi hadde fått ny billett utan å betale ekstra, og vi skulle gjere den som sjekka oss inn merksam på dette, sa ho. Då vi kom fram til den sure innsjekkingsdama vart alt veldig vanskeleg, og ho rynka djupt med augebryna. Vi måtte alle tre bort til billettkontoret for å få ein print av det eg antar var billetten, og ho spurte fleire gongar kvifor vi hadde fått ny billett utan å betale ekstra. Vi var då nær bristepunktet kva SAA angår.

Men det gjekk, og vi seig raskt gjennom den nye O.R. Tambo International, som hadde vore ei god oppleving hadde dei tilsette i SAA skjønt at dei arbeidde i eit serviceyrke.








Området for bussgatar.

Boarding med bussing skjedde i akseptabel tid i forhold til ruta, og flyet vart så godt som fullt. Vi starta å bevege oss nokre små minutt etter oppsett tid. Eg hadde eit midtsete på trettande rad, men beinplassen var akkurat såpass at knea ikkje tok inn i setet.

Serveringa besto av cola og valg mellom fisk eller kylling, og eg gjekk for den siste. Det er ikkje verdt å prøve å beskrive smaken på nokon måte, sidan den var ikkje-eksisterande.

Vi landa på planlagt tid, og taksa inn på oppstillingsplassen til Lilongwe International Kamuzu (der finns ingen bruer). Ein busstur på 50 meter følgde, før passkontroll (cirka 10 minutt) og bagasjeutlevering. Den gjekk fint, sjølv om trengselen og engasjementet var stort.


Air Malawi sin ATR. Dei har og eit par 737.


Bagasjekamp.
AndersE is offline   Reply With Quote
Old 27-08-2010, 20:17   #2
AndersE
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
Lufthansa Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Retur:

LLW-ADD, Ethiopian Airlines, 14. august 15.10, 737-700 ET-ALM

Etter ei knapp veke i Lilongwe (med ein avstikkar til eit strandhotell ved Lake Malawi) var det klart for heimtur. Sidan min billett vart bestilt seinare enn resten av reisefølget, fekk eg ikkje same routing. Dei flaug med Air Malawi til Johannesburg. På ein måte er det synd at eg ikkje fekk prøve dei, samstundes er eg litt glad eg slapp (eg har eit snev av flyskrekk nemleg), spesielt når eg las dette på britisk UD’s heimesider ” British Government employees are advised, where possible, to avoid Air Malawi and use other airlines/modes of transport.” (http://www.fco.gov.uk/en/travel-and-...-africa/malawi)

I staden vart det Ethiopian til Addis Addeba, og Lufthansa vidare derifrå. ET var ikkje noko dårleg erstatning, eg hadde ikkje akkurat prøvd dei før heller.

Eg vart køyrd til den ikkje så veldig store flyplassen, og stilte meg i kø for innsjekk. Mannen i skranka sjekka bagasjen heilt til Oslo. Han fylte ut bagasjetag’en med penn, så eg tenkte at dette kom til å bli spanande. Eg fekk imidlertid berre boardingpass fram til Addis.

Det meget enkle serverings- og shoppingtilbudet på flyplassen freista ikkje, så eg gjekk rett til gate. Der var det eit halvmotivert vektercrew som slapp meg igjennom, etter å ha sjekka bagasjen med røntgen og hender, i tillegg til kroppssjekk av meg. Det var ingen skilt eller skjermar som viste veg, men det var heller ikkje så mange vegar å velje i mellom. Trafikken begrensar seg til kanskje ei handfull avgangar per dag.

Når det var ein halvtime att til avgang sto det framleis ikkje noko ET-fly på tarmac. Eg hadde blitt åtvara mot at ET kunne ha ein del forseinkingar, så det var berre å halde seg roleg. Eg hadde 3 t 40 min i Addis, så det skulle gå mykje gale før det ville ryke.


Tarmac i Lilongwe (frå turen inn)

Flyet landa til slutt, og vi vart sendt inn. Eg hadde eigentleg eit vindaugssete på rad 13, men der sat det ein kar som hadde same sete på sitt boardingcard. Eg trur kanskje nokre av passasjerane som kom med flyet inn skulle vere med vidare. Det vart i alle fall free seating etter kort tid, og eg fekk meg eit midtgangssete i same område.

Vi starta å takse ein halvtime etter oppsatt rutetid, og kom oss fint av garde og oppover. Betjeninga var rimeleg smilande og effektive, og vi fekk valet mellom ein biffrett og laks. Eg tok biff, dynka den med salt og lot den gli raskt ned saman med raudvin. Heilt ok, og kombinert med ein passeleg engasjerande humoristisk film gjekk dei tre timane og 40 minutta ganske greitt unda.

Flyet var bygd i 2004, men det ga eit litt ”eldre” inntrykk. Teppet i midtgangen var litt ruglete, interiøret var litt småbrunt og toaletta såg godt brukte ut. På turen nordover flaug vi inn 15 minutt av forseinkinga, så eg hadde god tid på å nå flyet til Frankfurt. Når vi gjekk av fekk vi som skulle i transfer ein eigen shuttlebuss, noko som er praktisk.

ADD-FRA 14. august 23.40, Lufthansa 340-300 D-AIGA ”Oldenburg”


Eg fekk eit godt inntrykk av Bole International.

Bole International er relativt ny (2003, trur eg) og er praktisk lagt opp, i alle fall for transferpax. Eg fekk beskjed om å gå til gate og få utlevert boardingpass der. Dama var litt i tvil om ho greidde å få meg heilt fram til Oslo, men det ordna seg. Med rundt 3 timar å slå i hel var det klart for øl eller shopping av lokale, tradisjonelle gaveartiklar. Etter mykje grubling valde eg øl, og fann den baren som freista mest (av rundt tre) etter ei lita runde rundt.

Problemet var berre at dei ikkje tok Visa der, eller nokon av dei andre stadane. Det var heller ingen minibank i gateområdet, då måtte eg ”ned”, noko eg ikkje turde sidan skiltinga var så forvirrande at eg var redd eg ikkje skulle finne vegen tilbake.

Dermed vart det DVD-kiking på pc, skulder mot skulder med ein barnefamilie. Barna oppførte seg fint, og følgde med på skjermen sjølv om dei ikkje høyrde noko. Det vart imidlertid panikkarta tilstandar når det plutseleg kom nokre erotiske scener. Eg visste ikkje korleis etiopisk tryggleikspersonell ville vurdert framvising av erotisk film til små barn, så eg var kjapp med å lukke alle vindu

Tida gjekk fort og det vart på tide å gå til gate. Det var eigen tryggleikssjekk ved gate, og ny ventetid innanfor sperringane. Det hadde blitt mørkt for lenge sidan, så eg var ikkje i stand til å få til nokre bilder med meining, men det var sjølvsagt mykje ET her, og Lufthansa og KLM, som eg såg.

Boarding av ”kvinner med barn” fyrst, og til slutt oss i røkla. Flyet virka temmeleg fullt etter det eg såg. Vi pusha nokre små minutt etter oppsatt tid. Eg hadde midtgangsete, 34H, og sat saman med ein kar som ganske raskt drog pleddet over hovudet og sovna. Det gjorde ikkje eg, for no skulle AVOD’en testast! Interiøret i maskina, frå 1993, var state-of-the-art og eg antar Lufthansa har oppgradert desse kabinane for ikkje så lenge sidan. Utvalet var akkurat nok for meg, og eg valde Iron Man 2. Til kvelds vart dette berre eit rundstykke med skinke, og litt øl!


Fin kabin.


Beinplassen var god!

Eg prøvde meg på ein episode Two And a Half Men, men kjende at augene glei igjen. Sovna kjapt og fekk vel fire timar søvn før lysa kom på. Frukosten var vanleg med nokre omelettgreier som gjekk raskt ned. Vi landa nokre få minutt før tid, og vart bussa inn til terminalen.

Pass- og tryggleikskontroll gjekk raskt, og det var klart for å sjå på fly. Det er spanande å vere i Frankfurt, i alle fall når det berre er andre gong!


Lufthansa har visst ein ganske stor operasjon ut frå Frankfurt.


Fint.

FRA-OSL, 15. august 07.40 Lufthansa 737-500 ”Ingelheim am Rhein”

Eg kom meg til enden på A-piren, og møtte igjen resten av reisefølget som hadde komt seg fint av garde frå Johannesburg. Boarding starta eit kvarter før tid, og belegget var kanskje 50 prosent.

Eg hadde vindaugssete ved nødutgang, og sovna ganske raskt. Turen var hendelseslaus, og vi landa litt før tid på Gardermoen.

Og heldigvis kom bagasjen min fram samtidig med meg. Det gjorde den nemlig ikkje for ein av dei andre i følgjet.

Oppsummering:

Det var godt å endeleg få prøvd 747 og 340, samt artig med nokre afrikanske selskap og flyplassar.

Lufthansa var veldig fint å reise med, slik alle andre rapportar eg har lest her inne konkluderar med.

South African ga eit negativt inntrykk på grunn av sine sure tilsette, men den flighten eg hadde med dei var jo på riktig tid.

Ethiopian var forseinka, så det trekk ned. Likevel var sjølve flyturen ei betre oppleving enn SAA, på grunn av betre betjening.

Takk for at de har lest heilt hit, håpar det var verdt det!

Last edited by AndersE; 27-08-2010 at 20:21.
AndersE is offline   Reply With Quote
Old 27-08-2010, 20:22   #3
meliiis
ScanFlyer Silver
 
Join Date: Jun 2009
Posts: 604
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Flott rapport
meliiis is offline   Reply With Quote
Old 27-08-2010, 20:35   #4
Henshaw
ScanFlyer Dusty
 
Henshaw's Avatar
 
Join Date: May 2009
Location: Tønsberg
Posts: 4,224
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Meget bra førsterapport dette!

Men hva slags filmer er det du driver og ser på i full offentlighet?
__________________

Henshaw is offline   Reply With Quote
Old 27-08-2010, 20:58   #5
AirbusTrond
ScanFlyer Mile High Club
 
AirbusTrond's Avatar
 
Join Date: May 2006
Location: Gamlebyen, Oslo
Posts: 7,512
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Takk for utmerket og nynorsk rapport fra Afrika !
AirbusTrond is offline   Reply With Quote
Old 27-08-2010, 21:06   #6
BGO_traveller
Newcomer
 
BGO_traveller's Avatar
 
Join Date: Jul 2010
Location: Bergen
Posts: 25
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Spennende og morsom lesning! Takk takk
BGO_traveller is offline   Reply With Quote
Old 27-08-2010, 22:01   #7
ex_trd
*A Gold/OW Emerald
 
Join Date: Jan 2009
Posts: 683
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Kjempefint at du skriver på nynorsk! :-)
ex_trd is offline   Reply With Quote
Old 27-08-2010, 22:02   #8
Hawkboy
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Sep 2009
Location: Trondheim
Posts: 96
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

flott rapport. litt andre tilstander der nede..har selv mistet fly med SAA pga udugelig personell ved check-in skranken!

litt morsomt at jeg tok dette bildet i SFO 9aug. SFO må ha vært D-ABVO' neste destinasjon!

Hawkboy is offline   Reply With Quote
Old 27-08-2010, 22:28   #9
Christoffer D. Andersen
Newcomer
 
Join Date: Mar 2010
Location: Oslo
Posts: 48
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Flott repotasje dette

Den broa du så var nok Storebælt broen mellom Fyn og Skjælland, kjenner igjen terrenget selv om jeg har for det meste sett det ifra broa på Color Fantasy :P
Christoffer D. Andersen is offline   Reply With Quote
Old 27-08-2010, 22:46   #10
MD11
ScanFlyer Dusty
 
MD11's Avatar
 
Join Date: Aug 2005
Location: TRD
Posts: 4,297
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Glimrende og god underholdning takker
__________________
MD11 - King Of The TriHolers
MD11 is offline   Reply With Quote
Old 27-08-2010, 23:28   #11
AndersE
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Quote:
Originally Posted by Henshaw View Post
Men hva slags filmer er det du driver og ser på i full offentlighet?

Det var eigentleg uskuldig; Six Feet Under. Men plutseleg bestemte ein av karakterane seg for å sjå xxx-film, og då skjedde ting fort!
AndersE is offline   Reply With Quote
Old 28-08-2010, 00:43   #12
LN-FHU
Superflyer
 
LN-FHU's Avatar
 
Join Date: Oct 2004
Location: Barteland
Posts: 4,569
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Quote:
Originally Posted by AndersE View Post


Lufthansa har visst ein ganske stor operasjon ut frå Frankfurt.
Understatement of the year.....

Takk for flott rapport
__________________
****************************************

****************************************
Frode H.
LN-FHU is offline   Reply With Quote
Old 28-08-2010, 02:49   #13
LN-BLO
ScanFlyer Silver
 
Join Date: Aug 2010
Location: Hjemme
Posts: 608
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Morsom lesing, og flotte bilder
LN-BLO is offline   Reply With Quote
Old 28-08-2010, 09:59   #14
Farmer
ScanFlyer Crusty
 
Farmer's Avatar
 
Join Date: Sep 2004
Posts: 3,619
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Flott rapport fra "uvanlige" byer !
__________________
Upcoming flights:

En liten flyoversikt siden 29/7-2006..
Simplicity is the ultimate sophistication, Leonardo Da Vinci

Farmer is offline   Reply With Quote
Old 28-08-2010, 20:53   #15
Discus
ScanFlyer Inventory

Galley Slave
Global Moderator
 
Discus's Avatar
 
Join Date: Apr 2008
Posts: 26,700
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Tusen takk for flott eksotisk Afrika-rapport.
Quote:
South African ga eit negativt inntrykk på grunn av sine sure tilsette, men den flighten eg hadde med dei var jo på riktig tid.
Er dels enig med deg der når det gjelder SAAs bakkes-service. Hadde to domestic-legs i fjor, og knappe to uker i Sør-Afrika totalt. Sjelden opplevd så god service og mye god mat og drikke som i Sør-Afrika, og sjelden hatt så stor nedtur i akkurat det samme i det øyeblikk jeg satt foten innenfor døra i SAA-loungen i CPT. (Kontrastenes land)
__________________

________________________________________
An airport runway is the most important Main Street in any town. (Norman Crabtree, Former Director, Ohio Department of Transportation)
Discus is offline   Reply With Quote
Old 28-08-2010, 22:14   #16
pgaa
ScanFlyer Molded
 
Join Date: Sep 2007
Location: Oslo
Posts: 2,540
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Glimrende rapport !
__________________
Hjemme bra - borte best / You'll Never Walk Alone
pgaa is offline   Reply With Quote
Old 29-08-2010, 02:58   #17
SAS-Steward
ScanFlyer Molded
 
SAS-Steward's Avatar
 
Join Date: Jan 2010
Location: Øvre romerike
Posts: 2,018
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Bildet av Danmark er av nord spissen med skagen etc.
Broen er Storebelt.
SAS-Steward is offline   Reply With Quote
Old 29-08-2010, 13:09   #18
LNv22
ScanFlyer Gold
 
LNv22's Avatar
 
Join Date: Feb 2009
Location: Oslo, Homansbyen
Posts: 1,930
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Flott rapport! Takk for at du delte opplevelsen med oss!
__________________
Next up:
Mye moro!
-
Star Alliance Gold / One World Sapphire
LNv22 is offline   Reply With Quote
Old 29-08-2010, 13:16   #19
EB
ScanFlyer Inventory
 
EB's Avatar
 
Join Date: Sep 2004
Location: Ris, Oslo
Posts: 25,333
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Flott rapport fra et kontinent vi ikke er bortskjemt når det gjelder trip-reports.
EB is offline   Reply With Quote
Old 29-08-2010, 13:22   #20
LN-BLO
ScanFlyer Silver
 
Join Date: Aug 2010
Location: Hjemme
Posts: 608
Default Re: Til Afrika med LH, SAA og ET

Quote:
Originally Posted by EB View Post
Flott rapport fra et kontinent vi ikke er bortskjemt når det gjelder trip-reports.
Enig, det er ikke rappporter i overflod fra Afrika her nei, men morsomt å lese de som finnes... Til trådstarter, du har ikke noen bilder fra Lilongve da? Sikkert ikke mange på forumet her som har vært der...
LN-BLO is offline   Reply With Quote
Reply


Posting Rules
You may not post new threads
You may not post replies
You may not post attachments
You may not edit your posts

BB code is On
Smilies are On
[IMG] code is On
HTML code is Off

Forum Jump

Similar Threads
Thread Thread Starter Forum Replies Last Post
Til Sør-Afrika med Lufthansa og South African Airways i monkey class Millemor TripReports 15 19-06-2015 10:13
Nå satser Norwegian med nye ruter til Afrika og Sør-Amerika storg Flyforum 6 15-05-2014 11:42
Tilbud til Afrika med SN EHBK Reiseforum 4 05-09-2012 09:38
Afrika (Kenya, Sør-Afrika?) AirbusTrond Reiseforum 2 17-08-2008 16:03
Seattle P-I paa tur med SAA LN-MOW Flyforum 0 26-04-2006 13:32


All times are GMT +2. The time now is 12:19.


Feedback Buttons provided by Advanced Post Thanks / Like (Lite) - vBulletin Mods & Addons Copyright © 2025 DragonByte Technologies Ltd.
Copyright Foreningen Flyprat, Scanair og bidragsytere. Enkelte ikoner fra Famfamfam CC-BY.