Flyprat


Go Back   Flyprat > Reiseforum
Register Cookies FAQ Community Calendar Today's Posts Search

Notices

 
 
Thread Tools Display Modes
Prev Previous Post   Next Post Next
Old 26-07-2013, 12:38   #1
sexten
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Jun 2013
Location: BGO
Posts: 289
Default 2014-ferien. Thailand + Malaysia. Tips/erfaringar?

Eg veit ikkje om slike trådar er så veldig populære her på forumet, men eg prøver likevel.
Om eg bryt nokon reglar så orsakar eg.

I mars var eg og min bedre halvdel 2 veker i Krabi/Ao Nang, og me falt begge heilt pladask for Thailand. Eg pleier aldri å reise tilbake til feriedestinasjonar eg har vore før, men her måtte eg rett og slett gjera eit unntak. Så seint i Mars/tidleg April har me lyst å reise tilbake.

Eg har lagt opp ei reiserute som eg trur(?) er optimal for oss både opplevingsmessig og prismessig, men vil gjerne høyra om nokon andre har bedre forslag.
Det eg er ute etter å høyra er eventuelle tips/tricks og input. For eksempel om du kjenner til ei bedre reiserute, eit bedre hotell osv.
Dette gjeld særskild Malaysia og Bangkok, då dette er ukjent territorium for oss.

Så, her er foreløpig reiserute:

Dag 1: OSL -> BKK med Thai Airways.
Dag 2: Etter immigrasjon på BKK, BKK -> KBV med Thai Smile.
Me sjekker inn på Aonang Phu Petra Resort i ein Gloriyo Poolside Villa.
Forrige gong budde me på Ananta Burin der me hadde "Direct Pool Access", dette var noko me likte svært godt og valte derfor Phu Petra som har bassenget rett utanfor døra di.
Dag 10: Me vert henta i minibus og kjørt til Hat Yao Pier der me tar Tigerline Travel si ferje til Koh Lipe.
Me sjekker inn på Idyllic Concept Resort i eit i-LUXURY rom, igjen med pooltilgang
Dag 15: Me tek ferja til Langkawi der me etter immigrasjon sjekker inn på Berjaya Langkawi Resort i ein Rainforest Chalet. Har alltid drøymt om å bu på ei styltehytta over vatnet, men synes prisane var noko stive her så dette vert nok utsatt til me besøkjer Maldivene eller Tahiti. Eventuelt så tek me kanskje 1 overnatting i ein slik Suite.
Dag 18: LGK -> SZB med Firefly.
Me sjekker inn på Somerset Ampang i eit 1-Bedroom Executive Romance. Valgt hovudsaklig pga. basseng og utsikt.
Dag 20: KUL -> SZB med AirAsia.
Me sjekker inn på Chatrium Riverside Hotel i ein Grand Suite. Bassengene, utsikta og balkongen virka svært tiltalande for oss. Sheraton Grande Sukhumvit frista, men usikker på om det er verdt den dobla prisen (for våre behov). Tar kanskje 1 natt der.
Dag 24: (Hvis 00:55 om natta kan kallas "dag"), BKK -> OSL med Thai Airways.

Me har nokolunde oversikt på Krabi/Ao Nang og Koh Lipe, men som sagt er Malaysia og Bangkok nytt territorium for oss.

Set stor pris på all form for feedback
På førehand takk.
sexten is offline   Reply With Quote
 


Posting Rules
You may not post new threads
You may not post replies
You may not post attachments
You may not edit your posts

BB code is On
Smilies are On
[IMG] code is On
HTML code is Off

Forum Jump

Similar Threads
Thread Thread Starter Forum Replies Last Post
Malaysia - tips og anbefalinger LNv22 Reiseforum 69 30-11-2022 01:38
Hotell tips Thailand (BKK og HKT) SudCaravelle Reiseforum 30 25-02-2015 21:26
Kuching, Ai Batang, Kota Kinabalu, Malaysia - tips? kblaur Reiseforum 1 13-06-2012 00:33
Malaysia/Thailand i januar ex_trd Reiseforum 6 20-04-2009 20:40
Tips til ferie i Thailand svetho Reiseforum 9 04-01-2008 10:35


All times are GMT +2. The time now is 16:07.


Feedback Buttons provided by Advanced Post Thanks / Like (Lite) - vBulletin Mods & Addons Copyright © 2025 DragonByte Technologies Ltd.
Copyright Foreningen Flyprat, Scanair og bidragsytere. Enkelte ikoner fra Famfamfam CC-BY.