![]() |
|
![]() |
#1 |
Developer
![]() Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,954
|
![]()
Då var dagen omsider komen for julebord i Seattle, med routing TRD-OSL-ARN-ORD-SEA. Avreise frå Trondheim med SK335 onsdag 19.januar -og for dei som kjenner til det nummeret, så starter den kl 0610. Noko som betydde veldig tidleg opp. Ankom innsjekking utan å fått sjekke inn på nettet dagen i forvegen, uvisst av kva årsak. OptionTown-oppgraderinga mi frå E til E+ på ARN-ORD, blei det (sjølvsagt) ingenting av, og det fekk eg varsel om ca 6 timar før avreise i Trondheim. Eg hadde no bestemt meg på førehand at dette skulle bli ein tur i C-klasse uansett, men skulle bruke poeng for oppgradering til C frå anten E eller E+, så eg fekk dama til å legge inn ein request om dette, etter at ho omsider fekk sjekka meg inn. Var masse kluss med å få meg sjekka inn -"feil adresse" stod det visst, så innsjekk måtte visst foregå i eit gammalt system. Jaja, heilt greit, så lenge eg fekk BP
![]() Kom til Oslo, og spaserte til den ventande gaten for ARN, som skulle gå 0745, og satte meg i 21A, og gleda meg veldig til ankomst ARN, for så å ta sikte på den ventande SE-REE som skulle ta meg til ORD (SK945), forhåpentligvis i C-klasse ![]() Ankomster og avganger går på rutetider, så det er bare å traske avslappa mellom gater, og omtrent spasere ombord -ikkje noko hastverk og dårlig tid. Dog, ikkje tilstrekkelig med tid til å gå innom lounger, men det er jo greit nok. Ankomst ARN var såleis også presis. Så eg gav meg i kast med å finne F-piren og passkontrollen, og det såg ut til å vera null problem, og gjennom passkontrollen starta eg utkikk etter gaten, og så var det å finne ut korleis det gjekk med oppgraderinga mi mot den nette sum av 30k bonuspoeng.... No veit eg ikkje om eg "dreit meg ut", men eg var ikkje klar over at eg måtte passere 2 BP-sjekkpunkter på gaten, så eg forstod det slik at oppgradering fekk eg i Servicesenteret like etter passkontrollen på ARN, så eg gjekk dit.....Der fekk eg beskjed om at det var full stopp på oppgradering til C-klasse.... fordi det var tomt for mat... Slik eg forstod det, stod det nok ikkje på ledige plasser -ein god peikepinn på ledige seter frå Martin's screenshot av Exportflyer viste det dagen før. Og eg som hadde gleda meg slik ![]() ![]() ![]() 14H på SE-REE, A330 ![]() Utover den misslykka oppgraderinga, så var reisa fin. Opplevde at strømuttaket ikkje klarte å levera strøm til laptopen min likevel, slik eg hadde forventa, men eg forstår det slik i etterkant på informasjon frå Discus, om at uttaket bare takler lading eller bruk, og sidan eg satsa på begge deler, så kutta det ut. Neste gong får eg vippa ut batteriet, eller bare lade den. Likevel, så fekk eg god assistanse frå crew, som tok med pcen i gally og lada den opp -supert! Hadde også store problem med adapteret eg hadde kjøpt for Usa-oppholdet -det passa ikkje til europeisk standard merkelig nok, men pursers avbitertang justerte det, så eg fekk lada batteriet. Måltida i E+ var det ingenting å sei på -huskar ikkje heilt om det var middag og kvelds, eller snack + middag, men uansett så kom dei slik Middag -kylling ![]() Snack -roastbiff og laks ![]() Obligatorisk "ut-vinduet-bildet" ![]() Last edited by zico77; 30-01-2011 at 19:18. |
![]() |
![]() |
![]() |
#2 |
Developer
![]() Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,954
|
![]()
Ankom etter mange timar Chicago, og starta på det som mange har omtalt som eit langvarig venteopphold... immigrasjon. Frå fremst i E+, er eg ute -ikkje bak, men saman med Businessclass, og kommer langt fram i køen ved passkontrollen. Venter muligens 2 minutter før min tur. Bruker vel ca 3-4 minutter til å registrere fingrer, pass og svare på spørsmål, før eg kommer meg ut til bagasjen. Der tar det ikkje lange tida før båndet snurrer med bagasjen min på. Eg trur ikkje eg slår Discus' rekord på 8 minutter ut i friluft, men moglegvis ute på 12-14 minutter. Det vil eg vel ikkje påstå er lange ventetida
![]() ![]() Vel ute, venter ein avtale med Tommy777 for litt kjØLig drikke, noko me inntar på lobbybaren på Hilton ved ORD. Tommy fiksa ein transport av flaske-tabben min, så alt gjekk fint til slutt -og for å gjera Martin blid, så sendte han dei likegodt til seg sjølv på hotellet med FedEx -genialt! ![]() ![]() I lobbybaren møter me også Speedy, som også skal avgårde med UA929 til Seattle, samme flight som meg. Så etter å ha tømt flaskene, og redusert tida til avgangen, forlot me Tommy for denne gong, og spaserete til terminalen. Sølvkort er veldig ok for å korte ned oppholdet her, så me traska gjennom fasttracket, og kom oss til gate -der den akkurat var igong med boarding. Sidan me satt på ulike seterader, så spurte me dama i skranken om å få sitte saman -og sidan setet ved sidan av meg var ledig, så fekk Speedy ein upgrade til E+, 12E. Det får me vel kalle ok service ![]() Flyturen frå Chicago til Seattle forløp heilt fint. Det var begynt å dra på antal timar våken, så augene var i ferd med å blunde litt på denne turen, men me var våkne begge to når me ankom Seattle 1730 lokal tid. Og, sidan familien min har ein del utvandra slekningar i Seattle, fekk me skyss av mor sin onkel, med andre ord skikkelig flott service ![]() Etter ei god natt søvn, kom eg meg i gong att, og fekk meg frokost. Etter å ha innteke frokosten, møtte eg Martin og Speedy, og tok ein runde med kles-shopping, før eg etterpå tok turen til SEA for å møte BSSW, LN-MOW og Discus. Då me omsider fekk alle på plass, og leigebilen var henta ut, kjørte me for ein spotterunde på Boeingfield. ![]() ![]() ![]() Videre var det tur innom Vons for drikke og mat -kor det til å starte med blei trøbbel pga manglande pass -her måtte det vises id...! Jo, fint vel og merke, men han kunne jo akseptert førerkortet, men neida -så det blei ein tur attende til hotellet for korrekte id-papirer. Artig, men det skal jo vera litt amerikansk også då ![]() Last edited by zico77; 30-01-2011 at 21:37. |
![]() |
![]() |
![]() |
#3 |
Developer
![]() Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,954
|
![]()
Fredag var me på omvisning på Boeings fabrikker i Renton og Everett. Det blei mange meter med spasering i dei store fabrikkhallane, men jaggu var det ein flott omvisning. Der var det nærkontakt med nyfødde 737, 747, 767, 777 og 787. Strenge fotoreglar, så ingen bilder derifrå. Naturlegvis eit stort høydepunkt på turen
![]() Lørdag var ny runde med spotting på Boeingfield og Everett, men noko seinare oppstart etter fredagsfesten ![]() På Boeingfield ![]() Spottere i arbeid ![]() Desperat spotter i arbeid ![]() Lokale spottere i arbeid, med bedre utstyr ![]() paparazzi i arbeid ![]() ![]() Drømmelinja ![]() Nærkontakt med vindunderet.... ![]() ![]() Under innflygning til SeaTack ![]() ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#4 |
ScanFlyer Mile High Club
![]() Global Moderator Join Date: Dec 2009
Posts: 7,629
|
![]()
Fin Trip og Bilde raport.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#5 |
Developer
![]() Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,954
|
![]()
På Everett
Kul painting, men litt merkelig parkering.... ![]() 747-8 Cargo ![]() ![]() Ein gjeng nye uleverte 787 ![]() Rånere ![]() Overflyger.... ![]() På søndag tilbragte eg dagen saman med dei utvandra slekningane mine, og fekk ein tur rundt i Ballard. Kvelden, den siste på denne turen, vart avslutta med eit måltid saman med Speedy og BSSW. Deretter var det å ta kvelden, for å komme seg opp til heimturen, som skulle starte med avreise frå hotellet ca kl 0600. Drosjen bragte meg til United, kor eg skulle starte ferda heimover. Innsjekk skulle også her visa seg å bli litt krøkkete, sidan eg hadde eit dyr med meg?! -rettelse, allergisk mot dyr skulle det vera -nokså fantastisk at det brukes samme kode om "allergi mot dyr" og "ta med dyr". Noko som tydlegvis skapte trøbbel for meg først og fremst ved innsjekk på nettet kvelden i forvegen. Dama klarte heller ikkje sjekke meg inn lengre enn til Chicago -uvisst av kva årsak, men det blei nevnt av einkvann, at når OptionTown er inne og tuklar med bestillinga, så fungerer ikkje innsjekk korrekt lengre. Og, som korrekt gjetta, OT var innom billetten min, for å vurdere meg til oppgradering til E+ på heimveg også. Naturlegvis var det ledige seter i alle klasser, så også denne gong fekk eg ingen oppgradering av OptionTown. Dog, eg hadde fått nok ein nedtur på billetten, så hadde eg enno ikkje gitt opp håpet om å få meg ein tur i C-klasse på Sas IC. Også ved ny innsjekk på ORD, skulle det vise seg å bli trøbbel med innsjekken min -eg fekk boardingpass til ARN -med andre ord eg måtte enno ein gong sjekke inn ved ankomst på ny flyplass -blei litt slitsomt etterkvart. Kom meg uansett til gate M15 på Chicago, og la på nytt inn ein request om upgrade frå økonomi til business. Fekk beskjed om at eg stod på venteliste, så eg augna no eit lite håp denne gong. Og etter å ha pintes i vel 10 minutt, og fått teke eit bilete av transportmiddelet mitt heim, SK946, A330, SE-REF ![]() -fekk eg omsider nytt BP med påskrifta 1G. Med andre ord blei det tur i C-klasse ![]() ![]() Som newbee i C-klasse, så måtte eg jo som hør og bør, ta nokre bilete Beinplassen var ok ![]() Så viste det seg at eg skulle sitte åleine ved to-seteren fremst til høgre i kabinen, så då bytta eg likegodt til 1H -upåklageleg der og ![]() Velkomstdrikke ![]() Middagen, ein biff (gløymte å ta av lokket under fotoseansen) ![]() Fekk utlevert eit kitt med nødvendig utstyr for tannpuss, høyrepropper og augebind, så alt låg tilrette for å sove på turen -noko eg også valgte å gjere deler av reisa, etter å ha sett ein video på skjermen min, og fått i meg eit par GT. Det var ein del risting underveis, så litt uroleg blei det. Ikkje heilt utkvilt når eg kom fram. Valgte å våkne til frokost, og fekk meg eit måltid å starte den nye dagen i Sverige med. Å reise C-klasse på IC er jo noko heilt anna enn økonomi. Fasilitetane var langt bedre, og større, servicen syntes eg var veldig bra. Fekk utlevert drikke, og servert på kvit og fin duk. Eg er ingen kjenner av kvaliteten til dei ulike aktørane på langdistanse i businessklasse, men SAS leverte meg eit flott produkt ![]() ![]() Så var det, dessverre ankomst på ARN, og eg måtte forlate setet mitt, og gi meg i veg mot nok ein ny innsjekk for tur til Oslo og Trondheim. Også her skulle det bli problemer med innsjekken -men det var jo blitt ein vane, så eg tok det med knusande ro. Eg spurte jo også om eg hadde inngang til Sas lounge på ankomst i C-klasse, noko eg dessverre ikkje hadde -eg måtte evt ha gullkort -noko eg ikkje hadde -men eg hadde akkurat passert gullstatus på ankomsten, så ho fekk endra boardingpasset mitt til Oslo å inneholde SK*G, og då blei det ein halvtime i loungen ![]() Turen til Oslo blei jo ein rake motsetning til turen over dammen -tull i innsjekk enda med siste ledige setet, 30A, heeeeeilt bakerst utan moglegheit for å lene setet bakover, og der kom det jaggu ei svensk dama i B-setet, som også skulle bruka armlenet -og då var kampen i gong. Godt det blei ein kort tur. Sidan eg skulle tilbringa dei 3 neste dagane på arbeid i Oslo, så avslutta eg reisa mi ved ankomst på OSL, og droppa turen heimom Trondheim -heim til Trondheim kom eg først på fredag. Seattle julebordet er over for denne gong, og eg har komme meg heim. Ein flott tur, og flotte opplevingar saman med mange flotte mennesker! Absolutt noko eg kan gjera fleire gonger! ![]() ![]() Storveis! |
![]() |
![]() |
![]() |
#6 | |
Browncoat
Join Date: Oct 2007
Posts: 6,251
|
![]() Quote:
![]() Hyggelig å treffe deg igjen Håvard, untill next time ![]() Bra TR ja ![]()
__________________
"The human body can be drained of blood in 8.6 seconds given adequate vacuuming systems." - River Tam |
|
![]() |
![]() |
![]() |
#7 |
Free Luigi
Join Date: Mar 2009
Posts: 6,288
|
![]()
Allergisk mot dyr?!
![]() Klapper meg selv litt på skuldra fordi jeg kom meg igjennom all teksten - til tross for nynorsk - og sier takk for trip reporten! ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#8 |
Developer
![]() Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,954
|
![]()
dessverre
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#9 | |
ScanFlyer Inventory
![]() Galley Slave Global Moderator Join Date: Apr 2008
Posts: 26,727
|
![]()
Takk for rapporten - hyggelig at du havnet på C-klasse til slutt. Takk for hyggelig lag i Seattle.
Det der med lounge-tilgang på ARN må være feil, på sas.no står det: Quote:
http://www.sas.no/no/Alt-om-reisen/SAS-Lounger2/
__________________
________________________________________ An airport runway is the most important Main Street in any town. (Norman Crabtree, Former Director, Ohio Department of Transportation) |
|
![]() |
![]() |
![]() |
#10 | ||
ScanFlyer Mile High Club
![]() Global Moderator Join Date: Sep 2004
Location: Til høyre for OSL
Posts: 13,653
|
![]() Quote:
Quote:
![]() |
||
![]() |
![]() |
![]() |
#11 |
Newcomer
Join Date: Jun 2009
Posts: 39
|
![]()
Fin dokumentasjon. Har en eller anna greie for widebodies i Scandinavian-farger.
Blir alltid like overraska hvor liten 787en er. |
![]() |
![]() |
![]() |
#12 |
ScanFlyer Molded
Join Date: Sep 2004
Location: ENBR / BGO
Posts: 2,430
|
![]()
Flott rapport Håvard!
Meget hyggelig å hilse på deg også! :-) |
![]() |
![]() |
![]() |
#13 |
ScanFlyer Molded
Join Date: Sep 2007
Location: Oslo
Posts: 2,540
|
![]()
Flott SEA-rapport !
![]()
__________________
Hjemme bra - borte best / You'll Never Walk Alone |
![]() |
![]() |
![]() |
#14 | |
Free Luigi
Join Date: Mar 2009
Posts: 6,288
|
![]() Quote:
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
#15 | |
Developer
![]() Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,954
|
![]() Quote:
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
#16 |
ScanFlyer Inventory
![]() Galley Slave Global Moderator Join Date: Apr 2008
Posts: 26,727
|
![]()
Der ser man - jeg glemte at det var poengoppgradering når jeg hadde lest så langt. (Og de få gangene jeg har fått poengoppgradering ved innsjekk har jeg sluppet inn i loungen, men det er en del år siden)
__________________
________________________________________ An airport runway is the most important Main Street in any town. (Norman Crabtree, Former Director, Ohio Department of Transportation) |
![]() |
![]() |
![]() |
#17 |
ScanFlyer Rusty
![]() Join Date: Sep 2004
Posts: 5,936
|
![]()
Takk for rapporten H. Jeg er med igjen neste år
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#18 | |
Superflyer
Join Date: Oct 2004
Location: Barteland
Posts: 4,569
|
![]() Quote:
![]() ![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
#19 | |
Browncoat
Join Date: Oct 2007
Posts: 6,251
|
![]() Quote:
![]()
__________________
"The human body can be drained of blood in 8.6 seconds given adequate vacuuming systems." - River Tam |
|
![]() |
![]() |
![]() |
#20 |
ScanFlyer Silver
Join Date: May 2007
Posts: 749
|
![]()
Flott rapport! Skal dette være til neste år også? Samt er det noe aldersgrense for hvor gammel man må være for å være med?
|
![]() |
![]() |
![]() |
|
|
![]() |
||||
Thread | Thread Starter | Forum | Replies | Last Post |
Julebord Seattle - Gruppebilde | LN-MOW | Bilder & foto | 14 | 02-02-2010 11:15 |
Scanair-julebord i Seattle | dc-8-63 | Flyforum | 204 | 26-01-2009 21:52 |
Julebord - Seattle '08 | LN-MOW | TripReports | 13 | 05-02-2008 17:50 |
The Julebord (Seattle) | dc-8-63 | Flyforum | 52 | 23-01-2008 22:09 |
Julebord i Seattle | LN-FHU | Flyforum | 260 | 18-01-2008 08:01 |