Om Norwegian faktisk kjem til å leggje ned/kutte i ruter som følgje av bonuspoeng skal eg ikkje seie noko om, men det er jo sjølvsagt at bonuspoeng har påverknad i val av flyselskap. Kvifor skulle selskapa ellers ha interesse av å innføre det?
Det er jo drøssevis av postar her inne på flyprat der folk anbefaler det og det selskapet/bookingklassen pga ekstra bonuspoeng. Då er det jo poenga du betaler for.
Dette er fair enough, men det blir jo då merkeleg og samstundes påstå at dette ikkje har ein innverknad. For Norwegian som stort sett kun konkurrerar på pris får dei auka konkurranse av
SAS når sistnemnde kan få eit ekstra kort å spele på. Om dette er greit eller ikkje er ein heilt fair diskusjon, men det verkar ikkje som om det er dette som faktisk blir diskutert.
Om innverknaden faktisk er stor nok til å påverke rutetilbodet aner eg ikkje. Eg registerer berre at i fleire og fleire bransjer kjem det slike medlemskort og kredittkort. Eg har sjølv både
SAS EB og Trumf Visa, sidan det ikkje kostar noko og det gir meg peng/poeng, men eg liker ikkje utviklinga at ein må betale meir (ikkje få cashback) om ein ikkje har kort innan den og den butikken. Eit jævla mas med alle desse korta