Namn: Roger
Sivilstand: Sambuar og har ein liten ein på fire mnd som alt har sove seg gjennom fleire turar med både DY, SK og WF
Alder: 31
Nasjonalitet: Norsk
Bor: Trondheim
Språk: Norsk, engelsk
Utdanning: Sivilingeniør, elektronikk og radiokommunikasjon
Yrke: "Rakettforskar". Bygger ein liten dings som skal flyge i bane rundt jorda, høgare og fortare enn fly!
Reisedøgn: 20 - 30
Nærmaste flyplass:
TRD
Flyinteresse sidan: Då vi aldri hadde tid til å køyre oppom
FDE for å sjå på fly då eg var liten. Reelt sett sidan millitæret i 1999
Favorittfly: DHC-8
Favorittreisemål: Noreg, USA og det meste "vestleg". Vil tilbake til OZ og NZ ein gang
Kamera: Cannon (billeg systemkamera og eit fint kompaktkamera)
Andre interesser: Teknikk, vitskap, jakt, friluftsliv, hytteliv mm
Er frå bygda og hadde alltid lyst opp på
FDE for å sjå på fly når me køyrde forbi. Men det skjedde aldri. Første flytur var
FDE -
OSL med WF hausten '99 for å reise til
BDU i millitæret. Vart Silver både SK og BU i løpet av den hausten... Er litt nostalgisk av meg, så eg saknar BU "endelig fredag" med burger og deira samarbeid med Arne Brimi. Har reist i Sagaclass med Iceland Air ein gang "ved en inkurie", det kjem eg til å hugse lenge. Ynskjer meg etterkvart ein jobb der reisepolicy er annanleis enn der eg er no. Har reist med Sas, Braathens, WF, Qantas, Iceland Air, Ryanair, Alitalia, LH, KLM, Air France, JetStar, Continental, Delta, Virgin Blue og meir.
To flyturar eg hugsar: Vinteren '99/'00. Handballmesterskap, Noreg mot Frankrike. På veg til
BDU via
TOS (om eg hugsar rett) med
SAS Commuter i F-50 og mjølkerute. Cockpit leikar sportsreporter og oppdaterer heile vegen. Stor stemning i kabinen då vi vann! Sommaren '09:
YZF til Norwegian Lake med Twin Otter sjøfly frå Arctic Sunwest. Skulle på tre veker padletur. Sterkt!