Flyprat


Go Back   Flyprat > TripReports
Register Cookies FAQ Community Calendar Today's Posts Search

Notices

Reply
 
Thread Tools Display Modes
Old 25-03-2012, 19:42   #1
zico77
Developer
 
zico77's Avatar
 
Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,954
Default Stavanger-London-Ottawa-St.John's-Halifax-London-Stavanger (Air Canada)

Oppdrag: Holde kurs i St. John's i Canada.

-Eg tok dessverre ikkje bryet med å dra med eit kamera, så bilda er tekne med min gode venn iPhone.

Følgande rute blei satt opp:
Stavanger-London-Ottawa-St. John's-Montreal-London-Stavanger, som seinare skulle endre seg til den endelige reisa
Stavanger - London Heathrow - Ottawa - St.John's - Halifax - London Heathrow - Stavanger.



Mandag 19. mars 2012
* Stavanger - London Heathrow (SK4629, B737, LN-TUM)
Klasse: Business, sete 3F


Ein mandags morgon på Sola International Airport.

Flyet til London har avgang kl 0910, så eg valgte å stille opp i god tid, ettersom rushtrafikken i Stavanger om morgonen vil vera jamstilt med å vinne i lotto kontra komme presis. Det blei med andre ord god tid til å ta seg ein kopp kaffi. Det var bra belegg på dei flightane som var satt opp til å gå i dette tidsrommet -Sas til Aberdeen, Norwegian til Warzawa, og min avgang til LHR, så folksomt var det i lokalet.
Det skulle starte å bli litt varmt i trøya, for det såg ut for at me var i ferd med å bli forseinka ut frå gate, men tross avgang litt for seint, blei det ikkje problematisk å rekke den neste avgangen på terminal 3 på Heathrow.

Sas frokost


Sas frokostservering var rett så god foran gardina. Det var ein varm frokost, med varme rundstykker attåt.

På vei til London


Rask spotting ved ankomst LHR


Ved ankomst LHR, var det gjennom ny sikkerhetssjekk, før eg tok turen inn i Sas-loungen og tok meg litt meir kaffi og bladde litt gjennom nettet, før eg tok

Mandag 19. mars 2012
* London Heathrow - Ottawa (AC889, B763ER, C-GSCA)
Klasse: Executive First, sete 8A

Eg tusla frå Sas-loungen til gate, der det var å vise pass og boardingkort. Dernest var det litt venting i pre-boardområdet før dei slapp små barn og dei som trengte ekstra tid ombord, dernest oss i den framre kabinen. Eg fann plassen min, venstre side, bakerst i First Excutive-kabinen. Igrunn ein perfekt plassering, ettersom ingen kom bakfrå for å gå på toalettet, einaste som passerte var crew med servering. Dette var ein dag-flight, så eg valgte å benytte meg av menyen.... Eg kunne også tenkt meg å brukt media-anlegget, noko som skulle vise seg å bli ein kjedelig affære. Mitt sete hadde eit kaputt anlegg, sjølv etter ein reboot, var det likefullt ubrukelig skjermbilde. Crew gav meg eit kompensasjonskort, der eg måtte online for å kreve oppreisinga -her blei det snakk om 5 % avslag på neste billettkjøp av Air Canada. Vanskelig å sei når det blir, så ikkje så rare kompensasjonen . Jaja, eg brukte naturligvis laptopen i halvannen time før batteriet tok slutt. Ettersom min gode laptop har ein så formidabel strømforsyning, klarte ikkje engeriforsyninga på plassen min å holde batteriet ved like -og sjølvsagt er batteriet mitt forsegla med ei sikring, slik at det ikkje var råd å vippe ut batteriet -så, eg satt tilslutt att med med gode venn iPhone og dens musikkbibliotek.

Looking good


Valget fallt på kylling


Eg er nok ingen vinkjenner, så eg valgte å bla forbi vinkartet, og satte like godt tenna anna kald drikke


-blant anna frå barkartet


Ein frisk GT for å begrave skuffelsen over at AVOD streika


Forrett


Hovudrett


Dessert med kaffi og avec


Lett måltid før ankomst


På vei inn mot Ottawa


Ved ankomst Ottawa, skulle eg bli meir svett enn eg hadde ønske om. Først var det ein lengre opphold i immigrasjonen, som ikkje heilt kunne sjå mitt legale ærrend i jobbsamanhang -men det ordna seg til slutt. Det var dog ikkje bare kryssforhøyret her og varmen i Ottawa som skulle gi meg trøbbel -men det var eit mareritt å skaffe seg kontanter. Den eine etter den andre minibankautomaten spytta ut korta mine (prøvde 3 forskjellige) og utan kontanter. Eg måtte faktisk ut av sikker sone igjen, for å leite etter andre automater. Den 4. automaten gav meg omsider det eg ønska meg av kontanter -så på grunn av denne grufulle jakten på cash, utgjekk eit ønska opphold i Air Canada's lounge på Ottawa. Igrunn skuffande, men eg måtte gi meg til gate når eg omsider hadde pengane i henda, for å rekke min siste flight på vei til St. John's (YYT).

Mandag 19. mars 2012
* Ottawa - St. John's (AC192, Embraer 190, reg: ukjent)
Klasse: Executive First, sete 3F

Etter å ha reist mange timer, og flytta klokka 5 timer fram, og no skulle flytta klokka 1.5 timer tilbake -så nærma det seg etterkvart 17 timar reise, og mørkt var det også ute. Underveis fekk me servert eit varmt måltid, der valget mitt falt på ein god og hard biff. Eit greit måltid, men etter siste bit, var det ikkje mykje krefter att til å studere flyet og reisa, så her falt eg vel meir eller mindre i søvn resten av turen. Me landa litt forsinka, men ikkje nevneverdig. Kom meg greit til hotellet med ein lokal drosjesjåfør som kjørde som om han hadde Godzilla i hælane. Fekk sjekka inn på Sheraton, og kjente at jetlaget hadde nådd meg. Det var då eg kom meg i seng, og fekk kvilt meg før tirsdagens forestilling skulle starte

St. John's


__________________
Håvard
Mine bilder på Airpics


Last edited by zico77; 25-03-2012 at 19:54.
zico77 is online now   Reply With Quote
Old 25-03-2012, 19:52   #2
zico77
Developer
 
zico77's Avatar
 
Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,954
Default Re: Stavanger-London-Ottawa-St.John's-Halifax-London-Stavanger (Air Canada)

Torsdag 22. mars 2012
* St. John's - Halifax (AC8828, CRJ200, C-GXJA)
Klasse: Economy, sete 7A

Kurset var ferdig, og heimreisa starta etter arbeid, der eg ankom St. John's flyplass omtrent kl 1730. Min første avgang var satt til 2135, men allerede no forseinka til kl 2240. Den første flighten til Halifax var full, så det gjekk heller ikkje å komme med den -men med 2 timer mellom ankomsten min og avgangen til London frå Halifax, så var dette innanfor marginen....fortsatt. Så, eg tok meg opp i den lille avgangshallen, og fekk kjøpt eit suvenir. Dernest tok eg meg til loungen som var nokoså overfylt av dei som venta på første avgang til YHZ. Straks dei gjekk til gate var det bare meg att. Loungen var rett og slett elendig. Det var flytande der, men av spiseleg, var det bare tørre kjeks, nokre få rundstykker som forsvant kjapt, nokre tomater og litt salsa. Det var heller ingen fasiliteter i lokalet, så då måtte ein ut, ned trappa ein etasje for å gå på toalettet. Vel -det var det einaste tilbodet, så det måtte stå sin prøve.

Flyet kom omsider, og det var blitt endo meir forsinka -2255 var ny avgang. Det såg igrunn bra ut med boarding complete -men av ein eller annan merkelig grunn gjekk bakkeoperasjonane som i sirup. Det var som å venta ein evighet for å bli pusha frå gate, og når me omsider fekk fyrt opp maskineriet så var det de-iceing. Og der gjekk det endo tregare. Var heilt utrulig kor lite forståelse det var rundt at vårt fly inneholdt omlag 15 pax som hadde connection til LHR. Omsider ! kom me oss på vingene -ca 2325 -nesten 2 timer forsinka -og omtrent den samme tida som me hadde i connection til London-flyet. Det var jo ikkje mulig å gjera noko med situasjonen -anten så nådde me det, eller så ville Londonflyet reise frå oss. Alternativa forespeilt for meg tidlegare på kvelden, var heimkomst 24 timar seinare -ikkje så veldig fristande.

Me landa på Halifax ca 0025, og purseren spurte passasjerane fint om ikkje dei kunne sitte rolig til alle dei som skulle til London hadde fått forlate flyet, samt å at dei som skulle til London måtte legge på sprang. Sjølvsagt til gate i motsatt ende

Spotting på YYT


Fredag 23. mars 2012
* Halifax - London Heathrow (AC860, B763ER, C-FMWV)
Klasse: Executive First, sete 8F

Det gjekk heldigvis fint -me fekk komme oss ombord, og nok eingong hadde eg sete 8A, bakerst i Excutive-kabinen. Me tok av på rute, og YHZ-LHR var berre ei 6 timar reise, så eg hadde bestemt meg for å slukke lyset -noko eg også gjorde. Eg bretta dyna over meg, og la meg til å sove -så det finnes dessverre lite å berette om denne flighten. Eg avsto også frå frokosten til fordel for søvn. Dog, purseren hadde jo ikkje spurt på forhånd om eg ville ha eller ikkje, så han måtte jo vekka meg. Så eg vrei meg meir enn eg sov i frokosthalvtimen sidan han måtte vekka meg. Når den var over, så var me vel på vei inn mot landing -så då valgte eg heller å avbryte sovinga -det blei vel omlag 4.5 timer på auga -ikkje så rett gale.

Soving


På Heathrow tok eg meg til Loungen til Sas, der eg fekk teke meg ein dusj, tatt på klesskift og ein god frokost, før eg skulle boarde den siste flighten denne veka, på veg heim til Stavanger.

Fredag 23. mars 2012
* London Heathrow - Stavanger (SK4630, B737, LN-RNN)
Klasse: Business, sete 3F

Følte meg frisk og rask, tross ei kortare natt enn vanleg, men ein god dusj og frokost i Sas-loungen gjorde godt. Fekk også servert eit godt varmt måltid på denne turen også. Me landa 25 minutt før rutetid, så eg var heime til heilt greie ettermiddagen, der det passa perfekt å møte sambuaren for årets første utepils på Hansenhjørna i solskinnet i Stavanger.

Belegget på Stavanger-London/London-Stavanger i C, var omtrent halvfullt. For dei oversjøiske flightane, var belegget fullt i Executive, noko det omtrent var i økonomikabinen også. Alle dei 4 flightane eg hadde med AC var omtrent heilt fulle.

Utdelte eurobonuspoeng på turen, ca (3000+3400+1100) x 2 = 15000.

Air Canada var flott å reise med foran gardina
__________________
Håvard
Mine bilder på Airpics

zico77 is online now   Reply With Quote
Old 25-03-2012, 20:24   #3
Fly med oss
ScanFlyer Gold
 
Join Date: Mar 2011
Location: Stockholm
Posts: 1,525
Default Re: Stavanger-London-Ottawa-St.John's-Halifax-London-Stavanger (Air Canada)

Tusen takk for en flott rapport, og bildene ble bra de Hva syntes du om å sitte skråstilt? Selv syntes jeg det fungerte overraskende bra
Fly med oss is offline   Reply With Quote
Old 25-03-2012, 21:37   #4
Chriscross
ScanFlyer Rusty
 
Join Date: Nov 2008
Posts: 6,100
Default Re: Stavanger-London-Ottawa-St.John's-Halifax-London-Stavanger (Air Canada)

Takk for fin rapport. Husk at dusjen i Singaporeloungen er bedre enn sas/air canada.

Er St John like kjip som den ser ut?
Chriscross is offline   Reply With Quote
Old 25-03-2012, 22:25   #5
Tarom
Newcomer
 
Join Date: Sep 2009
Posts: 14
Default Re: Stavanger-London-Ottawa-St.John's-Halifax-London-Stavanger (Air Canada)

Flott rapport. Etter å ha lest ett par andre tripreports her inne også så har jeg fått et inntrykk av at immigrations i USA er bare barnematen mot hva det er i Canada, er det bare brukerne her på forumet som er uheldige, eller er kanadierne skeptiske til besøkende?
Tarom is offline   Reply With Quote
Old 25-03-2012, 22:53   #6
zico77
Developer
 
zico77's Avatar
 
Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,954
Default Re: Stavanger-London-Ottawa-St.John's-Halifax-London-Stavanger (Air Canada)

Quote:
Originally Posted by Fly med oss View Post
Hva syntes du om å sitte skråstilt?
Igrunn heilt greit. Dog, eg synes det er flott å sjå ut, og det blei litt kinki, men toppers ellers

Quote:
Originally Posted by Tarom View Post
Flott rapport. Etter å ha lest ett par andre tripreports her inne også så har jeg fått et inntrykk av at immigrations i USA er bare barnematen mot hva det er i Canada, er det bare brukerne her på forumet som er uheldige, eller er kanadierne skeptiske til besøkende?
Tja, sei det? For min del gjekk det på legaliteten av oppdraget mitt utan å ha spesifikk arbeidstillatelse, men den blei tilslutt sett som legalt.

Quote:
Originally Posted by Chriscross View Post
Takk for fin rapport. Husk at dusjen i Singaporeloungen er bedre enn sas/air canada.

Er St John like kjip som den ser ut?
Må teste den dusjen neste gong eg er innom
St. John's var hustri på denne årstida, og ja, den kan vel muligens ansjåast som litt kjip. Eg hadde jo eit veldig kort besøk, så noko godt inntrykk rakk eg ikkje å skape meg -men, det virka litt "kjipt".
__________________
Håvard
Mine bilder på Airpics

zico77 is online now   Reply With Quote
Old 26-03-2012, 15:05   #7
AlexanderDGL
ScanFlyer Blue
 
AlexanderDGL's Avatar
 
Join Date: Mar 2011
Posts: 163
Default Re: Stavanger-London-Ottawa-St.John's-Halifax-London-Stavanger (Air Canada)

Var i St. Johns i 2008, fikk du testet Steakhousen i sentrum i nærheten av bryggeområdet? Fantastisk biff der! Takk for en fin TR også
AlexanderDGL is offline   Reply With Quote
Reply


Posting Rules
You may not post new threads
You may not post replies
You may not post attachments
You may not edit your posts

BB code is On
Smilies are On
[IMG] code is On
HTML code is Off

Forum Jump

Similar Threads
Thread Thread Starter Forum Replies Last Post
SAS reduserer på Stavanger-London Heathrow Twin Otter Flyforum 53 01-11-2024 18:10
Wizz Air UK starter London Luton - Stavanger Boeing_fan Flyforum 4 05-02-2020 10:35
Air Canada uheld i Halifax sk931 Flyforum 11 31-03-2015 08:30
Stavanger - København - Chicago - Omaha - Chicago - London Flybird TripReports 17 28-09-2010 21:14
Norwegian til London fra Stavanger MartinL Flyforum 22 21-09-2007 12:41


All times are GMT +2. The time now is 20:22.


Feedback Buttons provided by Advanced Post Thanks / Like (Lite) - vBulletin Mods & Addons Copyright © 2025 DragonByte Technologies Ltd.
Copyright Foreningen Flyprat, Scanair og bidragsytere. Enkelte ikoner fra Famfamfam CC-BY.