![]() |
|
![]() |
#1 |
Rakettforskar
![]() Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
|
![]()
Her er ein reiserapport frå ein tur som var for nokre år sidan. Kom på at eg kunne like greitt skrive nokre linjer då eg sette meg ned og skreiv opp det eg trur eg har reist med gjennom tida. Alibiet for å poste her er at dette er eit utradisjonelt reisemål, Twin-otteren og at eg vart sittande og mimre over bilda her ein dag. Då var det greitt å skrive ned litt av historia med ei anna vinkling. Dette som står her er på langt nær alt... Blir det for OT får mod flytte tråden til NFZ eller så.
Altså, dette er ein litt utradisjonell tur, det var på ingen måte flyturane og den reisa i seg sjølv som var hovudpoenget, men eg skal prøve å vinkle det litt om ![]() I den gjengen eg vaks opp, var det stort sett friluftsliv og eventyr som var det viktige, heller enn fest og fjas. (Nokon av oss får til det og...). Den store helten i tenåra var sjølvsagt Lars Monsen. Og Helge Ingstad. Så etterkvart vart fantaseringa om å padle ned ei elv i Canada eller Alaska meir enn fantasering. I 2001 feiga eg ut (dårleg unskylding var skule og jobb som eg garantert hadde fått til å løyst...) og dei andre for uten meg. (Dei kom tilbake til sivilisasjonen 12. september 2001, og vasa inn på flyplassen ein stad i nord-Canada med rifle og hagle på skuldra uvitande om at det var sett på som ein uting den tida... Dei reiste også på rundtur i Sør-amerika og heldt på å bli stranda pga. flykonkursar den hausten...) Vel, nokre år seinare starta planlegginga igjen, og eg kunne ikkje seie nei. Tre av dei eg reiste med har minst ein sesong bak seg som rafteguider, to av dei har jobba som fjellførarar, klatreguider mm. For meg sjølv, og dei to siste, var det meir eit spørsmål om å gjere som vi fekk beskjed om, og betale inn pengar for flybilletten ![]() Ruta var planlagt slik: Oppmøte hjå meg (budde då i Horten), taxi/minibuss til Gardermoen, SK til Frankfurt, AC til Calgary og Yellowknife. Så sjøfly frå Y’knife til padlestart i Norwegian Lake. Padling ned Elieen river til ho møter Snowdrift, og vidare Snowdrift ned til Great Slave Lake. Fly tilbake til Y’knife og retur Noreg. (Via LHR denne gangen). Enkelt og greitt! Det vart litt diskusjon og himling med augene då bush-selskapet (Artic Sunwest) meinte dei ville selge oss ein Twin Otter... At vi skulle chartre eit heilt Widerøe-fly sat litt langt inne, men pga. range og bagasje vart det slik. Turen bortover gjekk greitt. Karane hadde på førehand klargjort det som skulle av papir for å få med seg våpen ut av Noreg, inn i Canada og tilbake igjen. Stort sett smertefritt. Det visste seg at vi hadde meir kontroll enn dei fleste tollarane, iallefall. Vi hadde jo ganske store og tunge kolli, og pakka slik at kvar av oss fekk utnytta våre 2x23 kg til fulle. Måtte betale litt ekstra for våpena; men fekk tapa samen koffertane slik at det vart to kolli med tre våpen i kvar. Ikkje eit gram til overs, men heller ikkje overvekt! Langdistanse bak i flyet var heller ikkje så artig den gangen. Nattfligth; ein av reisefylgje snorka heile vegen, vi andre vrei oss i setet, vekselsvis såg film og leika zoombie. Bagasjen vår vakte litt oppsikt under transfer og fortolling i Calgary; handling-gjengen lurte på om vi hadde fått sjekka vekta på baggane Ally-kanoane låg i (jupp, det har vi!) og første tollaren var eit lite spørsmålsteikn då han såg oss, våpena og papira. Kunne vi ta inn desse til landet? Kosta det pengar? Kva skulle vi?? “Wild game protection” var svaret på det meste. Etterkvart kom det ein senior (såg ut som ein gammal ranger) og sa “it’s okay, they can ofcorse bring their guns, no problem”. Ein spent og trøtt gjeng tok fatt på siste leggen. I Y’knife vart det innlosjering på motel (tre på rommet, spare pengar, KAOS), ekspresshopping av mat (handleliste/planlegging før vi kom fram? Nope) og anna utstyr som åre, fiskestenger, koppar og kar, steikepanner ++++. Ei overraksing for oss alle var at VISA ikkje kunne brukast til noko (anna enn minibank) så dei to av oss som hadde MasterCard måtte blø... Etter tre dagar var vi endeleg reiseklare! Kvelden før hadde vi levert bakgasjen på sjøflykaia. Store auger der også; rett på bagasjevekta for å sjå om dette kunne gå... Vi hadde ca 600 kg bagasje, noko som var rundt halvparten (?) av kva flyet kunne ta (og akkurat slik at kanoane kom til å få greitt med fribord også...) Dette var første gangen min ombord i Twin Otter, og første gang i sjøfly. Spennande! Turen innover var fin; godt veir og ikkje så mykje risting. Men litt. Ein i fylgjet spydde som berre juling. Eg prøvde å konsentrere meg om utsikta den godt og vel halvanna timen turen varte. Utsikt over Slavesjøen. Strengt tatt frå returen, men men ![]() Over Slavesjøen fekk vi oss ei lita overrasking. Det var is der! Ups, var vi for tidleg ute?? Slutten av juni er tidleg, vi var klarover det. Men slik måtte det bli; ikkje berre-berre å få fri i fem veker frå jobb (ein av oss sa like greitt opp jobben sin og tok det problemet seinare...) Pga is ved det planlagde ilandsettingspunktet i Norwegian lake også, måtte vi ta eit par runder og finne brukande leirplassar, og lang nok is-fri landings og avgangsplass. [I]Flyet godt bakka opp på stranda. Legg merke til den solide fortøyinga...[I] ![]() Og der blir vi åleine... ![]() Heimen vår dei første dagane. Her var det bjørnespor! (Desverre einaste vi såg av bjørn på heile turen). ![]() Vi låg iro her i tre dagar pga. forma til ein av karane, fekk fiska litt (fisk nr. 1 på 6 kg og nr. 2 på 2 10 kg med hauet til fisk nr. 1 i magen...), pakka om og trena litt på padling. Eg hadde aldri sete i kano før den første dagen ved Norwegian Lake, bortsett frå på leirskule... Litt fangst!: ![]() Leir: ![]() Her var det fint, gitt... Utsikt over Norwegian Lake ![]() Får sjå om eg finn bilda frå innlasting i flyet og kartet etterkvart...
__________________
none.... |
![]() |
![]() |
![]() |
#2 |
Rakettforskar
![]() Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
|
![]()
Turen nedover elva (Eileen) var fantastisk. Nokre røffe områder der det vart litt jobbing; enten fløting eller bæring. Lengste bærestrekket var vel ca 4 kilometer; vi måtte gå fire turar pr. pers. Fisket var også greitt; Lake trout, harr og gjedde.
Jobbings av den lette typen ![]() Som alltid i ein reiserapport; mat! (pannekake) ![]() Fiskeblink! ![]() Utsikt frå cockpit: ![]() Ganske blikkstilt: ![]() Eileen møter snowdrift: ![]() Nedover Snowdrift starta vi med nesten 200 km roleg elv. Desverre dårleg fiske bortsett frå i innsjøane pga. grunn elv og mykje sandbotn. Somme dagar gjorde vi fire mil omtrent ved å berre ligge på dekk. Hærleg!! Ganske greitt å leve slik... ![]() Meir mat. Her er det ei historie eg kunne fortalt... Vi hadde ikkje dette med oss ut... ![]() Stort sett hadde vi bra veir; nokre alvorlege regnskurar om ettermiddagane førekom, men alltid fint igjen til kvelds og neste morgon. Innførte 16-timersregelen; alt er tørt igjen etter 16 timar. Det var også såpass varmt at myggen var borte på dagtid. På ettermiddagane greide dei få myggane som var der å lage eit lite h*vete, og handbakane mine var blodige resten av turen. Handskar er null probem for canadisk bygg; dei har harpun som går gjennom... Dei siste fire mila av Snowdrift var vi litt spente på. Snowdrift er ikkje ei veldig ofte padla elv, og det er gjerne nordmenn som reiser dit pga. at dette er midt i Helge Ingstad og pelsjegerlivland. Sitat Ingstad: “Snowdrift er ingen elv for kano … Sjebnen la sin hånd over oss da vi danset nedover de hvite toppene”. (Fritt frå hugsen). Så, dette kunne vel implisere litt ekstra bæring. Det vart fire lange dagar med mykje jobbing. Før vi tok til på det verste rasjonerte vi med maten og kvitta oss med alt overflødig for å spare vekt. Det viste seg at vi tross alt hadde truffe greitt; vi hadde mat til turen pluss dei tre bufferdagane vi såg vi ikkje kom til å bruke. Og slik såg dei siste fire mila ut... ![]() Vi kom oss godt ned, jobbing og spennande padling. Vart påtruffe av ein gjeng med indianarar då vi nærma oss målet. Dei sirkla seg seeeeeint inn på gjengen som var midt utpå sjøen med jervenduk som segl. Trur ikkje dei såg poenget i det vi dreiv med. Lutsel’ke: ![]() Vel nede i Lutsel’ke handla vi litt ferskvarer på Coopen, ringde heim til frøkna og såg oss rundt. Ikkje verdas mest sentrale strøk, dette... Vi fekk prata med nokon som peika oss i retning flyselskapa, traff på ein dude som skifta frå Air Tindi til Sunwes-caps då vi sa ka vi skulle, og ringde selskapet i Y’knife for oss. Då viste det seg at vi hadde hamna nederst i bunken; dei hadde ikkje planar om å hente oss med det første. Ein i laget jobbar som helikopterpilot i eit stort europeisk selskap og fresa litt over dispatch-folk og slikt. Han tok telefonen, fekk forklart dei bestemt, men sakleg, at vi hadde betalt for frakt begge vegar og hadde planar om å komme oss med fly heimover om fire dagar. “Ja, då kjem vi om tre”, fekk han vite. Ikkje aktuellt, og etter enno meir akedering fekk vi beskjed om å vere klare i tolvtida dagen etterpå. Vi gjekk ombord i kanoane for nest siste gang, palda over på andre sida av “fjorden” og slo leir der. 30 meter frå land slapp ein vind utan like ut av ein sekk og det gjekk kvitt på eit blunk. Rart å oppleve! Fann oss leirplass, frotsa egg og bacon og sov godt. Dagen etterpå pakka vi ned kanoane, donerte verktøy, fiskestenger, kokekar, litt ammo og forskjellig til dei som ville ha. Etterkvart kom Twin-Otteren. Eit ubeskriveleg kjekt syn! Dei tre siste vekene hadde vore fantastiske, men eg var klar for å komme heim. Ny kaptein, men det var same “lærlingen” som flaug oss ut som kom. Taxi! ![]() Har alvorleg mykje meir bilde. Men det får greie seg her.
__________________
none.... |
![]() |
![]() |
![]() |
#3 |
Rakettforskar
![]() Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
|
![]()
Etter ein tur i dusjen vart det kleshopping og tur på Pizza-hut. “You guys clean up nicely!”, sitat ei av damene på klesbutikken. Vi hadde pakka saman skramlet vårt rett ved røykebenken deira. Servitrisa på Pizza-hut såg også litt rart på oss då bestillinga på to ekstra pizza (etter dei fire første) kom...
Vel, det vart meir sjå-seg-rundt, avslapping og pizza-eting. Eg vart dritlei pizza, men det var det som fleirtalet ville ha. Burger vart for “fancy”... Jaja. Vi kom oss ein tur på WildCat Cafe iallefall, ein legendarisk serveringsstad frå gamledagar. Gulrotkaka på Wildcat: ![]() Så var det dags for innsjekk igjen. Vi tok hintet då vi såg bagasjehaugen og reiste oppover på flyplassen nesten tre timar før avreise. Det viste seg å vere lurt. Jenta i skranken såg på oss med vantru auge då vi trilla fram vogn etter vogn. Vi fekk oppriktig skryt for å ha komme dit i god tid... Vi skulle ha med oss litt meir heim enn vi hadde med oss over, så basicly prøvde vi å snike unna eit kolli til uten å betale noko for det.... Etter litt fram og tilbake fekk vi beskjed om å betale litt meir; trur vi måtte betale for eit ekstra kolli med ordinær bagasje, men denne gangen gjekk dei to våpenkollia uten kostnad. Hugsar ikkje heilt korleis det var, men etter å ha lest alle reglar i ettertid var konklusjonen at vi slapp ganske billeg unna. Litt av bagasjen... ![]() Etter nok ein ordinær flytur kom vi endeleg til Gardermoen igjen, der drosjebilen frå Horten venta på oss. Litt skeptiske; denne bilen såg litt mindre ut enn den som køyrde oss ut. Men det gjekk. Vel, alt dette vart ein knallfin tur! Vi reiste til ein roleg del av landet; for langt sør både for ulv, bjørn og rein i store mengder. Fasit vart ein ulv, eit 20-tals moskus og ein elg. Fisket var heller ikkje knallbra heile tida, men nokre gulltreff vart det. Og eg fekk sjå med eigne auge at harr gjerne kan fiskast med haglpatron som agn, då eg mista ei ut i elva... No har det gått så lang tid at gjengen har så smått begynt å prate om ei ny tur. Eg har lyst å vere med, men vi får sjå. Familiesituasjonen har endra seg, og fem veker på sommaren er ganske dyrebart. Om eit par år, kanskje. Det var iallefall verdt det sist! Reisekostnadane var jo der, men utstyrskostnaden treng ikkje verte så ille. Har ein gått litt i fjellet før har ein gjerne det som trengst. Håpar dette fall i smak og kanskje kan inspirere litt!
__________________
none.... Last edited by roger; 02-01-2013 at 21:36. Reason: Ups. url --> IMG |
![]() |
![]() |
![]() |
#4 |
Superflyer
Join Date: Oct 2004
Location: Barteland
Posts: 4,569
|
![]()
Hørtes ut som en fantastisk tur !!!! Flott rapport, kom gjerne med flere bilder.
![]() ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#5 |
ScanFlyer Rusty
Join Date: Sep 2004
Location: Romerike
Posts: 6,232
|
![]()
Herlig! En offcountry tur til Canada's villmark hadde vært utrolig morro å få oppleve en gang!
__________________
[SCHENGEN YTTERGRENSE] |
![]() |
![]() |
![]() |
#6 |
Newcomer
Join Date: Jan 2010
Location: vålerenga
Posts: 31
|
![]()
Damn for en kanonrapport !! Tusen takk
![]() R
__________________
sliter med en seig flyskrekk |
![]() |
![]() |
![]() |
#7 |
ScanFlyer Silver
Join Date: Feb 2007
Posts: 666
|
![]()
Fantastisk rapport.
Så helt rått ut !!!! ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#8 |
ScanFlyer Dusty
Join Date: Mar 2012
Location: Bærum
Posts: 4,633
|
![]()
Gosh! Knall rapport fra herlig original(t) reise(mål)!
Tusen takk for at du deler ![]()
__________________
Jeg har ikke vært overalt, og det ser ut til å kunne ta litt tid |
![]() |
![]() |
![]() |
#9 |
Rakettforskar
![]() Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
|
![]()
Kjekt at de likar rapporten! Eg skal fylgje oppfordringa, og legg ut nokre bilder til:
Ruta. Manglar desverre målestokk... Y'knife ligg enno ein time med Twin Otter vest for Lutsel'ke. Slavesjøen er stor! ![]() Ei av dei omtala regnskurene... Ganske heftig, men heldigivs kortvarig... Ned eit stryk. Litt usikker på kvar det er, truleg i Eileen river. Nybegynnar framme og erfaren kaptein. Dette var fast lunch. Ferske bollar. Vart gode på å få til dette på kort tid etterkvart. Litt dårleg leirdisiplin på ein av kviledagane...! To erfarne i båten, då går det bra. Enklare enn fløting sjølv om vi andre måtte gå! Dette bildet lyg litt. Slik var horisonten nesten 360 grader rundt. Ganske heftig! Ute på ei øy i Stark Lake, ein kort padletur frå Lutsel'ke. Så tette telt hadde vi kun den dagen. Privatliv er greitt, og om bjørn eller moskus kjem på besøk er det greitt om ikkje alle ryk i ein sleng... Håpar dette er til inspirasjon ![]()
__________________
none.... |
![]() |
![]() |
![]() |
#10 |
ScanFlyer Inventory
![]() Galley Slave Global Moderator Join Date: Apr 2008
Posts: 26,707
|
![]()
Takk for en fantastisk rapport!!!
__________________
________________________________________ An airport runway is the most important Main Street in any town. (Norman Crabtree, Former Director, Ohio Department of Transportation) |
![]() |
![]() |
![]() |
#11 |
ScanFlyer Silver
Join Date: Oct 2012
Location: London / Stockholm
Posts: 644
|
![]()
Veldig kult og annerledes tur! Kan ikke si at jeg ikke er misunnelig!
![]()
__________________
Businesstudent, BCN/OSL Gravity, thou art a heartless bitch. ~Sheldon Cooper
|
![]() |
![]() |
![]() |
#12 |
ScanFlyer Gold
Join Date: May 2011
Posts: 1,703
|
![]()
Fantastisk! Drømmen min er å gjøre noe slikt i Alaska, bare med egetfløyet sjøfly for å forflytte meg
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#13 |
ScanFlyer Molded
Join Date: Sep 2007
Location: Oslo
Posts: 2,540
|
![]()
Takk for for denne flotte rapporten, så ut som en trivelig tur.
![]()
__________________
Hjemme bra - borte best / You'll Never Walk Alone |
![]() |
![]() |
![]() |
#14 | |
Rakettforskar
![]() Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
|
![]() Quote:
Takk for tilbakemeldingar!
__________________
none.... |
|
![]() |
![]() |
![]() |
|
|
![]() |
||||
Thread | Thread Starter | Forum | Replies | Last Post |
SAS ligg an til å tape anbud for offentlege verksemder i Midt-Noreg | roger | Flyforum | 0 | 12-09-2017 09:24 |
Transport frå Rygge (splitta frå God mandag fra 35000' over Canada) | SudCaravelle | Småprat | 18 | 04-10-2012 17:16 |
Air Canadas rute til København | Fysikeren | Småprat | 6 | 06-06-2012 09:44 |
Canadas berømte Snowbirds i ulykke | Arrow | Flyforum | 5 | 13-12-2004 09:06 |
OT: Kjære utflyttarar frå Noreg | Arrow | Flyforum | 4 | 11-10-2004 18:37 |