Kanskje nokon kan hjelpe meg og synse rundt denne skal her.
Mandag etter den, for
SAS og fleire, "trivlege" påskeutfarten, reiste foreldra mine frå
TRD til
FDE via
OSL. Dei var booka på ei rute med 30 minutt connection på
OSL. Gjennomgåande billett, booka med wf.no. Flyet frå Trondheim vart noko over 20 min forsinka til avgang, og forsinkelsa auka nedover, så det landa 1736, som er 4 minutt før rutetid til WF mot
FDE. Flyet til
FDE reiste 4 minutt før si rute tid, altså samtidig med at flyet frå
TRD landa. Det var mao ikkje gjort noko forsøk på å redde den connection. Foreldra mine var på gate hos WF før flyet til
FRO gjekk klokka 1755 (rutetid 1800). Neste fly til
FDE var oppsett klokka 2215, og det vart ein halvtime forsinka det også. Matkupongar fekk dei av WF.
Dei vart mao over seks tima forsinka heim. Utløyser dette standarderstating? WF seier at det ikkje er deira problem at
SAS er forsinka (men dei kunne jo venta litt, så hadde i alle fall foreldra mine komme seg avgårde sjølv om bagasjen ikkje hadde rukke det?).
SAS har vel ein dugeleg back-log frå den helga, så eg har ikkje fått svar derifrå enno.
I prinsippet er eg litt motstandar frå desse refund.me-og liknande tenester, men det står jo om litt pengar dette, om denne forsinkelsa kjem inn under EU-forordninga.