![]() |
|
|
![]() |
#1 |
Rakettforskar
![]() Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
|
![]()
Her er ein reiserapport frå ein tur som var for nokre år sidan. Kom på at eg kunne like greitt skrive nokre linjer då eg sette meg ned og skreiv opp det eg trur eg har reist med gjennom tida. Alibiet for å poste her er at dette er eit utradisjonelt reisemål, Twin-otteren og at eg vart sittande og mimre over bilda her ein dag. Då var det greitt å skrive ned litt av historia med ei anna vinkling. Dette som står her er på langt nær alt... Blir det for OT får mod flytte tråden til NFZ eller så.
Altså, dette er ein litt utradisjonell tur, det var på ingen måte flyturane og den reisa i seg sjølv som var hovudpoenget, men eg skal prøve å vinkle det litt om ![]() I den gjengen eg vaks opp, var det stort sett friluftsliv og eventyr som var det viktige, heller enn fest og fjas. (Nokon av oss får til det og...). Den store helten i tenåra var sjølvsagt Lars Monsen. Og Helge Ingstad. Så etterkvart vart fantaseringa om å padle ned ei elv i Canada eller Alaska meir enn fantasering. I 2001 feiga eg ut (dårleg unskylding var skule og jobb som eg garantert hadde fått til å løyst...) og dei andre for uten meg. (Dei kom tilbake til sivilisasjonen 12. september 2001, og vasa inn på flyplassen ein stad i nord-Canada med rifle og hagle på skuldra uvitande om at det var sett på som ein uting den tida... Dei reiste også på rundtur i Sør-amerika og heldt på å bli stranda pga. flykonkursar den hausten...) Vel, nokre år seinare starta planlegginga igjen, og eg kunne ikkje seie nei. Tre av dei eg reiste med har minst ein sesong bak seg som rafteguider, to av dei har jobba som fjellførarar, klatreguider mm. For meg sjølv, og dei to siste, var det meir eit spørsmål om å gjere som vi fekk beskjed om, og betale inn pengar for flybilletten ![]() Ruta var planlagt slik: Oppmøte hjå meg (budde då i Horten), taxi/minibuss til Gardermoen, SK til Frankfurt, AC til Calgary og Yellowknife. Så sjøfly frå Y’knife til padlestart i Norwegian Lake. Padling ned Elieen river til ho møter Snowdrift, og vidare Snowdrift ned til Great Slave Lake. Fly tilbake til Y’knife og retur Noreg. (Via LHR denne gangen). Enkelt og greitt! Det vart litt diskusjon og himling med augene då bush-selskapet (Artic Sunwest) meinte dei ville selge oss ein Twin Otter... At vi skulle chartre eit heilt Widerøe-fly sat litt langt inne, men pga. range og bagasje vart det slik. Turen bortover gjekk greitt. Karane hadde på førehand klargjort det som skulle av papir for å få med seg våpen ut av Noreg, inn i Canada og tilbake igjen. Stort sett smertefritt. Det visste seg at vi hadde meir kontroll enn dei fleste tollarane, iallefall. Vi hadde jo ganske store og tunge kolli, og pakka slik at kvar av oss fekk utnytta våre 2x23 kg til fulle. Måtte betale litt ekstra for våpena; men fekk tapa samen koffertane slik at det vart to kolli med tre våpen i kvar. Ikkje eit gram til overs, men heller ikkje overvekt! Langdistanse bak i flyet var heller ikkje så artig den gangen. Nattfligth; ein av reisefylgje snorka heile vegen, vi andre vrei oss i setet, vekselsvis såg film og leika zoombie. Bagasjen vår vakte litt oppsikt under transfer og fortolling i Calgary; handling-gjengen lurte på om vi hadde fått sjekka vekta på baggane Ally-kanoane låg i (jupp, det har vi!) og første tollaren var eit lite spørsmålsteikn då han såg oss, våpena og papira. Kunne vi ta inn desse til landet? Kosta det pengar? Kva skulle vi?? “Wild game protection” var svaret på det meste. Etterkvart kom det ein senior (såg ut som ein gammal ranger) og sa “it’s okay, they can ofcorse bring their guns, no problem”. Ein spent og trøtt gjeng tok fatt på siste leggen. I Y’knife vart det innlosjering på motel (tre på rommet, spare pengar, KAOS), ekspresshopping av mat (handleliste/planlegging før vi kom fram? Nope) og anna utstyr som åre, fiskestenger, koppar og kar, steikepanner ++++. Ei overraksing for oss alle var at VISA ikkje kunne brukast til noko (anna enn minibank) så dei to av oss som hadde MasterCard måtte blø... Etter tre dagar var vi endeleg reiseklare! Kvelden før hadde vi levert bakgasjen på sjøflykaia. Store auger der også; rett på bagasjevekta for å sjå om dette kunne gå... Vi hadde ca 600 kg bagasje, noko som var rundt halvparten (?) av kva flyet kunne ta (og akkurat slik at kanoane kom til å få greitt med fribord også...) Dette var første gangen min ombord i Twin Otter, og første gang i sjøfly. Spennande! Turen innover var fin; godt veir og ikkje så mykje risting. Men litt. Ein i fylgjet spydde som berre juling. Eg prøvde å konsentrere meg om utsikta den godt og vel halvanna timen turen varte. Utsikt over Slavesjøen. Strengt tatt frå returen, men men ![]() Over Slavesjøen fekk vi oss ei lita overrasking. Det var is der! Ups, var vi for tidleg ute?? Slutten av juni er tidleg, vi var klarover det. Men slik måtte det bli; ikkje berre-berre å få fri i fem veker frå jobb (ein av oss sa like greitt opp jobben sin og tok det problemet seinare...) Pga is ved det planlagde ilandsettingspunktet i Norwegian lake også, måtte vi ta eit par runder og finne brukande leirplassar, og lang nok is-fri landings og avgangsplass. [I]Flyet godt bakka opp på stranda. Legg merke til den solide fortøyinga...[I] ![]() Og der blir vi åleine... ![]() Heimen vår dei første dagane. Her var det bjørnespor! (Desverre einaste vi såg av bjørn på heile turen). ![]() Vi låg iro her i tre dagar pga. forma til ein av karane, fekk fiska litt (fisk nr. 1 på 6 kg og nr. 2 på 2 10 kg med hauet til fisk nr. 1 i magen...), pakka om og trena litt på padling. Eg hadde aldri sete i kano før den første dagen ved Norwegian Lake, bortsett frå på leirskule... Litt fangst!: ![]() Leir: ![]() Her var det fint, gitt... Utsikt over Norwegian Lake ![]() Får sjå om eg finn bilda frå innlasting i flyet og kartet etterkvart...
__________________
none.... |
![]() |
![]() |
|
|
![]() |
||||
Thread | Thread Starter | Forum | Replies | Last Post |
SAS ligg an til å tape anbud for offentlege verksemder i Midt-Noreg | roger | Flyforum | 0 | 12-09-2017 09:24 |
Transport frå Rygge (splitta frå God mandag fra 35000' over Canada) | SudCaravelle | Småprat | 18 | 04-10-2012 17:16 |
Air Canadas rute til København | Fysikeren | Småprat | 6 | 06-06-2012 09:44 |
Canadas berømte Snowbirds i ulykke | Arrow | Flyforum | 5 | 13-12-2004 09:06 |
OT: Kjære utflyttarar frå Noreg | Arrow | Flyforum | 4 | 11-10-2004 18:37 |