Eg byggjer litt vidare på denne tråden - tenkte det var betre enn å laga ein ny ein..
Skal til Sveits i jula, og sjekka i går billetter frå Bergen til Zurich (over Oslo) den 20.12 og attende frå Geneve (over Stockholm) den 28.12. Gjekk eit fly frå Bergen kl. 08.30 til Oslo, og eit vidare frå Oslo kl. 11.00 slik at ein er i Zurich kl. 13.20. Prisen på gildet var knappe 2500,- i plus pr. px. Men når eg i dag skulle inn å booke billetten fanst ikkje fligthen lenger på sas.no/dk/se. Når eg logga inn og prøvde med bonusbilletter finst den likevel. Og gjennom Swiss (er codeshare som vert flydd av sas) fins den, men skamdyr og bare frå Oslo til Zurich, ikkje mogeleg frå Bergen. Medan på sas.no/dk/se fins flighten heller ikkje frå Oslo til Zurich denne dagen. Eg finn den i economy hjå Wideroe, men når eg tek premium extra vert den skamdyr (knappe 6000 pr. px).
Når eg ringte til Sas traff eg ein triveleg herremann som har prøvd å nøste opp i det heile. Men når han no ringte meg sist hadde han på sett og vis ei forklaring, samstundes som eg ikkje får det til å stemme. Han meinte at det låg ein regel i prisen (fare rule) som gjorde at ein ikkje kunne bestille
BGO-
OSL-
ZRH (altså starte i
BGO), og at det var difor den ikkje kom opp lenger (så eg såg den i eit svakt øyeblikk?).
Med tanke på swiss.com-sida kan eg skjønne dette, men kva då med sas.no/dk/se-sida kor den same flighten ikkje kjem opp når ein søker
OSL-
ZHR den same dagen heller?
Eg har p.t. bonusbillettar på turen då dette var lov, men har av uforklarlege grunnar mest lyst å betale turen då det i plus ikkje vart så dyrt uansett. Er det nokon som har nokon erfaring frå liknande situasjonar?