Flyprat


Go Back   Flyprat > TripReports
Register Cookies FAQ Community Calendar Today's Posts Search

Notices

Reply
 
Thread Tools Display Modes
Old 15-10-2012, 21:05   #1
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
KLM Bissniss midt i flyet til Napoli

Denne gangen går turen atter tilbake til Italia. Tilfeldigheitene vil ha det slik at Italia har blitt det landet (utanom der eg var på studieopphald) eg har vore mest gjest i. Og då berre på jobbtur. Eg har derimot aldri vore nord for Roma. Ulempa ved å reise i jobb, er at dagane gjerne er fullbooka mellom 0800 og 2200; det veit vel dei fleste her. Det er mykje med Italia eg likar, og mykje eg ikkje synst så mykje om. Eg likte meg godt i ein veldig lite turistifisert by, Taranto, heilt sør i Puglia (mellom Bari og Brindisi, sånn omtrent), og Roma er OK. Napoli, not so much. Allrigth.

Eg er klarover at eg har ein veg å gå på fotodokumentasjon; fleire av bilda er tekne med eit ikkje så veldig sprekt mobilkamera, og ein del ting er det ikkje bilde av i det heile. Håpar likevel at nokre gidd å lese. Les i det minste konklusjonen

Etappe 1 heime - AMS

TRD - AMS
KL 1172 - 0635
KLM Cityhopper E-190. Reg. ukjent.
12A


Eg valde KLM av to-tre grunnar denne gangen: Unngå OSL (hadde vel alternativt fått heimreise via CPH, men lell) og halde liv i dei få hundre poenga eg har med Flying Blue... I tillegg ville eg komme tidleg fram, og få sett meg litt rundt før køyret ville ta til dagen etterpå. Og med KLM slapp eg også unna med eit flyskift på utreisa. Ulempa er at KL 1172 går 0625. Det betyr at taxien står utanfor døra 0430. Det er ikkje så stas. Det hjalp ikkje at småen på 11 mnd fann ut at _denne_ natta kan ein godt droppe soving. Han har vore veldig snill i mange månadar, men NO var det slutt. Så eg sovna rundt tre. Jaja.

Drosja var på plass punktleg, taxituren gjekk bra; delte bil med to andre. Hugsar ikkje kvar dei vart henta (var trøtt), men eg hugsar at vi var 10 meter frå å bli treft av ein Smart eller Reva eller noko slikt som trilla frå framfor ein garasje, over vegen og inn i ein hekk. Trur det var på Jakobsli eller der i høgget. Bilen stod nok trygt i hekken til han vel vart oppdaga nokre timar seinare.

Eg kom til TRD _rett_før_ alle andre, og kom meg rimeleg lett gjennom både innsjekk og sikkerheitssjekk. Hadde sjekka seteplassering dagen før; men fekk ikkje endre setet på strekket AMS - NAP sjølv. Vart heldigvis tildelt vindusplass i skranken.

Embraer 190 er fine fly, synst eg. Greitt med plass, greie stolar, ingen midtsete, ganske stille og trivlege, om det ikkje er formykje vind (slik det av og til kan vere rundt Værnes). Eg var trøtt, og det vart desverre ikkje teke nokre bilete frå denne turen. Men det var plass til knyttneven, soloppgangen var fin, og sandwichen (mørkt brød med eggerøre/omelett) var ganske god. Vi kom oss avgårde rundt rute, og hadde ein fin tur. Eg sat på 12A, rada bak nødutgang. Ved boarding completed sat det ingen der, men nokre karar spratt fram før push-back. Ei flyvertinne spurde om det var der dei egentleg skulle sitte, og dei fekk beskjed om å spørje først, neste gang. Karane skulle elles passe på å redde ho (flyvertinna) om det var behov for å evakuere, og dei lurte på om ho hadde dagen fri i AMS. Ho skulle derimot ha dagen fri i Kristiansand. Like greitt for hennar del, tenkte eg.

Så var det klart for tre trøtte timar på Shipol. Eg reiser jo på nokre jobbturar i året, både i Europa og kanskje til USA ein gang eller to, men alle jobbane eg har hatt misslikar C-klasse, av ein eller anna grunn.... Slik er det vel å jobbe for han Stat. Så eg har verken kort, fancy billett eller poeng til å komme meg inn i ein louge. Eg prøvde å finne ut kva lounge Diners-kortet og litt pengar kunne gi meg tilgang til, men før eg fann ut av det var det berre halvanna time igjen. Så då vart det frukost på Burgerking. Grøss. AMS er interessant på “utsida” (dvs. mot USA og andre spennande plassar), men på Schengensida er det særdeles lite å ta seg til, synst eg.

Frukosten. Ikkje særleg å skryte av...



Fin utsikt frå toalettet, i det minste:


Burgerking-lounge...



AMS - NAP
KL2655 - 1210
Transavia 737-800, PH-HSD
10F


Denne gangen skulle eg også få teste ut eit nytt flyselskap; Transavia. Dette er eit Nederlandsk LCC, men høyrer til under/inni AF/KLM på eit vis. Boarding gjekk svintreigt. Eg var vel mi ca midterste pulje, men for eit opplegg. Nesten berre pensjonistar og kidz. Ingen fann setet sitt, alle måtte ha noko frå jakka/veska og det varte og rakk før vi kom oss avgårde.

Boarding:


Sidan eg har rota meg borti ein ny Flight-stats app der verken verken gate-info eller departure står, slik det gjorde i den forrige eg hadde manglar litt detaljar. Det må eg få fiksa, kjenner eg. Uansett; Flight-stats på telefonen påstår at vi landa 15 min etter rute. Inga krise. Transavia var heilt OK. Omtrent som Norwegian eller SAS innanlands, rett og slett. Grei plass, tynne, faste sete (der seteputa er lik på begge halvdelane av setet) og elles lite spesielt. Eg synst grønfargen er forferdeleg, men men. For to og ein halv time der eg håpte å sove mest mogleg, var dette heilt OK.

Greit for neven:


Eg sov og lot trillevogna passere, så kva dei hadde å servere veit eg ikkje. Vi kom fram, og det vart kort busstur til terminalen.

Utsikt over Italia ein stad. Trur eg.


Tok ikkje bilete av terminalen. Men kort fortalt gjekk ein rett frå bussen, inn i bagasjehallen, ut ei dør og så var ein ute i det fri.

Så, litt om Napoli.
__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 15-10-2012, 21:34   #2
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
Default Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

Napoli

Vel, kva skal ein seie om Napoli. Varmt og klamt er jo ein start Rundt 25 grader, mao MEIR enn kva som helst tilfeldig utvalt sommardag for meg tidlegare dette året.

Det var litt bygging utanfor terminalen, men eg kom meg ut etter å ha plukka opp bagasjen som dukka opp utan særleg venting og fann ei drosje. Turen til hotellet tok si tid (berre rundt ei mil, iflg. Google) og kosta 35 euro. Ikkje billeg, tenkte eg, men det er jo frå flyplass.

Eg fann hotellet, Royal Continental, fekk rom, og tenkte at den sightseeing-dagen eg hadde planlagt kom til å bli nøye undersøking av medbragt litteratur og hotellrommet. Var trøtt som fy, ringde for første gang etter roomservice og åt maten min med utsikt over middelhavet. Ikkje så ille, sjølv om det ikkje var noko gratis velkomstgåve!

Room-service:


Rommet mitt for ni dagar:


Badet. Med slik sak som eg vart forklart var for fot-vask då eg var liten..:


Dagen etterpå oppdaga eg at eg hadde gått på ein stoooor logistikksmell. Eg skulle på to konferansar i Napoli, ein torsdag - laurdag og ein mandag - fredag. Og eg hadde komme fram til at det er jo berre stress å måtte skifte hotell midtvegs! Nr. ein skulle vere ved eit museeum ca 1,5 mil frå hotellet. Null stress, tenkte eg, det er som drosje Trondheim - Heimdal. Kom meg i drosja, spurde ikkje om pris (TABBE, tenkjer du...), og kom fram etter ein stor halvtime. Taxameteret viste rundt 28 euro. Greitt det, tenkte eg. “Dobble tariffs outside Napoli”, seier taxisjåføren, “is 60 OK?”. Wtf tenkte eg, og eg hadde berre 50. Eg ville ikkje ta krangelen, og måtte komme meg avgårde til ein minibank. Fann ein, betalte, fekk den sedvanlege blanke kvitteringslappen og var glad eg var kommen fram.

Klam og lei fann eg endeleg konferansestaden og fekk sette meg ned. (Det viser seg altså at Napoli fort tek slutt, og er omkransa av andre småstadar. Eg var altså no i Ercolano, som ikkje er Napoli. Ein lærer så lenge ein lever. Ulempe nr. to ved å bu på same hotellet heile tida, er at eg gjekk glipp av det meste av det sosiale opplegget i tilknytning til konferansen. Og når mesteparten av poenget er networking (som eg berre er passeleg god til uansett), er det dumt å bu for seg sjølv. Jaja.

Dagen etterpå vart det 15 euro i drosje til togstasjon og så 20 min med tok til 2,5 euro istadenfor taxi heile vegen... Greitt nok, men upraktisk å bu så "usentralt" til at eg måtte ta drosje overalt. Noko å tenkje på til neste gang.

Det er lite tiggarar i Napoli (såvidt eg kunne sjå), bortsett frå gjengen som skal vaske frontruter i vegkryss samt unge, greitt kledde, jenter med babyar på armen som går rundt på toget og vil ha pengar. Det er ikkje så bra å sjå på, synst eg.

Elles var Napoli TRANGT. Og fullt av drit overalt. Maten er som vanleg i Italia meget god, etter min smak. På stripa utanfor hotellet var det ganske dyrt (rundt 35 for middag, vin og dessert), halv pris for minst like mykje mat litt lenger inn i byn.

Det vart fleire spennande taxiturar gjennom opphaldet, og ein utmerka seg. Vi skulle på gallamiddag i Ercolano, altså langt frå "heim". Så eg stressa litt med å sikre meg drosje for kvelden. Var klarover prisen, men middagen ville eg ha med meg, så det fekk stå til. Vart så fortalt at det ville vere vanskeleg å få tak i taxi seint på kvelden uten førehandsbestilling. (Det trur eg var vrøvl...). Taxi vart bestillt til 11, men då hadde vi knapt fått hovedretten på fatet. I Italia må ein ha greitt med tidsmargin på det meste. Eg trudde halvanna time margin var nok; det var det ikkje.... Nokon lokale fekk drosja til å komme tilbake ein time seinare. I mellomtida dukka det opp fleire folk som skulle til same hotellet. Så det vart ein fyr frå Ghana, ein frå Nepal (som etterpå kom fram til at hans del av taxituren var verdt ei grei månadsløn for folk på landsbygda i Nepal), ein frå Indonesia, ein til, og meg. I ein ganske liten Fiat med berre to seter framme. Dei fleste taxiane hadde tre seter framme, ikkje denne. Sidan taxien var bestillt til meg, tok eg framsetet. Heldigvis. Rutenene på venstre sida av bilen var erstatta med gladplast og kunne ikkje opnast. Det var varmt og jævleg. Vil tru karane i baksetet hadde det værre enn meg... Turen tok langt over ein time for 15 km. Stod bom fast i ein halvtime ca 200 meter frå hotellet. “Eitiiiin for all”, seier sjåføren som knapt kunne eit ord engelsk. Men han snakka rikeleg med italiensk kontinuerleg i to mobilar heile turen. Det sjåføren egentleg meinte å seie, var “eity”, fann vi ut etter at han drog fram ein parlør. Det gav litt meir meining. Eg var glad til at eg slapp unna med 20 euro for den turen der, ja.

Hotellfrukost. Dette er alternativet til sitronkake og sjokoladefylt crosant. Ni dagar. Lei. Det var fantastisk med kald mjølk, redda totalinntrykket:


På sundagen kom fleire kollegaer av meg, og vi brukte fridagen på Vesuv.

Det var faktisk verdt turen, synst eg. Hasard-køyring i ein gammal transit (fire i baksetet der også, naturleg nok) opp fjellsida, og ein fin spasertur etterpå. Turistfelle; sikkert. Men artig. Det var ganske disig og det regna litt, uten at det la dempar på anna enn utsikta.

Utsikt mot Napoli frå Vesuv:


Mat må ein ha. (vart forøvrig greitt lei av pizza margerita sidan det var omtrent det einaste å få tak i på konferansen). Dette er ein anna versjon av Quattro Stagione enn kva eg har truffe på før:


Mandag til torsdag var det konfereanse. Eg var altså på International Astronautical Congress.



Mykje spanande å høyre på; konsept for romheis, interstellare romskip, søk etter intelligente radiosignal og sånne litt meir “vanlege” saker; status frå Mars, satellittkommunikasjon, rakettar og mykje mykje meir. Fekk med meg ein brøkdel.

Napoli oppsummert: Hektisk, trangt og kaotisk. Har høyrt bil i Italia før, men då i ein “småby” på størrelse med Oslo. Var glad eg slapp det her. Bilar overallt, den sterkaste HAR RETT, bilane i innerste feltet i rundkøyringa skal gjerne ut av rundkøyringa først, parkering midt i kryss mm. Fekk ikkje sett så mykje av byen bortsett frå eit par små spaserturar. Budde på eit greitt hotell i fint strøk. Utsikta over bukta var bra!

Stripa utanfor hotellet. Avstengt fire-felts gate. Kun for syklistar og joggarar. Eit av dei få ryddige og fine strøka eg såg.


Grei båtpark:


Folka i Napoli var ikkje like koslege som dei eg trefte i Taranto. Truleg pga. at det tross alt er meir turisme i Napoli. Men; eg såg ikkje så mykje av byen, så eg veit ikkje alt. . Alt i alt, grei nok tur. Hotellet var OK (bortsett frå elendig WiFi, men det er vel same greia overalt), og det er på sett og vis min eigen feil at eg plasserte meg slik at det vart nødvendig med så mykje drosje. I februar blir det vel ei veke i Roma uansett...
__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 15-10-2012, 22:02   #3
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
Air France Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

Heimreisa

Etter mange lange, men interessante, dagar var fredagen kommen. Flyet skulle gå litt før ett, så det einaste eg gjorde før eg reiste til flyplassen var å lese bok og få brukt joggeskoa som elles berre opptok plass i kofferten...


NAP - CDG
KL2155 - Air France, A321, F-GTAY?
xxA


Boarding begynte sånn omtrent på tid, og det gjekk vel rimeleg greitt. Mykje turistar og folk på helgetur, tippar eg. Innsjekk derimot, hjelpes.Treigaste køa ever. Det stod fire-fem personar/små grupper framfor meg, og det tok langt over ein halvtime. To skrankar + buisness-skranke. Glad eg hadde god tid, og kom fram til flyplassen medan køa var kort. Fyren i skranken såg på meg og rista på hauet då han såg ruta mi, via Paris og Amsterdam før Trondheim...

Eg har tidlegare berre reist med KLM Cityhopper og AF/KLM long haul. Aldri innad i Europa. Det er eg glad for. Fy og fy.

Treng verken knyttneve- eller kredittkorttest her. Ryggen min er godt plassert i seteryggen:


Trangaste setet eg har vore i (trudde eg). (Minnast ein ganske trang chartertur til ein kanariholme med Spanair for eit par-tre år sidan, men trur ikkje det var så ille, det heller). Særdeles få plusspoeng å hente. Men vi kom oss nok fram omtrent på tid. Serveringa var ein grei baguette med kylling og kvitvin av ukjent slag. Flighten var rimeleg full, såg ikkje så mange ledige sete.

Kom fram ca på rutetid til noko eg etter vinkelen på parkeringa vår dømde til å vere ein bussgate. Det var det ikkje, heldigvis. Hugsar ikkje kva terminal vi kom inn på, men det var eit godt stykke å gå gjennom ein ganske sliten del av flyplassen til terminal F om eg hugsar rett.


CDG - AMS
KL2016 - Air France, A321 - F-GFKV
xxA


Først kan eg klage på flyplassen. Ein kan seie mykje fælt om Gardermoen, men CDG er mykje værre. Vi skulle ut frå termial F. Trangt og trangt. Serveringsstadar i midten av piren fører til at det ikkje er framkommeleg nokon stad. Det er greitt med sitteplassar, men huff. Var der heldigivs berre ca ein time.

Og så er det klientellet på ein ettermiddagsfligt ein fredag. Gull-folket heldt på å springe ned kvarandre (vil tru at over ein tredjedel av flyet var enten status- eller C-kundar). Eg kom meg ombord ca midt i kaoset, og då var flyet under halvfullt, men det var ikkje ein ledig flekk til bagasje. Eg la ikkje merke så stor bagasjemengde då eg stod ved gate. Det er det verste eg har sett. Verken innanlands Italia eller innanlands i USA har eg sett det så gale. Eg tok fram egoisten i meg og plasserte sekken og jakka to-tre rader lenger bak der det enno var litt plass. Var ikkje klar for sekken under setet framom meg. Flyet vart fullt til randa både av folk og bagasje. Det har nok si forklaring; mange pendlarar unngår vel å reise med innsjekka bagansje, tenkjer eg. Captain Jack (!) kom på lufta og lovde å ta oss trygt fram til Amsterdam.

Enno trangare i setet enn i forrige flyet. Trur flyet var ein del eldre også, men greitt nok, berre for ein stor time:


Fekk ein pakke med salte kringler og ein øl. Jubel!

Så var det å kjede seg på AMS i tre timar til då. Eg hadde tenkt eg skulle sjekke ut kva Servicair-loungen om eg kunne betale meg inn. Men før eg kom så langt høyrde eg nokon som gaula namnet mitt. Ein klassekompis hadde vore på jobb i England ei vekes tid, og skulle med same fly tilbake til Trondheim. Heilt greitt med selskap, men det vart Burgerking-lounge igjen...



AMS - TRD
KL 1177 KLM Cityhopper
12F


Nok ein heilt grei flytur med KLM. Lite å melde. God plass, vindussete og god bok. Delte to-setar med ei nederlandsk jente med veldig "japansk" utsjånad (dvs. masse stasj og sminke). Prøvde å forklare ho at Trondheim er ein veldig triveleg plass, men litt mindre enn Amsterdam. Lurer på om ho fekk det med seg før ho kom fram... Sandwitch med ukjendt innhald glei ned. Så var det berre å forsere taxfree-køa før folk flest, hente bagasjen som heldigvis kom heil fram, finne den bestillte drosja og komme seg i seng. Laaang dag, så heilt greitt å komme heim.
__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 15-10-2012, 22:02   #4
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
Default Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

Konklusjon
KLM frå små flyplassar i Noreg: Knallbra. Kjem direkte dit det skjer med greie fly. (Har aldri reist med F-70 eller F-100, men brasilianarane er supre). AF intra-europa: Grøss og gru. Glad eg ikkje skal det der kvar veke... Er det betre plass med til dømes LH, skal tru? Kan ikkje hugse det var så ille med Alitalia då eg reiste med dei heller. Transavia: Heilt ok. Faktisk veldig veldig mykje betre enn “fullservice” AF. Ti-femten cm meir beinplass er ein del meir verdt enn fem salte kringler og ein øl.

Heldigvis fekk eg ordna meg online check-in på turen heimover også; var auto-tildelt midtsete på begge dei to første strekningane. Veldig, veldig glad eg fekk valt det vekk.

Det er alltid kjekt å reise ut i verda, både nært og fjernt, men på jobbtur blir det ofte lite tid til turisting. Så det er litt begrensa kor mykje av landet/byen ein besøker ein får med seg, dessverre.

Og etter å ha lese ein del rapportar her inne, så ynskjer eg meg ein gang ein jobb som gjev meg lov til å reise på mindre kjipe billettar

Håpar at nokon fann dette interessant, tek gjerne imot tilbakemeldingar. Det vart kanskje litt mykje tekst.
__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 16-10-2012, 00:22   #5
Hickok
ScanFlyer Mile High Club
 
Join Date: Jan 2008
Location: Bergen, Norway
Posts: 8,735
Default Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

F-GFKV er en 1991 modell A320. F-GTAY er en 2010 modell A321. Det stemmer med andre ord at den siste AF-maskinen du fløy med er betydelig eldre enn den første.
Hickok is offline   Reply With Quote
Old 16-10-2012, 01:31   #6
Bacardi
Lurker
 
Bacardi's Avatar
 
Join Date: Oct 2010
Posts: 665
Default Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

Takk for fin rapport Da holder jeg meg unna intra-europa AF fremover. De er trang på internasjonalen og har jeg lest.
Bacardi is offline   Reply With Quote
Old 16-10-2012, 08:33   #7
O_K_
ScanFlyer Silver
 
Join Date: Aug 2008
Posts: 890
Default Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

En grunn til mye håndbagasje blandt pendlere kan nok også være at CDG må ha europas tregeste bagasjesystem. Var innom der i september, og da kom første koffert 50min etter at vi landet, og siste koffert kom 20min etter dette igjen. Dette var på dagtid uten veldig mye trafikk.
__________________
siden august 2007
O_K_ is offline   Reply With Quote
Old 16-10-2012, 12:14   #8
Scanflyer
ScanFlyer Blue
 
Scanflyer's Avatar
 
Join Date: Apr 2010
Location: Bodø/Oslo
Posts: 235
Default Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

Takk for en super rapport!
Også fint med litt nynorsk her inne.
__________________
Upcoming flights:
20.09:OSL-ARN-CPH (SK) 24.09:CPH-OSL (SK) 09.10:OSL-ARN (SK) 10.10:ARN-OSL (SK) 25.10:OSL-SVG (SK) 27:10: SVG-OSL (SK) 29:10:OSL-ARN (DY) 31:10:ARN-OSL (DY)
12.11:OSL-FRA-AMM (LH) 16.11:AMM-FRA-OSL (LH)
Scanflyer is offline   Reply With Quote
Old 16-10-2012, 19:52   #9
Bergern
ScanFlyer Dusty
 
Join Date: Mar 2012
Location: Bærum
Posts: 4,633
Default Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

Takker for glimrende rapport
og velplassert sarkasme
__________________
Jeg har ikke vært overalt, og det ser ut til å kunne ta litt tid
Bergern is offline   Reply With Quote
Old 16-10-2012, 19:53   #10
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
Default Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

Quote:
Originally Posted by Scanflyer View Post
Takk for en super rapport!
Også fint med litt nynorsk her inne.
Takk for det! :-) Og ja, AF var lite stas. Men har dei andre betre plass?
__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote
Old 16-10-2012, 20:42   #11
CaptainMorgan
AirBussjåfør
 
CaptainMorgan's Avatar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 414
Default Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

AirFrance er det desidert verste jeg har flydd, både på intra-europeisk og interkontinentalt. Trangt og jævlig! Veldig rart synes jeg egentlig, når KLM (deres søsterselskap) leverer et mye bedre produkt, både komfort- og servicemessig.
CaptainMorgan is offline   Reply With Quote
Old 18-10-2012, 14:10   #12
AirbusTrond
ScanFlyer Mile High Club
 
AirbusTrond's Avatar
 
Join Date: May 2006
Location: Gamlebyen, Oslo
Posts: 7,512
Default Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

Takk for herlig, nynorsk og artig rapport! Pizzaen så godt ut, grønnfargen er jeg helt enig om er stygg, og trangt så det ut noen steder.
AirbusTrond is offline   Reply With Quote
Old 18-10-2012, 20:34   #13
jb1
ScanFlyer Rusty
 
Join Date: Sep 2004
Location: Warsaw, Poland
Posts: 5,637
Default Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

Takk for fin rapport. Jeg tror det er litt "hit and miss" med AF i Europa. Jeg har stort sett vært fornøyd. Ellers er jeg ikke enig at det er bedre med KLM på economy på langdistanse. AF har bedre mat og seter, men jeg skal være enig at det er bedre i en KLM 777 enn i en AF 777, men AFs Airbus'er er bedre.
__________________
Upcoming flights:
JUN WAW-ARN LO E95, ARN-BRU SN 320, BRU-ATH A3 32N, ATH-CFU A3 321, CFU-ATH A3 321N, ATH-WAW A3 32N JUL BRU-ARN SK 32N

Last edited by jb1; 18-10-2012 at 20:37.
jb1 is offline   Reply With Quote
Old 24-11-2012, 15:35   #14
reiseportalen
travelling nerd
 
Join Date: Nov 2011
Posts: 101
Default Re: Bissniss midt i flyet til Napoli

Takk for flott reiserapport! Du skriver godt og har gode bilder.

---------------------------------
http://www.reiseportalen.blogspot.no/
reiseportalen is offline   Reply With Quote
Reply


Posting Rules
You may not post new threads
You may not post replies
You may not post attachments
You may not edit your posts

BB code is On
Smilies are On
[IMG] code is On
HTML code is Off

Forum Jump

Similar Threads
Thread Thread Starter Forum Replies Last Post
Konkurransesituasjonen til Midt-Østen og Asia Hypern Småprat 36 20-10-2019 23:23
Mr. Bissniss på sommerturné Blubird Flyforum 5 05-07-2008 13:20
Billigere å fly til New York enn til Midt-Norge Desk pilot Flyforum 5 01-11-2007 17:15
Oslo-Napoli EB Flyforum 5 23-07-2006 12:40


All times are GMT +2. The time now is 23:34.


Feedback Buttons provided by Advanced Post Thanks / Like (Lite) - vBulletin Mods & Addons Copyright © 2025 DragonByte Technologies Ltd.
Copyright Foreningen Flyprat, Scanair og bidragsytere. Enkelte ikoner fra Famfamfam CC-BY.