![]() |
|
![]() |
#1 |
Rakettforskar
![]() Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
|
![]()
Dette er første gangen eg prøver meg på trip-report, og debuten blir kanskje ikkje brukt på ei så veldig spennande sak for andre, men likevel. Evt. nyheitsverdi: Test av WF til FRO, første dag i drift for LN-RCY mm) Eg kunne øydelagt to andre trådar med skriveriet mitt, så då lagar eg liksågreitt ein ny i rettare forum. Eg har heller magert med gullkort (det nærmaste eg har er frå Santander, og tek meir frå meg enn det gjev
![]() Vi skal heim til besteforeldra til Mini, både han, Frøkna og meg sjølv. Vi diskuterte kva som var best; fly til Førde (dyrt) eller til Bergen og så ta leigebil heim (billeg flybillett, (SK er billeg ein veg, DY er billeg ein anna veg) dyr bil, sidan vi skal vere vekke fredag -- onsdag. Sidan broderen bur i Førde, og det er greitt å besøke han i nytt hus, og leigebil vart såpass dyrt at prisane vart rimeleg like, vart det TRD - OSL - FDE med avgang midt på dagen og ankomst godt før leggetid for små 6-måninga. Lite ventetid ved OSL og alt vel. Rekk til og med to timar jobb til litt opprydding før avreise. Så... Først får eg ikkje til å sjekke inn på sas.no, og melder meg på i innsjekksproblem-tråden. Det er jo alltid lov å håpe at ved å velge sete langt bak før vi ein tre-setar med ledig sete. Så er teorien. Det gjekk ikkje, men i løpet av natta fekk vi 31E og F.etter SMS-innsjekk .Greitt nok. Kom inn på setevalg dagen etterpå og prøvde å flytte oss lenger fram; rad 20 - 28 var ledig. Det gjekk ikkje, så eg bidrog meir til overnemde tråd. (Takk til LN-MOW likevel). Ungen gav oss ei grei natt, og eg reiste på jobb. Klokka ca 10 tikka det inn SMS med at SK359 er kansellert. WF.no/fly-i-rute seier TECH. Ok. Litt panikk; det er langhelg, det blir uråd å rekke WF191 om vi hamnar på eit seinare fly frå TRD til OSL. Eg er egentleg klar over at SK vil prøve å få meg til Førde på eit vis, men sidan vi skal ut å reise med ein liten ein, er eg ikkje så interessert i til dømes siste flyet på kvelden. Så eg tek først kontakt med WF-chat (som seier at eg skal reise på flyplassen; eg er ca halvanna time unna den) og så ringer eg SK som ikkje vil hjelpe sidan det er ein WF-billlett (og eg skal seie eg er glad eg ikkje var så gnien at eg skulle spare 100 kr pr. pers ved å bestille seperate billettar med SK/WF for denne turen!) Så eg ringer WF. Ho eg treff der synst det er rart at SK ikkje ville hjelpe meg med dette. Ho ser på alternativa; finn eit fly om BGO, men vips; der vart det fullt. “Kva med Florø”, seier eg. Jo, det er betre, svarar dama. For det er visst noko sportsgreier i Førde, så alt utover kvelden er fullt. Vi får plass på eit fly til Oslo (SK356), og så til Florø (WF128). Vi vil vere framme i Førde knapt tre timar etter planen. Det er ikkje så ille! Personleg vart eg då veldig veldig glad for at WF er tilbake i Florø! Ved å kryss-koble WF/fly-i-rute og eit visst forum, ser det ut til at flyet som skal ta oss frå Trondheim til Oslo er LN-RCY, ute på tur for første gang etter episoden med nærkontakt med eit Norwegianfly for litt sidan. Alt ein kan lære ved å merge datakjelder! ![]() Sidan far til Frøkna skal køyre oss for å spare litt parkeringspengar, men han må vere tilbake i Trondheim til to, må vi likevel reise ganske tidleg utover. Det viser seg at er vart lurt. Vi kom på Værnes vel to timar før flyavgang, og vart møtt av ganske mykje folk som hang rundt SAS Servicecenter, men det var slett ikkje fullt av folk før security. Automaten ville, som eg rekna med, ikkje vite av meg, så eg gjekk til betjent sjekk-inn for første gang på lange tider. Laaaaang kø. “Berre gå forbi, skranken vedsidanav er ledig”, seier ei SAS-dame. “Jaha?”, “Ja, dei er ei gruppe, berre gå forbi!”. Så det vart null ventetid før vi treff ei særs triveleg jente i skranken som sjekkar oss inn, er veldig forundra over mangelen på masse bagasjeoverload med bilstol og vogn sidan vi reiser med unge. (Praktisk å reise til slekt; vi fekk låne bilstol, bil og vogn...) Så får vi matkupong sidan flyet vi egentleg skulle med var kansellert. Og der har det skjedd ting. Eg meinar sist eg fekk ein slik, var det 80 kroner. No var det 225 pr. pers! Det blir ein jo faktisk mett av, sjølv på ein flyplass! Eg innsåg fort at vi har komme veldig veldig godt frå dette. Frøken traff ein kamerat som skulle til London på fotbalkamp mm, men som vart minst eit døgn forsinga → null fotballkamp. Vi rusla inn i avgangsterminalen, eg lasta opp eit kantinebrett med chilli con carne, biff stroganoff og elles alt eg makta å bære, og greidde likvel ikkje å bruke opp dei to siste kronene på matkupongane. Maten vart bra (ikkje bilde, men men). Rusla litt rundt (synst synd på dei som stod på standby til Oslo ved flyet som gjekk før vårt, og fleire av dei stod vel standby på vårt også...), fekk skifta på det som skulle skiftast på, og såg på utsikta. Værnes er under ombygging, og slik ser det ut ved Gate 30 (første bildet under). Her skal det vel bli turbo-prob-terminal, om eg har skjønt det rett? Så kom flyet vårt. LN-RCY med fin(?) dekor på halen. Slik såg det iallefall ut (bilde to og tre under) Vi gjekk inn trappa bak (var av dei som no får gå inn tidleg. Det er rart korleis ein set pris på det no; det gjorde eg ikkje då eg var barnlaus og singel for ti år sidan, gitt...) bak og fann plassane våre på 30 A og B. Flyet vart etterkvart heilt fullt, naturleg nok. Kabinpersonalet gav folk beskjed om å kjappe på “vi er litt bekymret for avgangstiden vår”. Tenkte at det var då rart til stress, men kom på i ettertid at det har vel ein samanheng med Norges punktligste person... ![]() Vi kom oss avgårde 19 minutt etter rute, tok av mot Sverige (retningen med minst humping, vanlegvis!) og hadde ein fin tur til Oslo. Tok inn 9 minutt på turen nedover. Mini likar visst å flyge, oppfører seg eksemplarisk. Likar veldig godt å leike med pakken med vest inni, og lagar ikkje ein lyd. Det er også spennande å sjå ut glaset på dei andre flya som er på flyplassen, spesielt dei små, kvite og grøne! Seta i dette flyet har grei nok plass framover (dette er vel ein ny type?), sjølv med ein unge på fanget (bilde under). Men det er trangt i breidda. Eg er breiare over skuldra enn over bakenden, og er alltid glad når personen i midtsetet er ein person eg er glad i. Då går det no, men det er trangt likevel. Det er kanskje betre plass lenger fram i flyet. På Gardermoen var det berre å gå rett til gate 7. Frøkna skulle plukke opp litt drikke, og rakk akuratt fram før vi vart peika på av dama ved gaten og sendt ombord til Widerøe. Turen til Florø var fin og på rute. Triveleg svensk flyvertinne. Men tydlegvis er det litt harme i Florø over at DAT forsvann. Då vertinna gjekk rundt med vogna, spurde “fruen” på rada bak oss om kaffe. Då det vart forklart at det ikkje kunne skaffast, ville “fruen” ha vatn. Vertinna måtte seie prisen tre gangar før “fruen” greidde å følge med, og lira av seg ein rimeleg sur kommentar. “åja, er så vant med annen servering. Det var annenledes med de som fløy før. Dere må sjærpe dere litt”, med ein så ubehageleg Florø-bergensk som det berre går an. Oslo-folket i baksetet dreiv også å diskutterte kor billeg det var med DAT før. Eg har inntrykk av at WF har rikeleg med 395,- -billettar til sals no iallefall, så eg synst ikkje det er så ille. Skal ein dømme frå dei som var ombord på denne flighten, har tydelegvis DAT gjort ein veldig god jobb i Florø. Vi landa i Florø, og vart henta av Broderen. Eg registerte at FRO er hakket større enn FDE ja, med eigen kiosk til og med! At ein må ut av bagasje-området i Florø for å gå inn i terminalen er ei anna sak.
__________________
none.... |
![]() |
![]() |
![]() |
#2 |
Rakettforskar
![]() Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
|
![]()
Returen var like behageleg, med flyavgang frå FDE 1148 (WF188) Vi kom til Oslo lenge før rutetid og rakk litt mat til både små og store. Flyet til Trondheim (SK350) (som viste seg var tvillingen til RCY; LN-RCX) skulle gå frå Gate 13, heilt i enden av innanlandsterminalen, men rett før den litt godt skjulte døra til bakkegatene. No brukar tydelegvis både DY og SK nokre av gatene 1 - 10, ikkje berre WF og andre med propell. DY skulle ha avgårde eit fly til BGO (om eg hugsar rett), og det var temmeleg mange forvirra passasjerar som ikkje greidde å finne Gate 9. Ein av dei stressa og veiva med armane til nokre tilfeldige SK-bakkeansatte ved vår gate, før han vart geleida i rett retning. Det vart final call ein to-tre gangar.
Eg observerte også at det står ei drikkevassfontene litt bortanfor trappa ned til Gate 14, dette har vel vore oppe til diskusjon andre stadar i forumet. Vel inne i flyet på sete 30 E/F, keik eg ut av glaset og såg på gjengen som lasta koffertar. Og der var jo våre og! Hmmm... og ein av dei med ei stor rift i ryggen... Flyturen var fin, mini oppførte seg rimeleg lydlaust denne gangen og (han har no hatt 5 tur-retur ymse stadar i Noreg, og har rukke å reist med DY, WF, SK og DAT til FRO, FDE, TRF, BGO og RYG. Ikkje verst for ein på seks mnd!!) Vi landa på rute, og eg rusla bort til bagasjeservice med kofferten. Fekk lapp og adresse til koffertbutikk. Alt i alt ei meir innhaldsrik flyoppleving enn vanleg (har ikkje vore borti særleg irr sidan eg var i millitæret og flaug til/frå Nord-Noreg fleire gangar i mnd). Denne gangen hadde vi også bruk for meir service enn vanleg, og fekk det også. Vart møtt med smil overalt (SK på telefon er eit lite unntak) og absolutt alt ordna seg. Det går jo stort sett alltid bra, men å ikkje ha gjennomgåande billett fristar ikkje.
__________________
none.... |
![]() |
![]() |
![]() |
#3 |
Rakettforskar
![]() Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
|
![]()
Dette vart langt, gitt. Jaja. Skal prøve å vere kortare ved evt. seinare anledningar.
__________________
none.... |
![]() |
![]() |
![]() |
#4 |
ScanFlyer Gold
Join Date: Mar 2008
Location: Buskerud
Posts: 1,204
|
![]()
Lengden var da ikke noe å si på, god beskrivelse av problemer en reisende kan komme ut for. Noen bilder fra flyplassene i Florø og Førde hadde gjort rapporten enda mer interessant.
|
![]() |
![]() |
![]() |
#5 | |
Powder hound
![]() Join Date: Dec 2011
Location: Litt overalt
Posts: 1,987
|
![]() Quote:
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
#6 |
Rakettforskar
![]() Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
|
![]()
Takk for tilbakemeldingar! Skal bli flinkare til å ta bilde.
Eg kan jo legge til ein ting ang. Gardermoen. Det er jo ei kjend sak at toalettfasilitetane er så-som-så, og enno værre er det med stelleromma. Dei er jo nesten ikkje større enn på eit fly... Til dømes i Bergen er det veldig fint og nesten litt koseleg laga til. Micro, stor stol og god plass. Trondheim er også mykje betre, om enn litt trangare. Mangt og mykje ein brått begynner å interessere seg for ![]()
__________________
none.... |
![]() |
![]() |
![]() |
Thread Tools | |
Display Modes | |
|
|
![]() |
||||
Thread | Thread Starter | Forum | Replies | Last Post |
TradeAir TRD-BGO-TRD i dag | raider66 | Småprat | 5 | 23-12-2016 22:57 |
Air Expolre med problemer på Las Palmas (Step-in for DY på TRD-LPA-TRD) | Trdfly | Flyforum | 1 | 08-03-2015 10:26 |
TRD - GDN - TRD, Wizzair: Amatør edition | FamilyGuy | TripReports | 6 | 22-08-2013 12:05 |
Endring av WF sine rutenummer for FDE og FRO | roger | Småprat | 4 | 10-04-2012 18:44 |
Statoil ruter mellom KSU-TRD og TRD-BNN | The Pilot | Flyforum | 4 | 09-10-2005 15:11 |