![]() |
|
![]() |
#1 |
Rakettforskar
![]() Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
|
![]()
I helga (i november ein gang) reiste eg til Ålesund-traktene for å treffe nokre kompisar og feire eit tidleg "julebord". Eg har aldri reist til Ålesund med fly før, og eg har heller aldri reist med ATR72 og SAS/Operated by JetTime, så difor kjem det ein kort rapport.
Eg våkna tidleg på fredag for å rekke bussen som går halv åtte heimanfrå. Då eg sjekka fly-status på SAS-appen stod det "Cancelled" i statusfeltet der ein kan trykke på sjekk-inn. "Oi oi, dette blir stress", tenkte eg. Eg måtte vente til sju for å ringe SAS (og traff også på den idiotiske sperra til Telenor som tvinger oss til å ringe det fem-sifra nummeret). Fekk førehaldsvis fort svar og snakka med ei svensk dame som ikkje kunne sjå noko feil. Eg hadde jo også sjekka internettet, og der var det heller ingen teikn til problem. For å vere sikker, ringde eg til Ålesund og snakka med ein veldig hjelpsam kar der, som heller ikkje hadde høyrt om problem. Maskina er på veg frå Bergen no, sa han. Godt å vite. Morgonen vart ein smule meir stressande enn vanleg, og eit par ting eg tenkte å ta med meg i kofferten vart gløymt. Men men. Dette bør SAS fixe, eg skal melde inn feilen. På forumet kom det fram at ein anna brukar også har sett denne feilen. Den grøne bussen min var i rute, og eg kom tidleg til eit flybusstopp. Første flybussen som kom forbi var Værnesekspressen, så då tenkte eg at eg kunne prøve den for første gang på mange år. Eg hadde lagt opp rikeleg med margin, så eg var tidleg på flyplassen. Av ein eller anna grunn (gammal vane, vil eg tru), gjekk eg til ein automat, skreiv ut boardingkort og bagasjelapp. Men vent! Eg skulle jo berre reise med handbagasje, for å vere sikker på å nå flybussen frå AES (unødig bekymring, viste det seg seinare). Det var lang kø med utanlandsk millitært personell i bemanna sjekking, så eg leverte inn bagasjetaggen til ei av damene i billettskranken og fekk eit smil og "takk for at du sa frå, dette skal eg fikse for deg". Sikkerheitskontroll gjekk fort, og så var det berre å fylgje med på ferda til OY-JZY frå Ålesund til Trondheim på wf.no, og flytte seg rundt i kabinen for å prøve å kapre ein to-setar for meg sjølv (så det printa boardingkortet hadde eg lite bruk for). SK4147 TRD-AES 1010, sete 15F Omtrent parkert Flyet kom inn på rute, og vi kom oss kjapt ombord. Dette flyet er i JT livery, og er slett ikkje det SAS reklamerar for; nye fine ATR-fly... JT livery Dette var ei skikkeleg skikkeleg skranglekasse. Praktisk nok; det var bagasjehyller bakerst, og trillekufferten vart kommandert dit av ei myndig dansk flyvertinne. Ganske slitent her... Seta var ikkje gode. Kanten på setet framfor var så låg at det var uråd å strekke ut føtene, sjølv om det var grei plass til knea. Greitt nok for 55 minutt, men heller ikkje meir. Tja... Ikkje særleg gode seter Mange seier at ATR er stillare og rolegare enn Dash-8, så eg var litt spent. Og hjelpe meg, det stemte _ikkje_. Eg angra veldig på at eg gløymde Bose på jobben... Det var eit lydnivå uten like. Eg sat rett bak motoren og fekk alt i fanget. I lufta skrangla det skikkeleg, og det var ei lavfrekvent rumling/risting i heile kabinen. Turen gjekk elles bra, eg fekk kaffi, las bok og såg på utsikta. Utsikt til gassanlegg på Møre ATR har ganske rar flaps (samanlikna med det vesle eg har sett før. Sikkert ein italiensk ide ![]() Vi landa litt før rute og då var det berre å gå ut og sjå om eg såg bussen. Eg hadde hatt god tid til å få ut bagasje også... Ringde til ein kompis som hadde komme med same maskin frå Bergen eit par timar tidlegare, trefte han, sette oss på flybussen og kom oss iveg. SK4146 AES-TRD 1610, sete 6A OY-JZH iflg. wf.no, JZG iflg. FR24, det er feil. Eg kan skimte JZH på eit av bilda eg tok. Etter ei bra helg i godt selskap, var det på tide å komme seg heim. ID-reisande kamerat hadde sett seg ut ei rute med rett farge på smilefjesa som førte til at vi måtte iveg ganske tidleg. Greitt nok det; vi åt burger og hadde det bra. Eg såg at flyet var litt forsinka frå Bergen, men på skjermane forsvann forsinkinga fort og det såg ut til at forsinkinga var jobba inn. Ny ankomsttid var 1722, 8 minutt før rute. Det viste seg å på ingen måte stemme; flyet kom 1745. Avgang var frå gate 1, ei gate med pre-boarding-area. Og der stod det lenge at det var eit fly til Oslo som skulle gå. Det vart endra rett før flyet vårt kom inn, men det var det jo ikkje alle som fekk med seg. Ein norsk passasjer fekk "feil pip" ved boarding og måtte snu; han skulle til Oslo. Mange andre gjekk ombord. Denne gangen var det ikkje mogleg å få seg ledig sidesete; nesten fullt fly iflg. setekartet. Betre! Mykje freshare her. Trur ny-fly-lukta sat i også. Vel ombord begynner "moroheitene". Ei ung dame set seg ned på setet framfor meg, og rett etterpå kjem flyvertinna i fylgje med ei anna som også ville sitte på 5A. Då viser det seg at ho som set der (utanlandsk, snakkar ikkje norsk) skal til London via Oslo. Korleis ho kom seg ombord i flyet kan ein lure på. Så ser det ut til at også ein passasjer til går av flyet. Så kjem bakkemannskap ombord to gangar med nokre minutt mellomrom og leitar etter ein fyr. Han finn dei ikkje (evt. så vil han ikkje gi seg til kjenne), og dei må begynne å laste av bagasje. Det går nesten 30 minutt før leitinga endar. Endeleg kjem vi oss avgårde. Og dette var ei anna oppleving. Flyet er nytt av året og dette virka som at det hang saman. Raka motsetningen til søkenflyet fredagen. Kabinen var lys og fin og det såg ut til at overhead bins er større. Null problem å få inn kofferten der. Det vart meir bok og etter ei sløyfe uti fjorden for å gi rom til ei landing og ein avgang såg det ut til, landa vi greitt. Det var overraskande lite turbulens, men vi fekk eit rykk rett før dei framme bestemt sette flyet ned. Ein ting eg la merke til er at brytninga i glasa gjere at det ser ut som om ein køyrer med kurs rett av rullebana. Det var nesten litt guffent. Knute på tråden! Ikkje lett å sjå det nye SK-liveryet på bildet i mørkret. Men fin maskin var det! Så var det berre å finne flytaxi (orka ikkje tanken på buss og søndags/kveldsruter) og komme seg heim. Rotet i Ålesund var litt merkeleg, så SAS leverte ikkje heilt. Men alt i alt ein grei tur med SAS/Operated by JetTime, i alle fall med den nye maskina.
__________________
none.... |
![]() |
![]() |
![]() |
#2 |
ScanFlyer Dusty
Join Date: Mar 2012
Location: Bærum
Posts: 4,633
|
![]()
Flott beskrivelse av hverdagens gleder og sorger.
Tusen takk for at du deler! ![]()
__________________
Jeg har ikke vært overalt, og det ser ut til å kunne ta litt tid |
![]() |
![]() |
![]() |
#3 |
ScanFlyer Dusty
![]() Join Date: Jan 2014
Location: GLA/EGPF
Posts: 4,661
|
![]()
Takk for en flott liten rapport
![]() Artig at du nevner flybussen ja, før var bussen satt opp i forhold til flyavgangene til fylket tok over, da det blei bestemt at den skulle gå på rutetider som kan virke noe mer tilfeldige. Nå har ikke jeg tatt flybussen der på lang tid, så jeg er litt på tynn is om opplegget fortsatt er slik.
__________________
Mine bilder på Flickr Mine bilder på Jetphotos Mine bilder på Air Team Images Min Youtubekanal Instagram: @rjaviation |
![]() |
![]() |
![]() |
#4 |
ScanFlyer Mile High Club
Join Date: May 2006
Location: Gamlebyen, Oslo
Posts: 7,512
|
![]()
Takk for fin og informativ rapport! Mange fine øyer hadde du fått med, også! :-)
|
![]() |
![]() |
![]() |
#5 |
ScanFlyer Dornier
Join Date: Feb 2007
Location: Lista
Posts: 451
|
![]()
Fin rapport, takk!
Har selv aldri fløyet med ATR - Godt du fikk den nye maskinen på returen. Husker hvertfall SAS sine Fokker 50 som behagelige fly i forhold til Widerøes Dash-8-300. Q400 synes jeg er grei å reise med, men unngår å sitte ved motoren - Mye vibrasjoner. |
![]() |
![]() |
![]() |
#6 |
Rakettforskar
![]() Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
|
![]()
Takk for kommentarar! Eg må jo seie at eg er litt subjektivt pro-Dash pga. kva desse betyr for småplassane, og der høyrer jo ristinga heime
![]() Skal eg prøve meg på rangering så er gammal-ATR mykje værre enn Dash-100/300. Ny-ATR og Q400 er meir gjamstilt. F50 var meget fine også ja!
__________________
none.... |
![]() |
![]() |
![]() |
#7 |
travelling nerd
Join Date: Nov 2011
Posts: 101
|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
#8 | |
ScanFlyer Gold
Join Date: Oct 2004
Location: Bergen
Posts: 1,625
|
![]() Quote:
|
|
![]() |
![]() |
![]() |
#9 |
EBD
Join Date: Feb 2014
Location: Kristiansand / Oslo
Posts: 991
|
![]()
Men erfaring sier at det er store forskjeller mellom nye og gamle ATR72..
Fløy ny fra cph til bll og det var en fryd sammenlignet med en dash 8, så en gammel Atr72 fra bll til osl. Det var antakeligvis det verste flyet jeg har vært i, støyet langt mer enn alle dash 8 som Widerøe opererer... |
![]() |
![]() |
![]() |
|
|
![]() |
||||
Thread | Thread Starter | Forum | Replies | Last Post |
jtg 583 9/12 | Jan | Register- og ATC-Forum | 0 | 08-12-2012 16:22 |
Turkish Airline skal fly charter for Detur til TRD, MOL, AES og OSL | Trdfly | Flyforum | 20 | 26-03-2011 18:36 |
SAS TRD-AES t/r | Paaljt | Register- og ATC-Forum | 6 | 15-04-2008 06:38 |
Pasientfly AES-TRD | Savipix | Flyforum | 9 | 02-09-2007 22:47 |
Nytt bekjentskap på BGO (og TRD,AES,SVG) for sommer 2007 | BU595 | Flyforum | 14 | 05-03-2007 23:00 |