Eg har sjølv flydd
OSL -
FRA -
DXB, og returen var relativt seig for min smak, med avgong kl 01.30 (eller noko liknande), og såpass kort tur at eg ikkje fekk særleg blund på auga.
Men turen ned er bra (dagflight), og eg ser på Lufthansa sine sider at ein kan fly heim via
MUC, og då går flyet frå Dubai kl 07.20. Det er vel ikkje så ille? (Er ein effektiv kan ein sove til kl 0500 på morgonen i såfall før ein reiser til flyplassen)
Eg har riktignok ikkje barn, så eg veit ikkje korleis ei slik rute vil funke i så tilfelle