View Single Post
Old 19-04-2013, 16:06   #9
ghostern
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Nov 2011
Posts: 149
Default Re: Hva synes du om Norwegian Longhaul? (Priser, komfort, service etc)

Quote:
Originally Posted by Tommy777 View Post
Dersom jeg skulle reist fra Oslo til Florida paa ferie, hadde jeg brukt 8-9K paa aa kjoepe WT+ med BA og oppgradert til biz med Avios. Ja det koster meg 2 timer ekstra, men det blir billigere, jeg har en flat seng, skikkelig servering og service, mer enn halvparten av kvalifisering til Silver hos BA blir opptjeng + 24K poeng.
Skal du gjere dette er det jo ein føresetnad at du har poeng til å foreta ein slik oppgradering til C. Dei som gjerne berre reiser ein gong i året har ofte ikkje det

Det er veldig bra at folk her inne kjem med sine råd og meiningar om kva som passer best for dei, men det er vel ikkje dermed gitt at andre ikkje kan ha forskjellige preferansar?

Meg sjølv, som realfagstipendiat, burde jo (forhåpentlegvis) ha relativ god kontroll på matematikkunskapane mine. Likevel tok eg ei stipendiatstilling, fullt klar over at det neppe kaster av seg økonomisk. Det var heller mi faglege interesse som overgjekk ønsket om meir løn som gjorde at eg tok den avgjersla. På same måte er det nok fleire som tykkjer det er viktigare å kunne fly direkte OSL - FLL enn evt å få betre service ein anna plass eller ei billegare reise ein tredje plass. Eit fly er tross alt eit stolsete for å kome ifrå A til B for dei fleste. Det er vel gjerne derfor at det er akkurat det Norwegian fokuserar på i mange av sine reklamer.

For meg, som er relativt flyinteressert, kunne eg gjerne flydd med ei mellomlanding viss det var billegare og ikkje mykje meir tungvint, men eg har forståelse for at mange ikkje vil dette. Norwegian sine nye langdistanseflygningar er derfor eit godt tilbod etter mi meining. Vil eg bruke det sjølv? Ja, viss prisen er relativ lik andre alternativ.
__________________
Upcoming flights:
KRS - CPH - DBV - CPH - KRS (WF/SK) June/July
http://my.flightmemory.com/ghostern
ghostern is offline   Reply With Quote