Thread: Endeleg First!
View Single Post
Old 07-12-2012, 14:28   #13
AndersE
ScanFlyer Blue
 
Join Date: Aug 2009
Posts: 111
Default Re: Endeleg First!



Denne blei annonsert til oppsatt tid, og eg gjekk den korte vegen mot gaten. Prioriteringa var så-som-så, men det gjekk uansett kjapt. Det var ei deilig kjensle å vise fram BP’et mitt med 2D til kabinsjefen, som viste meg inn til venstre. På veg igjennom den vesle businesskabinen måtte eg vente i sikkert tre sekund på at ein eller anna business-gjøk sto med den feite ræva si og sperra midtgangen. Eg sette opp ei utålmodig mine, og han skvatt raskt ned i setet sitt når han skjønte kva han var i ferd med å gjere. (Disclaimer i tilfelle: ironi)



Eg hadde midtgangssete, alle vindaugsseta var tatt når eg fekk oppgradert. Det gjorde vel egentlig ingenting, sidan det var mørkt stort sett heile tida.

Setet har vel dei fleste sett her inne. Det er det gamle F-setet som står i 340’ane til Swiss. Eg skulle jo gjerne ha prøvd den nye F, men dette var framleis meir enn godt nok. Setet var rett og slett veldig behageleg, og saman med ottomanen sat eg svært behageleg.



Ho som serverte F kom kjapt og lurte på om eg ville ha noko å drikke, og det ville eg. Eg antar det var Laurent-Perrier.





Dei kom også med ein liten teaser, noko kjøtt-basert. Veldig smakfullt.

Eg sjekka så ut amenity kit’et, som var greitt men langt frå overveldande.

Flytida var berekna til 10 timar og ti minutt. Sidan vi ikkje fekk lande før 0605 i Zurich, venta ein dermed med pushback til rundt 20 minutt etter oppsett tid. Ingen fare, meir champagne på meg. Kabinsjefen kom også innom, og ba meg seie ifrå om alle behov eg måtte ha. Ho lurte også på korleis navnet mitt skulle uttalast, forståeleg nok sidan begge etternavna mine var slått saman til eitt på lista hennar. Ho poengterte også at dei var obs på mi vidareforbindelse.

Fin takeoff frå O.R. Tambo, og ganske snart starta serveringa. Eg rakk å bytte dongeribuksa med den veldig romslige buksa til pyjamasen som vi fekk utdelt. (Eg blei usikker på om den var mogleg å ta med heim? Hadde vore eit fint minne, men eg turte ikkje å spørje).

Menyar:









Bordet blei dekka, bestilling på hovudrett tatt, og snart kom eit glas med noko raudt frå Bordeaux foran meg.







Eg valde spekemat som ”hovedforrett”, og la på eit par bitar basilikum-laks på toppen.





Kjøtet var veldig godt, laksen ikkje så bra (no er eg heller ikkje noko fiskeelskar).


Kabindama (som kanskje var i siste halvdel av 50-åra), lurte på om eg ville ha noko suppe. Sidan ho var så hyggjeleg, heilt topp heile flighten igjennom på same vis som hennar mannlige kollega, takka eg ja.



Det var ei purre- og potetsuppe, men smaken var så mild at eg knapt kjente noko som helst. Men den såg no litt stilig ut.

Eg tok biffen til hovudrett, blant anna med gresskar til følgje. Den var heilt fin, utan at eg kan sei eg blei slått i bakken av den.



Og om det er ein veldig stor forskjell mellom den eg fikk på biz veka før og den på F, så må eg berre legge meg flat. Eg merka ikkje nokon store skilnader.

Etter at den var fortært, måtte eg ha ei pause. Ba om 20 minutts kvile, noko CA’en innvilga. Pausa gjekk med til å sjekke litt IFE, som de veit ikkje er det raffaste i F-kabinane rundt om. Skjermen er sånn passe, og utvalget var sånn passe. Same filmane som på veg ned, og etter å ha sett Batman på forrige tur, prøvde eg meg på Lincoln-filmen og ei komedie, som eg begge droppa etter å ha gitt dei ein fair sjans.


Etter kvart kunne eg våge meg på avslutninga av måltidet, og eg ba om ostefatet. Eg ville prøve alt, og vart ikkje skuffa. Her var det mykje gode ostar, og bra tilbehør. Eg heldt meg til den same raudvinen også her.



Etterpå gjekk eg direkte vidare til desserten, og nøya meg med ein kaffi til denne. Heilt grei sjokolade-brownie/pudding, og friske bær.



På dette tidspunktet var fleire av dei andre i F(det var heilt fullt) i ferd med å starte nattrutinene. Dei fleste var 50-60 år, og eg tippar det var to ektepar, ein bussinessmann, og to kompisar som også hadde oppgradert (dei virka så øsne dei også).

Eg hadde ikkje tankar om å forlate denne verda når eg først hadde komt meg innom, og fann fram PCen for å sjå meir Breaking Bad. Batteriet blødde imidlertid hardt, og eg fekk ikkje pressa kontakten inn i støpselet. Då var det berre å plinge, og etter kort tid hadde eg fått både adapter og meir raudvin.

Pyjamas:


Slik satt eg vel eit par timar, med stolen i ”lounge-mode”, og fekk kjappe påfyll når eg plinga. Ved 2-tida om natta var eg likevel fornøgd, og ba om å få redd opp senga. Der sovna eg nesten umiddelbart, og det neste eg hugsar var at lysa var på og at vi hadde 40 minutt igjen til landing.



CA’en sa dei hadde prøvd å vekke meg utan å lukkast, og det var eigentleg heilt fair. Så etter å ha skifta til ”sivil” igjen, sat eg og slumra inn mot landing.

Vi parkerte på D-piren (er eg ganske sikker på), og der var det ny tryggleikskontroll og passkontroll. Det var eg ikkje forberedt på, og hadde droppa foresgla pose på den eine kremen eg kjøpte i JNB. Så den rauk.

Eg hadde 45 minutt til neste flight, så eg starta på den ganske lange spaserturen til heilt ytterst på A-piren. Eg var blant dei siste om bord, og sat med i 2A for å sove.

Eg takk nei til mat og anna servering, bortsett frå litt vatn. Det var heller ikkje noko krefter att til å ta bilder av denne turen, men de har nok sett det meste herifrå før.

Vi landa på tid i Oslo, og etter å ha handla litt i Taxfree’en og fått bagasjen etter noko ventetid, var det flytog og taxi heim.

For å oppsummere: Eg er veldig godt nøgd. Business hos Swiss er, som alle andre skriv her inne, veldig bra. Eg var kanskje noko uheldig med ”min” kabinfyr, men det får gå.
First var endå betre, sjølvsagt. Det hadde nok vore endå eit hakk betre med ny kabin, men som fyrstegongsoppleving av First kan eg ikkje seie anna enn at det levde opp til forventningane. Fyrst og fremst i mat- og serviceveien. Setet var godt nok, men det finns nok betre der ute. Og når eg skal svi av poeng neste gong (sikkert med Lufthansa), blir det jo ei meir komplett oppleving der eg får lagt inn tid til skikkelege F-loungar og -terminalar. Og om South African greier å kreditere meg dei siste poenga, passerer eg også gullkravet for neste år.

Men no kan eg i alle fall krysse av for å ha flydd F med eit bra selskap!

Takk for no.

Last edited by AndersE; 07-12-2012 at 14:40.
AndersE is offline   Reply With Quote