View Single Post
Old 25-03-2012, 19:42   #1
zico77
Developer
 
zico77's Avatar
 
Join Date: May 2006
Location: Stavanger, Norway
Posts: 1,954
Default Stavanger-London-Ottawa-St.John's-Halifax-London-Stavanger (Air Canada)

Oppdrag: Holde kurs i St. John's i Canada.

-Eg tok dessverre ikkje bryet med å dra med eit kamera, så bilda er tekne med min gode venn iPhone.

Følgande rute blei satt opp:
Stavanger-London-Ottawa-St. John's-Montreal-London-Stavanger, som seinare skulle endre seg til den endelige reisa
Stavanger - London Heathrow - Ottawa - St.John's - Halifax - London Heathrow - Stavanger.



Mandag 19. mars 2012
* Stavanger - London Heathrow (SK4629, B737, LN-TUM)
Klasse: Business, sete 3F


Ein mandags morgon på Sola International Airport.

Flyet til London har avgang kl 0910, så eg valgte å stille opp i god tid, ettersom rushtrafikken i Stavanger om morgonen vil vera jamstilt med å vinne i lotto kontra komme presis. Det blei med andre ord god tid til å ta seg ein kopp kaffi. Det var bra belegg på dei flightane som var satt opp til å gå i dette tidsrommet -Sas til Aberdeen, Norwegian til Warzawa, og min avgang til LHR, så folksomt var det i lokalet.
Det skulle starte å bli litt varmt i trøya, for det såg ut for at me var i ferd med å bli forseinka ut frå gate, men tross avgang litt for seint, blei det ikkje problematisk å rekke den neste avgangen på terminal 3 på Heathrow.

Sas frokost


Sas frokostservering var rett så god foran gardina. Det var ein varm frokost, med varme rundstykker attåt.

På vei til London


Rask spotting ved ankomst LHR


Ved ankomst LHR, var det gjennom ny sikkerhetssjekk, før eg tok turen inn i Sas-loungen og tok meg litt meir kaffi og bladde litt gjennom nettet, før eg tok

Mandag 19. mars 2012
* London Heathrow - Ottawa (AC889, B763ER, C-GSCA)
Klasse: Executive First, sete 8A

Eg tusla frå Sas-loungen til gate, der det var å vise pass og boardingkort. Dernest var det litt venting i pre-boardområdet før dei slapp små barn og dei som trengte ekstra tid ombord, dernest oss i den framre kabinen. Eg fann plassen min, venstre side, bakerst i First Excutive-kabinen. Igrunn ein perfekt plassering, ettersom ingen kom bakfrå for å gå på toalettet, einaste som passerte var crew med servering. Dette var ein dag-flight, så eg valgte å benytte meg av menyen.... Eg kunne også tenkt meg å brukt media-anlegget, noko som skulle vise seg å bli ein kjedelig affære. Mitt sete hadde eit kaputt anlegg, sjølv etter ein reboot, var det likefullt ubrukelig skjermbilde. Crew gav meg eit kompensasjonskort, der eg måtte online for å kreve oppreisinga -her blei det snakk om 5 % avslag på neste billettkjøp av Air Canada. Vanskelig å sei når det blir, så ikkje så rare kompensasjonen . Jaja, eg brukte naturligvis laptopen i halvannen time før batteriet tok slutt. Ettersom min gode laptop har ein så formidabel strømforsyning, klarte ikkje engeriforsyninga på plassen min å holde batteriet ved like -og sjølvsagt er batteriet mitt forsegla med ei sikring, slik at det ikkje var råd å vippe ut batteriet -så, eg satt tilslutt att med med gode venn iPhone og dens musikkbibliotek.

Looking good


Valget fallt på kylling


Eg er nok ingen vinkjenner, så eg valgte å bla forbi vinkartet, og satte like godt tenna anna kald drikke


-blant anna frå barkartet


Ein frisk GT for å begrave skuffelsen over at AVOD streika


Forrett


Hovudrett


Dessert med kaffi og avec


Lett måltid før ankomst


På vei inn mot Ottawa


Ved ankomst Ottawa, skulle eg bli meir svett enn eg hadde ønske om. Først var det ein lengre opphold i immigrasjonen, som ikkje heilt kunne sjå mitt legale ærrend i jobbsamanhang -men det ordna seg til slutt. Det var dog ikkje bare kryssforhøyret her og varmen i Ottawa som skulle gi meg trøbbel -men det var eit mareritt å skaffe seg kontanter. Den eine etter den andre minibankautomaten spytta ut korta mine (prøvde 3 forskjellige) og utan kontanter. Eg måtte faktisk ut av sikker sone igjen, for å leite etter andre automater. Den 4. automaten gav meg omsider det eg ønska meg av kontanter -så på grunn av denne grufulle jakten på cash, utgjekk eit ønska opphold i Air Canada's lounge på Ottawa. Igrunn skuffande, men eg måtte gi meg til gate når eg omsider hadde pengane i henda, for å rekke min siste flight på vei til St. John's (YYT).

Mandag 19. mars 2012
* Ottawa - St. John's (AC192, Embraer 190, reg: ukjent)
Klasse: Executive First, sete 3F

Etter å ha reist mange timer, og flytta klokka 5 timer fram, og no skulle flytta klokka 1.5 timer tilbake -så nærma det seg etterkvart 17 timar reise, og mørkt var det også ute. Underveis fekk me servert eit varmt måltid, der valget mitt falt på ein god og hard biff. Eit greit måltid, men etter siste bit, var det ikkje mykje krefter att til å studere flyet og reisa, så her falt eg vel meir eller mindre i søvn resten av turen. Me landa litt forsinka, men ikkje nevneverdig. Kom meg greit til hotellet med ein lokal drosjesjåfør som kjørde som om han hadde Godzilla i hælane. Fekk sjekka inn på Sheraton, og kjente at jetlaget hadde nådd meg. Det var då eg kom meg i seng, og fekk kvilt meg før tirsdagens forestilling skulle starte

St. John's


__________________
Håvard
Mine bilder på Airpics


Last edited by zico77; 25-03-2012 at 19:54.
zico77 is offline   Reply With Quote