![]() |
|
![]() |
#1 |
Developer
![]() Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,954
|
![]()
Destinasjon, Kreta, Chania, Agina Marina.
Me sjekka inn bagasjen, og starta med ei pils i avgangshallen på Flesland. Sjølv om eg visste at det skulle vera OY-VKA som venta på gaten, klarte eg ikkje sjå reg. Eg tok sjansen på at crewet visste kva maskin det var, så eg spurte likegodt vitande om det var VKA. Stewerten lyste opp, og skjønte vel straks at eg var litt meir enn middels interessert i fly -og bekrefta at det var VKA. Crewet fortalte under utflygning, at DK773 BGO-CHQ med VKA var faktisk premiereflygning under det nye navnet Thomas Cook frå Bergen. Vidare fekk me servert drinker og ein veldig god middag. Etter at kaffien var ferdig, nytta eg sjansen og gjekk fram frå sete 6c, og spurte likesågodt stewerten som bekrefta reg, om det kunne vera anledning å komme inn i cockpit i løpet av turen. På dette tidspunktet stod døra open, så det gjekk lynsnart frå eg spurte til eg satt i cockpit saman med kpt. Ole og 1.stm. Atle. Der fekk eg grunding forklaring på det eg ikkje visste, og gode høve til å prate om så mangt. Eg gløymte heilt at eg hadde ein reisepartner, som faktisk lurte på om hadde gått fram, og satt fast på toalettet, sidan eg ikkje hadde sagt kva eg skulle.... men fråværet mitt varte så lenge at ho fatta mistanke om kor eg var ![]() Plutselig får eg spørsmål om eg kunne tenke meg å sitte på klapp under landing.... og for ein flyinteressert som meg, blei eg sjølvsagt full av adrenalin, og forstod vel egentlig at dette skulle bli kjempemorro. Og ikkje nok med det, eg fekk lov å henta dama mi, så kunne ho og sitte der. Så allerede fire timar ute i ei vekes sydenferie, hadde eg allerede nådd toppen på denne ferien. Ei kjempeoppleving, og det syntes dama mi og ![]() Det er nok ikkje kvardagskost med denne type behandling, men eg synes Thomas Cook Scandinavia med Ole og Atle gav oss ei fenomenal oppleving. Tusen takk! Etter landing, tråkka me ut i regn -ja, regn! Akk ja, det gjorde ikkje meg særlig mykje, ingenting kunne igrunn matche dette. Me hadde ei fin veke på Kretas norkyst, med delvis skya, opplett i starten, og sol siste halvdel av ferien. Me spiste godt, og fekk oppleve fine utflukter på nye og spennande plasser på Kreta. -Og ikkje minst fekk me nyte godt med Mythos. Heimreisa var også med VKA, men DK774 som skulle opprinnelig til Bergen, var vitande omdirigert til Stavanger på grunn av Avinor's streik. Ikkje det kjekkaste, å måtte tilbringe heile 17.mai kvelden på ein buss, men det var den einaste løysinga på dette problemet. På heimreisa var eg plassert på sete 12a, og for dei som kjenner flyet, er dette på nødutgang med god beinplass. Eg freista jo sjølvsagt å prøva lykken ein gong til, med å få ein prat med mannskapet i cockpit, men stewerten på denne flygningen fulgte nok manualen, så det blei med vindusplassen på heimreisa. Sidan eg ikkje var i posisjon til å avbilde VKA på Flesland, ei heller på Chania sidan den er militær, har eg dessverre lite flybilder av denne turen. Eg lurte på å ta bilder i cockpit, men me fant vel ut at i mørket var det lite hensiktsmessig, og dårlig triks at mannskapet satt med sveiseblink til landing. Flyturen var over all forventing all over; terningkast 6. Været var ikkje optimalt på sydenoppholdet; terningkast 3. Ein slik tur kan eg gjerne ta ein gong til ![]() (Det kan late til at "post icons" mangler Thomas Cook ? Er det nokon som kan fikse dette, og fikse "title" på logo-bildene, slik at ein får opp ein tekst på bilda når ein har musepeker over? "OBBxx" er litt vagt.... ) Last edited by zico77; 18-05-2008 at 18:43. |
![]() |
![]() |
|
|
![]() |
||||
Thread | Thread Starter | Forum | Replies | Last Post |
Update Bergen-Chania-Bergen DY9740/DY9741 | Marius Moberg | TripReports | 7 | 09-08-2013 07:37 |
Chania - Bergen DY9741 | Marius Moberg | TripReports | 7 | 05-08-2013 19:38 |
Bergen - Chania DY9740 Part 1 | Marius Moberg | TripReports | 1 | 05-08-2013 17:29 |
Bergen-Stavanger-Bergen DY136/DY133 | Marius Moberg | TripReports | 7 | 26-06-2013 15:15 |
Norwegian Stavanger-Bergen | svgspotter | Reiseforum | 2 | 13-01-2010 22:36 |