![]() |
|
|
![]() |
#1 |
ScanFlyer Blue
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
|
![]()
Etter å ha vore den einaste nordmannen (det kjennest i alle fall slik) som enda ikkje hadde prøvd First Class, fekk eg endeleg sjansen no i haust. Den store First-turen eg har planlagt har latt vente på seg som følge av farskap, men ein jobbtur skulle sørge for at debuten endeleg kunne skje.
Eg skulle til Durban, og hadde billettar med Swiss og South African Airways. Billettane var booka i Business (D), noko som betyr at det var mogleg å oppgradere til First på det lengste legget, noko eg prøvde på. Utreisa var det ikkje noko ledig på, men på returen gjekk Star Alliance Upgrade Awards på SAS sine heimesider igjennom, og for 50 000 poeng var F i boks. Det vart spesielt interessant etter å ha lest fleire gode rapportar frå Swiss F her inne, og at deira F og C får gjennomgåande svært gode kritikkar. Reiseruta vart dermed: LX1217, Oslo-Zürich, Swiss D, A319, kl 19.40 LX288, Zürich-Johannesburg D, A343, kl 22.45 HB-JMM SAA551, Johannesburg-Durban J, A320, kl 12.25 Retur: SAA570, Johannesburg-Durban J, 738, kl 16.55 LX289, Johannesburg-Zürich F (O), A343, kl. 20.25 HB-JMJ LX1210, Zürich-Oslo D, A320, kl. 06.55 (PS: Bildekvaliteten er litt varierande, dette fordi eg ikkje gadd å gå rundt og blitse med dette kompaktkameraet. Men de får no eit inntrykk!) ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#2 |
ScanFlyer Gold
Join Date: Feb 2009
Location: Oslo, Homansbyen
Posts: 1,930
|
![]()
Dette blir spennende!
__________________
Next up: Mye moro! - Star Alliance Gold / One World Sapphire |
![]() |
![]() |
![]() |
#3 |
Livsnyter
Join Date: Oct 2012
Location: OSL
Posts: 587
|
![]()
Gleder meg til fortsettelsen...
BTW: Eneste triste er at dette gjør meg til eneste som ikke har prøvd First her :-D |
![]() |
![]() |
![]() |
#4 |
ScanFlyer Crusty
Join Date: Dec 2004
Posts: 3,772
|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#5 |
ScanFlyer Silver
Join Date: Nov 2009
Location: LHR
Posts: 898
|
![]()
Fin start! Gleder meg til fortsettelsen!
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#6 |
ScanFlyer Blue
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
|
![]()
Reisa starta med taxi til Helsfyr og flybuss vidare derifrå, sidan det var “Buss for Flytog” då eg reiste. Eg kom fram på OSL 10 minutt før Swiss opna innsjekken sin, noko som sjølvsagt var urutinert. Fikk sjekka inn både koffert og golfkøller (utan kostnad), og rett igjennom Fast Track. Etter å ha hamstra snus, bar det opp i Scandinavian Lounge, berre for å få beskjed om at den kom til å stenge om eit kvarter. Det var laurdag og siste SAS-flight går vel rundt halv sju. Også urutinert!
Etter eit hastig glas vin, måtte eg derfor svært motvillig trekke meg ut av loungen, og gjekk vidare til O’Learys. Eit par gode øl her og Premier League på TV gjorde at eg takla motgangen eg hadde møtt så langt mykje betre. ![]() Heilt greit å vente her. Det vart kjapt boarding, og den gjekk svært hurtig. Eg overhørte at det var 17 passasjerar på denne flighten, så den var vel eit kroneksempel på at interkontinental trafikk subsidierer Europa-trafikken for ein del selskap i Europa. ![]() Godt med plass. Vi sat fire i businesskabinen, som noko optimistisk utgjorde halvparten av seteradene. God plass til knyttneven var det også. ![]() På førehand var eg litt stressa på connectionen i ZRH, som er på 45 minutt. Det var ”boarding complete” i god tid før oppsatt avgangstid, men det skjedde ikkje noko. Det såg ut som reinhaldarane ikkje hadde tømt søpla, og det tok fort ti minutt før vi var klare. Etter ein kjapp de-ice var det rett avgårde, og rake råsa mot ZRH. ![]() Ganske kjapt kom det spørsmål om eg ville ha ein drink, og eg tenkte at eg faen ikkje skulle vere snauare enn å be om champagne. Det var sjølvsagt ikkje noko problem, og eg såg ”Madrass de Cabin” spretta ei flunkande ny, stor flaske med bobler. Ikkje noko porsjonspakkar eller musserande her! ![]() Saman med nøtter gjekk det raskt mot kyllingrett, med gode ostar og ein patetisk salat (salatblad med éin cherrytomat). ![]() Brødet gadd eg ikkje teste. Eg var vel innom noko raudvin undervegs i måltidet også. Kyllingen var heilt grei for å vere om bord i eit fly, men ein del av pastaen var ”stiv”. Ikkje så veldig innbydande. Desserten var heilt grei. Etter måltidet ba eg om ein kaffi, som også var av god kvalitet. Etter den, ville eg gjerne ha meir bobler, sidan eg har vore spedbarnsfar dei siste 8 månadane og var underernært på dét. Når ein fyrst då har frie tøylar, flyr business og skal vere på farten i 18 timar til, ligg alt til rette for dét. Fram til no hadde servicen vore veldig konsistent og smilande. Ting gjekk kjapt, og eg kjende meg som ein gjest. Etter kaffien var fortært, vart servicen litt meir lunken. Dei kom i liten grad rundt og sjekka om vi var tomme eller ville ha noko meir, og når eg ringte tok det ei god stund før nokon kom. Og bak gardina gjekk skravla ganske så jamt. Men eg fekk tak i det eg ville ha, og kom fint inn på A2-gaten (trur eg), på tid. Eg turde ikkje gamble med noko loungebesøk, dessutan er det jo vel så interessant å sitte om bord i eit fly og drikke champagne enn i ein lounge. Transferen var som venta veldig sømlaus, og då eg kom til gaten var boardinga starta. Eg gjekk tvers gjennom economy-køa, og kom nesten rett om bord i flyet. Hadde valgt 5K, som er single-sete i den vesle businesskabinen. ![]() ![]() ![]() ![]() Eg valde sjølvsagt champagne, fekk eit magasin og installerte meg. Setet levde absolutt opp til alt skrytet eg har lest. Stilig, komfortabelt, heilt flatt og nok plass. I tillegg var det veldig deilig å ikkje måtte klatre over nokon når eg hadde business to do på toalettet. Det var kanskje det aller beste. ![]() ![]() ![]() ![]() Vi pusha noko lunde på tid, og kom oss til slutt opp i lufta etter ein slow-motion take off. Mens eg venta på at serveringa skulle starte, fann eg fram ein gammal Friends-episode for å mimre litt om ungdomstida mi. Menyane: ![]() ![]() ![]() Serveringa kom akseptabelt kjapt i gong, og eg valde kjøtt-alternativet til forrett. Og Merloten. ![]() Forretten av kjøt likte eg veldig godt. Eg gadd ikkje å ha osten liggande på brettet gjennom heile hovudretten, så eg tok like godt den mens eg venta! ![]() ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#7 |
ScanFlyer Blue
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
|
![]()
Hovedretten var veldig god. Klart beste businessmåltid eg har fått (med SAS og Thai som samanlikningsgrunnlag). Vinen var god og i tilstrekkelege mengder.
![]() Desserten var heilt grei. ![]() Sjokoladen var sjølvsagt god. Etter måltidet inntok eg ei veldig komfortabel sittestilling, og såg Batman saman med litt meir vin. Her byrja servicen å dette litt. Det tok til dels svært lang tid (5-10 minutt) frå eg plinga til det kom nokon. Og den eine gongen plinga eg to gonger før det vart noko reaksjon. Skammelig! ![]() Igjen merka eg meg at setet er meget behagelig, og søvnen kom sigande. Pute og teppet gjorde jobben, og eg fekk ein del timar før eg merka at det oppsto frukost-aktivitet rundt meg. ![]() ![]() Frukosten var eg fornøgd med: Greitt kjøttpålegg og ost, og ein omelettsak med litt vasne poteter som andre servering. Så starta innflyginga, med klarveir og fin utsikt. Vi landa på rullebana lengst frå terminalen, og fekk ein brukbar taksetur. Men det gjer jo ingenting når det er ein del å sjå på. ![]() ![]() ![]() ![]() Eg kom meg kjapt av flyet, som parkerte nesten heilt ytterst på utelandspiren, og starta trakkinga mot immigrasjon. I Johannesburg må ein gjennom passkontroll og toll, før ein leverer bagasjen på ny før ein går mot innanlandspiren. ![]() Det gjekk utan problem, sjølv om det tok noko tid. Eg gjekk mot innanlands-security og var igjennom på fem minutt. ![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#8 |
ScanFlyer Blue
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
|
![]()
Innanlandspiren har også ein SAA-lounge, og her naut eg utsikta ei stund, før eg bevega meg mot flighten til Durban.
![]() ![]() ![]() Businessklassen på denne A320 var med blokkert midtsete og god beinplass. Boardinga var ferdig i tide, men vi vart ståande litt mens kabinpersonalet tok knekken på ei bie som hadde forvilla seg inn i flyet. Ein grundig dusj av flyet med eit eller anna middel vart rekna som tilstrekkeleg. ![]() ![]() ![]() ![]() Vi kom oss kjapt opp i lufta, og serveringa på denne 45 minutt lange turen starta. Ein kald lunsj med nokre kjøttstykker vart servert, noko som smakte bra. ![]() ![]() Innflyginga til Durban var frå nord, og langs kysten mot det Indiske Hav. Eit flott område. King Shaka International vart opna i 2010, sjølvsagt i samband med Fotball-VM. ![]() ![]() Bagasjen kom raskt, og transporten inn mot Hilton-hotellet vart lokalisert. Den gjekk vel unda på en drøy halvtime. Eg var i Durban på jobboppdrag, så den veka eg var der gjekk stort sett vekk til det. Ledige stunder blei brukt til å spele golf, på svært fine baner. For dei som (eventuelt) måtte vere interesserte, var Durban Country Club høgdepunktet. Her møtte eg også golflegenda Gary Player, som ga nokre sving-tips og stilte villig opp på eit bilde. På same klubb skal det også arrangerast ei stor turnering i januar. ![]() ![]() ![]() Det berømte par 5-holet på Durban Country Club. Gary Player står i blå overdell ned i dumpa. Det siste holet, drivebart og veldig synlig for alle i kafeen og puben: ![]() Eg prøvde meg også på Royal Durban Golf Club, som denne helga arrangerer Europatourturnering (i teorien). Voldsomt regn har stengt bana, noko som også var tilfelle den dagen eg prøvde meg. Beachwood Country Club låg rett i forlenginga av rullebana på Virginia Airport, som har mykje småfly og heilkopter, såg det ut til. Fly og golf er ein fin kombo. Hilton Durban var ei positiv oppleving. Eg har ikkje noko status i HHonors, men eg fekk i alle fall eit større rom enn dei andre i reisefølget, sjølv om eg hadde bestilt det billegaste tilgjengelege. ![]() Dessverre litt rotete på avreisedagen: ![]() Utsikta, konferansesenteret ICC til høgre. Det var ganske så stort. ![]() Ulike restaurantar vart prøvd ut, utan at eg fekk utforska så veldig mange delar av byen. Kasino var også artig! |
![]() |
![]() |
![]() |
#10 | |
ScanFlyer Gold
Join Date: Sep 2012
Location: BGO
Posts: 1,902
|
![]() Quote:
__________________
AA PLT, A3*G, Carlson Concierge Upcoming: |
|
![]() |
![]() |
![]() |
#11 |
ScanFlyer Blue
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
|
![]()
Heimreisa starta kl 17 på ein laurdag, og dermed låg alt til rette for ein optimal dag: Golf på formiddagen, og First Class heim til Norge etterpå.
Utsjekkinga frå Hilton var ei tålmodsprøve. Køa starta ikkje som så veldig lang, men ei ulidelig somling av personalet gjorde at det fort tok 20 minutt før det var min tur. Det gjekk ikkje kjappare då, og eg trur han som betjente meg tasta inn summen på kortterminalen ti gonger før han fekk det til. Fantastisk. Uansett blei det taxi ut til DUR, på relativt nye og fine vegar. Eg gadd ikkje bruke innsjekkingsautomatar når eg hadde litt ekstragreier med meg (og kjøpt oppgradering), så eg gjekk i den vanlege køa. ![]() Ingen økonomi-skranker var opne, og det sto seks-sju i premium-køa. Det kan hende denne hadde blitt omdanna til eco, og at eg skulle prøvd platinum, men ti minutt overlever eg. Ingen problem med innsjekk og security (ingen fast lane, men unødvendig når det er 1 person i kø foran deg). Vidare gjekk eg rett opp i Baobab-loungen til South African. Denne låg med panoramautsikt over rullebana, og var stilig, syns eg. Mykje mørkt tre i interiøret, eit kjøleskap med ferdige sancwichar og liknande., og ein bar med eit heilt fint utval. ![]() ![]() ![]() Satt her ein drøy time og fikk litt godt i ganen, før eg seig nedover mot gaten. Ikkje noko særlig med prioritert boarding her, men det gjekk likevel raskt. Ein 738 sto klar, med 2+3 seating i business. Satt på 4A, saman med ein kar som takka nei til alt, og ikkje var spesielt hyggjeleg. ![]() Vi kom avgårde på tid, og serveringa starta ganske raskt. C var bortimot heilt full, og det såg ut til at eco var like stappa. Eg tok ei raudvin og ein kyllingrett (ikkje 100 prosent sikker, siden kameraet låg igjen i jakka). Men det var ikkje noko høgdepunkt. Landa før tid, men fekk fjernpark og buss, så vi kom vel inn i terminalen ca akkurat på tid. Då starta også den litt halvdårlige transferen i JNB på nytt. No slapp eg å gjere noko med bagasjen, men eg måtte traske gjennom heile terminalen, gjennom security og passkontroll igjen. ![]() Det tok fort 10 minutt med målretta gange. ![]() Denne er jo kjent. Etter alt var klarert, spurta eg gjennom to butikkar for å ha noko å vise til når eg kom heim, før eg fann fram til Cycad-loungen til SAA. ![]() Slik eg forstår det, er dette deira First Class Lounge (sjølv om dei vel ikkje har First), der Platinum-korthaldarar får tilgang. ![]() Eg var litt spent på om eg ville sleppe inn med Swiss F, sidan eg har sett nokre trådar på Flyertalk om at dei berre lar LH F inn. Og på Swiss sine sider viser dei til Virgins Clubhouse. Men det var ingen spørsmål, og eg gjekk og sat meg i á la carte-avdeligna. ![]() Ikkje veldig stor, og ikkje veldig stort utval. Men meir enn bra nok for eit kjapt måltid før ein likevel skal ut å fly F. Eg tok nok spekemat og litt salat, for ikkje å risikere noko av måltidet om bord hos Swiss. ![]() Champagnen var god. Etter maten ba eg om ein GT, og stakk innom Cigar Loungen for å sjå korleis den var. ![]() ![]() Det var berre eit fancy namn på eit standard røykerom. Men hadde dei delt ut sigarar skulle eg jaggu slått til. Dermed blei det å finne ein sofa og sjå litt Braking Bad på PCen mens eg venta ein time til på boarding. |
![]() |
![]() |
![]() |
#12 |
ScanFlyer Rusty
![]() Join Date: Sep 2004
Location: Warsaw, Poland
Posts: 5,613
|
![]()
Straalende saa langt!
__________________
Upcoming flights: MAI WAW-NYO W6 321, ARN-WAW LO E90, WAW-ARN LO E95, ARN-OSL SK 32N, OSL-ARN SK 32N JUL BRU-ARN SK 32N |
![]() |
![]() |
![]() |
#13 |
ScanFlyer Blue
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
|
![]() ![]() Denne blei annonsert til oppsatt tid, og eg gjekk den korte vegen mot gaten. Prioriteringa var så-som-så, men det gjekk uansett kjapt. Det var ei deilig kjensle å vise fram BP’et mitt med 2D til kabinsjefen, som viste meg inn til venstre. På veg igjennom den vesle businesskabinen måtte eg vente i sikkert tre sekund på at ein eller anna business-gjøk sto med den feite ræva si og sperra midtgangen. Eg sette opp ei utålmodig mine, og han skvatt raskt ned i setet sitt når han skjønte kva han var i ferd med å gjere. (Disclaimer i tilfelle: ironi) ![]() Eg hadde midtgangssete, alle vindaugsseta var tatt når eg fekk oppgradert. Det gjorde vel egentlig ingenting, sidan det var mørkt stort sett heile tida. Setet har vel dei fleste sett her inne. Det er det gamle F-setet som står i 340’ane til Swiss. Eg skulle jo gjerne ha prøvd den nye F, men dette var framleis meir enn godt nok. Setet var rett og slett veldig behageleg, og saman med ottomanen sat eg svært behageleg. ![]() Ho som serverte F kom kjapt og lurte på om eg ville ha noko å drikke, og det ville eg. Eg antar det var Laurent-Perrier. ![]() ![]() Dei kom også med ein liten teaser, noko kjøtt-basert. Veldig smakfullt. Eg sjekka så ut amenity kit’et, som var greitt men langt frå overveldande. Flytida var berekna til 10 timar og ti minutt. Sidan vi ikkje fekk lande før 0605 i Zurich, venta ein dermed med pushback til rundt 20 minutt etter oppsett tid. Ingen fare, meir champagne på meg. Kabinsjefen kom også innom, og ba meg seie ifrå om alle behov eg måtte ha. Ho lurte også på korleis navnet mitt skulle uttalast, forståeleg nok sidan begge etternavna mine var slått saman til eitt på lista hennar. Ho poengterte også at dei var obs på mi vidareforbindelse. Fin takeoff frå O.R. Tambo, og ganske snart starta serveringa. Eg rakk å bytte dongeribuksa med den veldig romslige buksa til pyjamasen som vi fekk utdelt. (Eg blei usikker på om den var mogleg å ta med heim? Hadde vore eit fint minne, men eg turte ikkje å spørje). Menyar: ![]() ![]() ![]() ![]() Bordet blei dekka, bestilling på hovudrett tatt, og snart kom eit glas med noko raudt frå Bordeaux foran meg. ![]() ![]() ![]() Eg valde spekemat som ”hovedforrett”, og la på eit par bitar basilikum-laks på toppen. ![]() ![]() Kjøtet var veldig godt, laksen ikkje så bra (no er eg heller ikkje noko fiskeelskar). Kabindama (som kanskje var i siste halvdel av 50-åra), lurte på om eg ville ha noko suppe. Sidan ho var så hyggjeleg, heilt topp heile flighten igjennom på same vis som hennar mannlige kollega, takka eg ja. ![]() Det var ei purre- og potetsuppe, men smaken var så mild at eg knapt kjente noko som helst. Men den såg no litt stilig ut. Eg tok biffen til hovudrett, blant anna med gresskar til følgje. Den var heilt fin, utan at eg kan sei eg blei slått i bakken av den. ![]() Og om det er ein veldig stor forskjell mellom den eg fikk på biz veka før og den på F, så må eg berre legge meg flat. Eg merka ikkje nokon store skilnader. Etter at den var fortært, måtte eg ha ei pause. Ba om 20 minutts kvile, noko CA’en innvilga. Pausa gjekk med til å sjekke litt IFE, som de veit ikkje er det raffaste i F-kabinane rundt om. Skjermen er sånn passe, og utvalget var sånn passe. Same filmane som på veg ned, og etter å ha sett Batman på forrige tur, prøvde eg meg på Lincoln-filmen og ei komedie, som eg begge droppa etter å ha gitt dei ein fair sjans. Etter kvart kunne eg våge meg på avslutninga av måltidet, og eg ba om ostefatet. Eg ville prøve alt, og vart ikkje skuffa. Her var det mykje gode ostar, og bra tilbehør. Eg heldt meg til den same raudvinen også her. ![]() Etterpå gjekk eg direkte vidare til desserten, og nøya meg med ein kaffi til denne. Heilt grei sjokolade-brownie/pudding, og friske bær. ![]() På dette tidspunktet var fleire av dei andre i F(det var heilt fullt) i ferd med å starte nattrutinene. Dei fleste var 50-60 år, og eg tippar det var to ektepar, ein bussinessmann, og to kompisar som også hadde oppgradert (dei virka så øsne dei også). Eg hadde ikkje tankar om å forlate denne verda når eg først hadde komt meg innom, og fann fram PCen for å sjå meir Breaking Bad. Batteriet blødde imidlertid hardt, og eg fekk ikkje pressa kontakten inn i støpselet. Då var det berre å plinge, og etter kort tid hadde eg fått både adapter og meir raudvin. Pyjamas: ![]() Slik satt eg vel eit par timar, med stolen i ”lounge-mode”, og fekk kjappe påfyll når eg plinga. Ved 2-tida om natta var eg likevel fornøgd, og ba om å få redd opp senga. Der sovna eg nesten umiddelbart, og det neste eg hugsar var at lysa var på og at vi hadde 40 minutt igjen til landing. ![]() CA’en sa dei hadde prøvd å vekke meg utan å lukkast, og det var eigentleg heilt fair. Så etter å ha skifta til ”sivil” igjen, sat eg og slumra inn mot landing. Vi parkerte på D-piren (er eg ganske sikker på), og der var det ny tryggleikskontroll og passkontroll. Det var eg ikkje forberedt på, og hadde droppa foresgla pose på den eine kremen eg kjøpte i JNB. Så den rauk. Eg hadde 45 minutt til neste flight, så eg starta på den ganske lange spaserturen til heilt ytterst på A-piren. Eg var blant dei siste om bord, og sat med i 2A for å sove. Eg takk nei til mat og anna servering, bortsett frå litt vatn. Det var heller ikkje noko krefter att til å ta bilder av denne turen, men de har nok sett det meste herifrå før. Vi landa på tid i Oslo, og etter å ha handla litt i Taxfree’en og fått bagasjen etter noko ventetid, var det flytog og taxi heim. For å oppsummere: Eg er veldig godt nøgd. Business hos Swiss er, som alle andre skriv her inne, veldig bra. Eg var kanskje noko uheldig med ”min” kabinfyr, men det får gå. First var endå betre, sjølvsagt. Det hadde nok vore endå eit hakk betre med ny kabin, men som fyrstegongsoppleving av First kan eg ikkje seie anna enn at det levde opp til forventningane. Fyrst og fremst i mat- og serviceveien. Setet var godt nok, men det finns nok betre der ute. Og når eg skal svi av poeng neste gong (sikkert med Lufthansa), blir det jo ei meir komplett oppleving der eg får lagt inn tid til skikkelege F-loungar og -terminalar. Og om South African greier å kreditere meg dei siste poenga, passerer eg også gullkravet for neste år. Men no kan eg i alle fall krysse av for å ha flydd F med eit bra selskap! Takk for no. Last edited by AndersE; 07-12-2012 at 14:40. |
![]() |
![]() |
![]() |
#14 | |
ScanFlyer Silver
Join Date: Nov 2009
Location: LHR
Posts: 898
|
![]()
Flott rapport! Takk for at du delte!
Quote:
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
#15 |
ScanFlyer Ununoctium
![]() Join Date: Oct 2008
Location: OSL
Posts: 11,956
|
![]()
Kjempeflott rapport! Så ut som om du hadde en fenomenal tur.
__________________
http://fnate.blogg.no http://www.bongos-tryllereiser.no The only difference between me and a madman is that I am not mad. You can't be mad at a crazy chick for loosing her mind |
![]() |
![]() |
![]() |
#16 |
ScanFlyer Rusty
![]() Join Date: Sep 2004
Posts: 5,915
|
![]()
Fin fin rapport med masse god mat
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#17 |
ScanFlyer Blue
Join Date: Sep 2011
Posts: 306
|
![]()
Tommel opp!
|
![]() |
![]() |
![]() |
#18 |
Livsnyter
Join Date: Oct 2012
Location: OSL
Posts: 587
|
![]()
Veldig bra rapport!! En fryd å lese!
|
![]() |
![]() |
![]() |
#19 |
FinalCall.travel/no
![]() Join Date: Sep 2004
Location: Kristiansand
Posts: 11,303
|
![]()
Framifrå rapport! Sakna eigentlig berre bilete av menyen frå heimreisa.
Blei det servert hønsesleppsrøyrsle til frukost? Gledar meg til fortsettjinga! BF ![]() Last edited by Bizflyer; 07-12-2012 at 23:57. |
![]() |
![]() |
![]() |
#20 |
ScanFlyer Crusty
![]() Join Date: Dec 2007
Location: ENGK
Posts: 3,804
|
![]()
Dette må jeg si var en veldig bra rapport! Tusen takk for at du delte den med oss
![]()
__________________
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
|
![]() |
||||
Thread | Thread Starter | Forum | Replies | Last Post |
Endeleg, en ny SAS i 1:400 - AeroClassic SAS Scandinavian DC-3 | LN-REF | Samlerhjørnet | 20 | 20-06-2010 23:10 |
OT: Seinfeld endeleg på DVD | LN-REF | Flyforum | 1 | 16-11-2004 00:07 |