Okay, eg fann eit strømuttak her på Flesland, og kan likegodt skrive ferdig medan eg ventar på flyet mitt.
FLIGHT 4: AK804, A321
KUL -
KBV
12.des 2011 13:30
Denne flighten var den einaste med eit lavprisselskap, men sidan Air Asia har vunnet så mange priser, så rekna eg med at det var ganske greit likevel. Etter turen vil seie både ja og nei på det.
For det første, så ser lavpristerminalen ut som eit skur, men det er forsåvidt greit. Det som var verre, var at det var knapt mogleg å få auge på innsjekkingsautomatane. Men vi fekk no det til på eit vis, og kunne stille oss i bag-drop. Eit navn som ikkje heilt står til virkeligheten, for det er ikkje berre å "droppe bagen", for dei tre-fire personane foran i køa klarte iallefall å bruke gode 20-30 minutt før vi fekk "droppa vår bag".
Men herifrå og inn var det ein positiv opplevelse. Vi kom raskt igjennom sikkerhetskontroll, boarding gjekk kjapt, og flyet var bortimot heilt nytt. Så då gjekk det greit at vi var 15 minutt etter skjema ut frå
KUL. Denne tida tok vi derimot igjen i lufta, og vi landa på
KVB på tida. I tillegg var fekk vi på denne flighten faktisk utdeling immigrasjonskort, og dermed gjekk immigrasjonen på flyplassen i Krabi som ein leik. Vi kunne i tillegg smile litt av ein spanjol som var litt stressa over at han fekk lov til å vere i landet i 30 dagar når han jo berre skulle vere der i tolv!
FLIGHT 5: TG246, A300-600
KBV -
BKK
19.des 2011 16:00
Etter å ha tatt ein taxi som såg ut som om den kom rett ifrå "Fast and the Furious", ankom vi flyplassen, og kunne sjekke inn på flyet til Bangkok. Saman med Airbus A330 og Boeing 777, var dette det tredje nye bekjentskapet for min del på denne turen, som eg såg på som ein fin bonus på toppen av ein flott ferie. Madamen såg ikkje heilt kvifor dette skulle vere så spesielt men men.
Uansett, vi kom oss ombord på flyet, som hadde farger som enkelte nok kan vere litt skeptiske til, men eg må innrømme at eg har sanser for designet som Thai Airways har gått for. Flighten gjekk utan problem. Vi fekk ein sandwich, og flyet måtte ta ein liten strafferunde pga stor trafikk rundt
BKK. Men sidan vi hadde mange timer å slå ihel før siste flight heim, så gjorde det meg ingenting å snurre litt rundt oppe i lufta.
FLIGHT 6: QR609, 777-300ER
BKK -
DOH
20.des 2011 02:00
Som sagt, så var det god tid mellom avgongane i Bangkok, sidan vi ikkje hadde ein beskytta overgang. Men flyplassen i Bangkok er stor og moderne, så vi fekk tida til å gå med å ete litt, lese litt og bruke opp det som var igjen av baht på tax-free (den siste aktiviteten var det dama som var flinkast på

)
Omsider bikka klokka 01:00, og vi kunne boarde flyet som skulle ta oss ut på første etappe av heimreisa. Det klarte QR609 med bravur. Igjen hyggelege CA, god mat i form av ein småsterkt indisk vegetarrett (denne gongen våkna eg) og ein god blund på auget gjorde at vi rimeleg raskt var framme i Doha, og kunne begynne på same prosedyre som på utreise.
FLIGHT 7: QR953, A330-300
DOH -
OSL
20.des 2011 08:00
Vi ankom Doha rundt 05:15, og hadde dermed omkring to timar til boarding. Etter ei natt i Y på eit fly, er ein ikkje veldig frisk og rask, så desse to timane vart tilbrakt i ein stol.
Klokka sju på morgonen rusla vi bort til gate, og vart bussa ut til flyet som skulle ta oss til Oslo. Dette flyet var, som det første på heile turen, relativt tomt (kanskje halvfullt i økonomi), og det gjorde at det var ledige seter både bak oss og på sida av oss. Det kunne vi ikkje klage over, skjønt eg håper jo at QR tener pengar på Oslo-ruta, sidan denne er meget gunstig for turar til Asia og Australia etter mi meining.
Uansett, vi tok av, spiste ein rett som var rimeleg lik retten på QR609, og tilbrakte resten av tida med å sjå eit par filmar kombinert med å duppe av innimellom.
Fram kom vi på tida, og etter å ha kome igjennom passkontrollen, kunne vi igjen sette beina på norsk jord. Dog hadde tydelegvis Gardermoen bestemt seg for å gjere denne prosessen litt raskare, med å sette igong brannalarmen når vi kom til bagasjebandet. Så då var det ikkje mykje anna å gjere enn å rusle ut av bygget. I det same sekund som vi forlot ankomsthallen, var alarmen over, og vi kunne få stille oss opp i kø for å kome inn igjen for å hente bagasjen. Skjønt, ein slik liten bagatell øydela ikkje for det som må seiast å vere ein kjempeflott tur!