Lørdagen tok me tidleg ut -me forlot hotellet kl 9 for å ta turen opp til Corcovado for å sjå på Jesusstatuen, "Christ the redeemer". Eit must når ein er i Rio. Anbefaler faktisk å reise ut enno tidlegare, kl 8, for me kom like før det blei trangt av turistar. Me brukte omlag 2 timar, hadde me kome litt seinare, kunne det fort blitt 4....
Statuen
...til å begynne med var eg litt usikker på kva det var som var den "høgaste".... men eg fant vel det og ut....
Usikt mot Ipanema
Utsikt mot Copacabana
Utsikt "mot nord" eller "til venstre for Copacabana -"Sukkertoppen" til høgre i bildet
Resten av lørdagen brukte me på avslapping med bassenget på taket av hotellet, samt ein tur på strandpromenaden på Copacabana.
Søndag var avreisedag, Rio til Fortaleza. Reisa gjekk med
TAM, JJ-3307, nok eit nytt selskap på lista. Gate 23 på
GIG, A320, PR-
MBJ.
GIG frå lufta
Det blei servert ein blings og valgfri drikke. Slo til med øl, av type Skol. Maten var tørr, og overhodet ikkje noko høydare. Ellers ei heilt ok reise. Det meste gjekk på portugisisk, men me fekk nokre setningar oversatt til engelsk ;-) Dei neste 4 halve vekene var solferie, med god mat og drikke.
Vårt feriemål
Kveldsutsikt
Utforsking av tropisk drikke
Stort og billig utvalg av tropisk frukt -ein skikkelig høydare!
Heimreisa starta ut med setebytter, som viste seg å skuldast eit flybytte, frå
TAP A330 til euroAtlantic B763ER, CS-
TLO.
Setevalget 16H blei til 27G. Setene ombord her var igrunn langt bedre enn i
TAP's A330, så tross 2.5 timar kortare reise frå
FOR-
LIS enn
LIS-
GIG, så blei det likevel meir søvn og mindre tre-smak. Avreise 0140, vel 20 minutt etter skjema, og landa 1145 i
LIS, 25 min bak skjema, men ein rask transit og like over på CS-TNQ, A320 for tur til
OSL.
I Oslo oppdaga me at bagasjen tydlegvis ikkje var blitt lasta i
LIS, og det gjalt alle som kom frå
FOR. Ein laaang kø hos Menzies for registrering, og hurtig gange/lett jogg opp på security etterpå, samt jogg til gate 18 for LN-
RNO til siste stopp, og heime -
TRD. Me rakk det, tross bagasjetullet, og skikkelig sniking i sikkerhetskontrollen. Bagasjen ankom 2 dagar seinare, litt amputert -eine kofferten hadde fått seg ein smell, med ei god flenge i toppen, korpå refusjon må ettersøkast, samt ei bagasjestropp som mangla på kolli nummer to. Det var uansett ein flott 3 vekers ferie i Brasil, og greie flyreiser.
Brasil blir nok sikkert å finne på våre kommande reisemål også.
Takk for denne gong