Re: Norwegian registrerer Dreamliner i Irland (splittet)
Litt på kanten av topic, men har siste veka snakka med folk i same "bransje" som meg, dvs. folk som er/skal begynne å jobbe som ingeniørar (master) innanfor elektronikk- og IT-bransjen, sånn omtrent. Desse har bakgrunn frå td. Spania, Portugal mm. Iflg. dei kan ein ingeniør med slik bakgrunn i Hellas rekne med ca €600 i begynnarlønn. I mnd... I Noreg er jo lønna borti 8 - 10x! I Spania kunne ein rekne med kanskje ein tusenlapp € meir enn i Hellas... (No er det kanskje litt forvirring rundt brutto og netto, men det spelar strengt tatt ikkje så stor rolle for det store bildet). Så, norsk lønsnivå er i ein anna dimensjon enn resten, og om dei andre kan brukast istadenfor "oss", så har ein jo ein ugunstig konkurransesituasjon... Med dette ville eg vise to ting: iflg. desse eg snakka med er mao. ikkje lønna som ingeniør (4-5 år utdanning ved universitet) særleg ulik det som har vore førespegla som løn for luftfartstilsette i/frå desse landa. Og dei som kjenner til korleis det då er å leve for dette i Spania til dømes, veit at dei må bu heime. Skilnaden, derimot, er at mobiliteten på ingeniørar av openbare grunnar er hakket dårlegare enn for CA, så det er enn så lenge ein greiare situasjon for oss i den bransjen. I tillegg er heimemarknaden stor. For dei som derimot hevar sjekken andre stadar i Europa, så er løn og andre ting samanliknbare i fleire bransjar. Trur eg.
__________________
none....
Last edited by roger; 06-06-2013 at 22:46.
|