View Single Post
Old 23-05-2013, 19:38   #5
roger
Rakettforskar
 
Join Date: Jan 2012
Location: Trondheim
Posts: 2,293
Default Re: Australia -Hovedtråd

Det er mykje å finne på. Eg fekk reist litt rundt då eg studerte i Brisbane. Kjenner kun til delar av austkysten. (Og for å ha sagt det; Brisbane er ikkje rare attraksjonen ). Surfers paradise (det held med ein halv dag). Byron Bay: meeeget fint og laid-back, iallefall i si tid... Stradbroke Island og/eller Fraiser Island: lite folk, fine strender, moglegheit til turar/camping/4WD-køyring mm. Elles vil eg definitivt anbefale Great Barrier Reef, ein eller anna stad på kysten. Det er ikkje så dumt å bli med på båttur nokre dagar der. Dykke/snorkle/nyte livet. Det er fleire kategoriar båtar der: party-båtar, gamle konkurransehavseglarar med ditto dårleg plass og meir behaglege båtar. Eg hadde iallefall ein fantastisk tur der!

Elles å har du jo moglegheit til å oppleve mange typar klima på turen (ikkje heilt sikker på korleis veiret er i november), vått og tropisk nordpå, varmt på midten og kaldt i sør, vil eg tru.

Australia er eit land eg gjerne reiser tilbake til. Berre lurer på kva eg skal velge vekk...
__________________
none....
roger is offline   Reply With Quote