Flyprat


Go Back   Flyprat > TripReports

Notices

 
 
Thread Tools Display Modes
Prev Previous Post   Next Post Next
Old 07-12-2012, 14:11   #8
AndersE
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
Default Re: Endeleg First!

Innanlandspiren har også ein SAA-lounge, og her naut eg utsikta ei stund, før eg bevega meg mot flighten til Durban.







Businessklassen på denne A320 var med blokkert midtsete og god beinplass. Boardinga var ferdig i tide, men vi vart ståande litt mens kabinpersonalet tok knekken på ei bie som hadde forvilla seg inn i flyet. Ein grundig dusj av flyet med eit eller anna middel vart rekna som tilstrekkeleg.









Vi kom oss kjapt opp i lufta, og serveringa på denne 45 minutt lange turen starta. Ein kald lunsj med nokre kjøttstykker vart servert, noko som smakte bra.





Innflyginga til Durban var frå nord, og langs kysten mot det Indiske Hav. Eit flott område. King Shaka International vart opna i 2010, sjølvsagt i samband med Fotball-VM.





Bagasjen kom raskt, og transporten inn mot Hilton-hotellet vart lokalisert. Den gjekk vel unda på en drøy halvtime.

Eg var i Durban på jobboppdrag, så den veka eg var der gjekk stort sett vekk til det. Ledige stunder blei brukt til å spele golf, på svært fine baner. For dei som (eventuelt) måtte vere interesserte, var Durban Country Club høgdepunktet. Her møtte eg også golflegenda Gary Player, som ga nokre sving-tips og stilte villig opp på eit bilde. På same klubb skal det også arrangerast ei stor turnering i januar.






Det berømte par 5-holet på Durban Country Club. Gary Player står i blå overdell ned i dumpa.

Det siste holet, drivebart og veldig synlig for alle i kafeen og puben:


Eg prøvde meg også på Royal Durban Golf Club, som denne helga arrangerer Europatourturnering (i teorien). Voldsomt regn har stengt bana, noko som også var tilfelle den dagen eg prøvde meg. Beachwood Country Club låg rett i forlenginga av rullebana på Virginia Airport, som har mykje småfly og heilkopter, såg det ut til. Fly og golf er ein fin kombo.

Hilton Durban var ei positiv oppleving. Eg har ikkje noko status i HHonors, men eg fekk i alle fall eit større rom enn dei andre i reisefølget, sjølv om eg hadde bestilt det billegaste tilgjengelege.



Dessverre litt rotete på avreisedagen:


Utsikta, konferansesenteret ICC til høgre. Det var ganske så stort.


Ulike restaurantar vart prøvd ut, utan at eg fekk utforska så veldig mange delar av byen. Kasino var også artig!
AndersE is offline   Reply With Quote
 

Thread Tools
Display Modes

Posting Rules
You may not post new threads
You may not post replies
You may not post attachments
You may not edit your posts

BB code is On
Smilies are On
[IMG] code is On
HTML code is Off

Forum Jump

Similar Threads
Thread Thread Starter Forum Replies Last Post
Endeleg, en ny SAS i 1:400 - AeroClassic SAS Scandinavian DC-3 LN-REF Samlerhjørnet 20 20-06-2010 23:10
OT: Seinfeld endeleg på DVD LN-REF Flyforum 1 16-11-2004 00:07


All times are GMT +2. The time now is 04:16.


Feedback Buttons provided by Advanced Post Thanks / Like (Lite) - vBulletin Mods & Addons Copyright © 2025 DragonByte Technologies Ltd.
Copyright Foreningen Flyprat, Scanair og bidragsytere. Enkelte ikoner fra Famfamfam CC-BY.