Dette er nok ei reise ganske mange her på forumet har tatt, men eg skreiv ein TR likevel.
Ein jobbtur gjorde at eg skulle til Chicago i juni, og saman med ein kollega vart det bestilt billettar i economy extra via København. Eg har aldri før prøvd Optiontown, men etter å ha lest mykje god info om det her på forumet, prøvde eg og kollegaen oss. Etter ein månad med notorisk sjekking på Expertflyer (og stadig nye femdagers prøveperiodar med stadig meir kreative brukarnamn og mailadresser) kom mailen som gratulerte oss med oppgradering på utreisa tre dagar før avreise. Lukka var stor, og no skulle reisa nytast til det fulle.
17. Juni
OSL-
CPH, SK1467, LN-
TUL, 737-700, sete 1F
CPH-
ORD, SK943, LN-RKG, 340-300, sete 1A
Vi møtte opp to timar før avreise på
OSL, og fekk levert alt. Riktignok spurte ho i skranken om fyrste overnattingsadresse, men etter å ha påpeika at eg hadde oppgitt den to gongar per telefon allereie, fann ho den til slutt i det "o store systemet".
Fast track har nok aldri hatt mindre kø (sidan den var ikkje-eksisterande), og etter å ha hamstra snus bar det opp i Scandinavian Lounge. Deilig med litt mat og øl, sjølv om det verkar som enkelte tykkjer det er hyggjeleg å snakke høgt og støyande i telefon der inne.
Vi bevegde oss etterkvart vidare, og boarda frå gate 46. Det verka som flyet var heilt fullt. Push back blei ti minutt etter oppsett tid, utan at vi fekk hetetokter av den grunn. Ein begredeleg pasta- og roastbiffsalat vart server. Ei øl og ein kaffi vart høgdepunktet på denne turen. Det var noko antydning til risting på veg opp, men turen gjekk nedover langs svenskekysten i 30 000 fot I fin stil. Etter det eg forstod, landa vi frå nord, på ei rullebane eg ikkje ein gong er i nærleiken av å lunne identifisere.
Det vart remote parking i
CPH på D4, og vi kom oss ganske kjapt til Scandinavian Lounge også her.
Dette var mitt fyrste besøk her, og det var absolutt gledeleg. Ganske mykje folk der ein fredags ettermiddag, men vi sat oss ved vinduet som vendar mot avgangshallen. Mat-, øl- og Gammel Dansk-utvalet var meget tilfredsstillande. Det samme var 340-modellen som er utstilt, den skal byttast ut med sofaen i stova heime, om kona går med på dét.
Passkontrollen var vi redde kom til å bli krevjande, men det viste seg at køa besto av asiatar som nok skulle med Tokyo-flighten som gjekk samstundes som vår. Vi gjekk igjennom EEA-linja på to minutt, og var klare ved gate C28 i god tid.
Vi blei gratulert av den eine gaterepresentanten, som var imponert over visumet vårt - som visst vara i fem år. Det burde vere nok for vårt vekesopphald, tenkte vi, og sat oss rett ved brua. Dei priveligerte, som vi var etter Optiontown-Jesus si hjelp, fekk gå ombord fyrst, og vi fann 1 A og B.
Der fekk vi heldigvis champagne, men inga hjelp med jakkene, og ei heller tiltale ved namn. Men men, det overlever eg.
Business var heilt full, sjølv om det på Expertflyer tre dagar før såg ut til å vere veldig tomt. Det er kanskje slik det skal vere? Ein tur bakover i kabinen indikerte også stappfullt fly. Vi pusha 20 minutt etter tid, på grunn av ein laste-lift-som hadde sagt takk for seg og måtte bli skifta med ein ny. Avgangen var mot sør, og etter ei lita runde gjekk det over Jylland, sør for Kristiansand og cirka over Stavanger.
Maten kom så, med ein stilig meny og enda stiligare
SAS-kokkar. Eg valde lam til hovudrett, og hadde store forhåpningar. Forretten kom, grundig plastinnpakka, med ein daud salat og eit slags kjøt eg ikkje forsto poenget med. Så kom lammet med couscous, og det var ikkje så veldig interessant det heller. Mykje feitt og lite smak er vel opsummeringa. Pinot Noiren som følgde med var hovedattraksjonen. Desserten var ei heilt ok kake, og kaffi og konjakk runda av det heile.
Eg meinar matserveringa til
SAS var veldig mediocer, i alle fall sammanligna med mitt (noko spinkle) samanlikningsgrunnlag, som er fire flightar med Thai i business.
Etter litt TR-skriving gjekk eg over til å sjå film og leske ganen. Utvalet syns eg er bra, men skjermane (i alle fall på fyrste rad) er, som mange andre her har påpeika, langt under standard. Det vart også spanande å teste headsettet til
SAS, sidan det sat ein amerikanar på 1D som snokra som eit drag race (han greidde også å sovne før take off, så han var proff).
Turen gjekk fort over Island, tuppen av Grønland og Canada. Frukost vart servert, eit smørbrd som eg hadde gleda meg til. Eg vart dessverre skuffa, men det kan ha hatt noko med tida på døgnet å gjere. Den siste tida gjekk med til å følgje med på skjerm og vindu, før vi landa veldig greit på O’Hare, og taksa ein veldig kort tur.
Vi kom oss godt fram I køa til immigration, og det vanskelegaste spørsmålet eg fekk der, var om eg hadde ein eller annan allergi. Årsaken var snusleppa, som officeren tydelegvis ikkje var van med.
Bagasjen kom kjapt og greit, og vi tok ein taxi inn til South Loop Hotel, som låg litt sør for dei mest hektiske gatene i byen.
Bilder frå Chicago